Av og til slår livet beina under deg. Du ligg der og ser opp mot himmelen, og lurer... Kva gjorde eg feil? Eg har tenkt mykje denne veka, og streva med smerter igjen. Kanskje er det ei meining med det? Kanskje skal ein møte motstand, for å huske kvar styrken kjem ifrå? For min del er det frå alt eg elskar å gjere. Alt som får meg glad, og som gjev bobler av lukke inni magen ein stad. Og frå gode ord og klemmar frå dei eg har rundt meg. Tusen takk for alle kommentarane på siste innlegget! Dei varma enormt, meir enn dokke kanskje anar. Eg har lest alle om og om igjen. Der var også fleire flotte awardar til meg innimellom. Eg veit. Og eg kjem sterkare tilbake. Eg LOVAR! Og kanskje orkar eg å plukke opp fotoapparatet og laga eit skikkeleg Elin-innlegg igjen snart. Enn så lenge, her er klatrehjelmen min! Fungerar som ein knagg inni hjerna mi, for alt eg skal hengje opp der av forventningar og skrekkblanda fryd. For denne jenta gir ikkje opp. Sånn er det med den saken. Eg vil føle vinden i ansiktet, skrekken i magen og lukka inne i meg når eg står oppe på toppen av fjellnåla i juli. Og sjølvsagt skal eg dele det med alle som vil følgje med!
Ynskjer alle der ute ei flott helg!
Grip dagen, og sjå alt det vakre du har rundt deg!