I alle dagar... Først fann eg pakke i postkassa frå
Idun. Eg har visst vunne hennar påske-giveaway?
4 nydelege eggeglas og ein flott gryteklut i kvitt og gult! Tusen Takk Idun! :) Og så finn eg to awardar her inne når eg kjem inn i draumeverda mi :) Tusen takk
Anita og
Kirsti!!! I dag visste dokke nok at eg trengde noko å smile for! Kjempekoseleg alt saman! Med awardane følgjer det ei oppmoding om å fortelje sju ting om seg sjølv. OK. Har gjort det før. Huskar ikkje heilt kva eg skreiv då? Her er fem om meg :)
1. Eg er nok litt hyper?
2. Eg er ei merkeleg blanding av surrehovud og perfeksjonist?
3. Eg skulle ynskje at eg kunne livnært meg som forfattar...
4. Men ved nærmare ettertanke hadde eg nok blitt sprø av det også...
5. Eg går mellom fem kilometer og ei mil fleire gongar i veka,
og kjenner at energien finns inni meg, dersom eg tenkjer positivt...
Siste månaden har eg ikkje klart å skape som eg vil her inne på bloggen. Der er mange årsaker til det. Tankane mine har vore andre stadar. Sånn er det av og til i livet. Men eg har ikkje bloggtørke, dersom nokon lurer. Eg har sett på blogginga som ein skjønn måte å leve ut draumar og fantasiar på. Eg har elska å ta alle bilda eg har delt med dokke. Likevel har eg vurdert å slette bloggen. Musikken er borte. Men kanskje er eg tilbake snart. Eg veit ikkje. Tusen takk til alle dokke som trufast les og kommenterar, trass i at ho som skulle glede dokke, ikkje har energi til det... Og ikkje rekk rundt til alle gode vener her inne. Setter UTRULEG stor pris på dokke alle! Og så forstår eg at stadig fleire som kjenner meg her i nærområdet, har funne fram til meg. Veldig kjekt at du smiler til meg på butikken, eller i barnehagen, og fortel at du set pris på bilda mine :) Eg er ikkje så god på å ta i mot skryt. Men eg blir glad... Bloggen har også opna opp dører mot verda, og jobbtilbod. Dette er eg også veldig takksam for. Eg oppfordrar andre til å leve ut draumane sine her inne, ein veit aldri kven som les om dei, eller kva tilbod som kan dukke opp. Neste skrittet for meg er å seie ja til intervju, å bli offisiell. Men eg har takka nei til no. Eg vil berre vere vesle meg.
Elin med alle draumane, og med alle gode, nye vener her inne.
LOVE U ALL! :)
Eg gjev awarden til den som vil ha han, og det er SÅ mange som fortener han her inne!
Reglar finn dokke inne hos Anita og Kirsti!
Ha ein fortsatt fin onsdag!