I all mi sorg over kjøpesenter og blomsterbutikkar over ein halvtime borte, gløymde eg heilt COOP. Når ein bur på ein plass der ingen skulle tru at interiørinteresserte kunne bu, er det svært fint å ha samlaget å stole på. For i går når prinsen skulle hentast i barnehagen, fekk eg auge på den eine openbaringa etter den andre! No vart ikkje det heilt slik eg tenkte i dag likevel, for nevnte draumeprins byrja å kaste opp i eitt tida i natt, og held på til 7 i dag tidleg... Kan ikkje forstå at Mc.Dreamy er veldig våken på jobb i dag... Bilda mine er i alle fall tekne med ei auge att... :) Men prinsen sjølv et Mariekjeks, og er kjempeglad for å få lov å drikke cola! Eg håper vi andre går fri, sjølv om dette er ein effektiv måte å måtte vaske ned på før jul ;) Adventsstaken eg fekk av pappaen min for ti år sidan, står og lyser på kjøkenbenken. Han hadde også vore på samlaget, og kjøpt denne til meg, utan hjelp frå mamma. Eg er glad alle pærene lyser, dette er eit veldig fint minne frå min kjære far. Så til deg som bur i grisgrendte strok; husk at COOP er litt ditt! Og av og til er skattane store, berre ein ser etter! Eg har blanda saman englar og Alfred Nobel i dag, dynamitten står kanskje i kontrast til det sarte eg prøver å formidle? Men du; lat att augene, nesten... Då ser Nobel ut som Noel... :)
No er adventshelga her!
♥









