.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



fredag 27. november 2009

COOP, englar og Alfred Nobel...

I all mi sorg over kjøpesenter og blomsterbutikkar over ein halvtime borte, gløymde eg heilt COOP. Når ein bur på ein plass der ingen skulle tru at interiørinteresserte kunne bu, er det svært fint å ha samlaget å stole på. For i går når prinsen skulle hentast i barnehagen, fekk eg auge på den eine openbaringa etter den andre! No vart ikkje det heilt slik eg tenkte i dag likevel, for nevnte draumeprins byrja å kaste opp i eitt tida i natt, og held på til 7 i dag tidleg... Kan ikkje forstå at Mc.Dreamy er veldig våken på jobb i dag... Bilda mine er i alle fall tekne med ei auge att... :) Men prinsen sjølv et Mariekjeks, og er kjempeglad for å få lov å drikke cola! Eg håper vi andre går fri, sjølv om dette er ein effektiv måte å måtte vaske ned på før jul ;) Adventsstaken eg fekk av pappaen min for ti år sidan, står og lyser på kjøkenbenken. Han hadde også vore på samlaget, og kjøpt denne til meg, utan hjelp frå mamma. Eg er glad alle pærene lyser, dette er eit veldig fint minne frå min kjære far. Så til deg som bur i grisgrendte strok; husk at COOP er litt ditt! Og av og til er skattane store, berre ein ser etter! Eg har blanda saman englar og Alfred Nobel i dag, dynamitten står kanskje i kontrast til det sarte eg prøver å formidle? Men du; lat att augene, nesten... Då ser Nobel ut som Noel... :)











No er adventshelga her!





post signature

12 kommentarer:

Marit Johanne sa...

Ååh nå fikk jeg sikkelig julestemning;) kjempe fine bilder:) Ha en flotters helg! Det er meldt snø også..jippi!!!

Huset på terrassen sa...

Nå fikk jeg skikkelig advents stemning her. Forresten utrolig fin hvit urne du hadde til den grønne busken! Kjempefine bilder:) Ha en suuper helg med adventskos! Klemmer fra Linda :)

Karin sa...

Kjempekoselige bilder som gir en god stemning. Håper lilleprinsen er bra igjen... Ha en flott helg! Ta masse bilder :-)

vårt lille hjem sa...

Heilt enig med deg, det er nesten ikkje den ting dei ikkje har på "laja" der inne.

Ha ei kjempefin helg!

My home is my Castle sa...

Kjempenydelige bilder :))
Så koselig du har gjort det...
Ja Coop er grei å ha, enten man bor på landet eller i byen :))

Ønsker deg en fin adventshelg.
Klem,Kari

Mitt hvite hus sa...

super koselige bilder...så stemningsfulle...


Ønsker deg en riktig fin helg..


Klem Kerstin

Refleksjon på livsvegen sa...

Stadig like imponert over din gode smak...
Så flink å sette saman "ting og tang" slik at det vert vakkert ;-)

Ha god 1.søndag i Adventshelg!

Refleksjon på livsvegen sa...

Ps: svigermor mi kjem frå same plass som du ;-)
Så du har nok møtt mann min både som lita jente og seinare i ditt vaksne liv. Søstra hans Eldbjørg er blitt farmor til dei tvillingane eg skreiv om i eit innlegg.
Verda er ikkje så stor!

marita blücher sa...

Hej Elin,
Vilken vacker och inspirerande blogg du har ! Har precis varit på posten och skickat iväg ditt paket - hoppas att det når dig redan i början av nästa vecka.
Ha det så gott och välkommen åter.
Kram/Marita

Refleksjon på livsvegen sa...

Nærare enn du anar ;-)
Han som kjende seg igjen på eit bilde med utsikt frå huset ditt og når han såg bilete av deg sa han namnet ditt.
sigkane@gmail.com

kjersti sa...

Hei Elin:)

Takk for koselig hilsen:)

Du skriver så fint,....og morsomt:)
Uff, det er ikke noe koselig når de små blir syke, men heller nå enn når værste julestria setter inn!

Hvor har du kjøpt den zink potta du har treet i?? Akkurar en sånn jeg er på leting etter!

Ønsker deg en fin helg, og håper dere blir friske!

Klem Kjersti

Emmas Verden sa...

alltid vakre bilder Elin..tønna ble kjempefin med treet ditt ;)
vi har coop her også..utrolig hvor mye rart de har i den butikken..rene kramboda ;)
ønsker deg ei fin og fredfylt adventshelg!!!
klem Anne***