Eg vil bruke innlegget i dag til å TAKKE alle som les bloggen min! Eg hadde ikkje hatt energi og lyst til å fortsetje blogginga, utan at folk leste han; og likte han. Eg har fått 18 følgjarar, og har ca. 100 treff her for dag. Det er no ingenting i forhald til andre; men eg er retteleg nøgd! Det kjekkaste er at fleire har byrja å leggje att kommentarar. Kjekke, koselege ord, som varmar i minneverdige novemberdagar. For eg trur at dette er noko eg vil ta med meg vidare i livet, minna om den gang då eg byrja å blogge... Til alle dokke som berre vil lese, så er det heilt greit også. Men eg er no litt nysgjerrig på kven dokke er? Hadde ein teljar på kva land som hadde vore innom, som eg greide å slette her ein dag. Men nesten 40 land var representert på lista, på litt over ein månad! Det hadde eg aldri trudd? Korleis fann dei lille meg i Norge?
Thank you for reading my blogg!
I dag hadde eg tenkt ut eit fole fint innlegg, men det er så mørkt og grått ute, at eg må utsetje det til neste soldag! Eg laga adventspynt i går, og tenkte at eg skulle ta nokre spesielle bilder av han. Men; no gjev eg deg heller nokre nærbilder, så kan du no lure på kva det er ;) Fortsettelse fylgjer!
Ha ein aldeles strålande laurdag, med inne eller utevèr! :)
