.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



Viser innlegg med etiketten Gamle kort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gamle kort. Vis alle innlegg

mandag 22. mars 2010

:)





Ha ein fin måndagskveld! :)


Nostalgisk vår med touch av påske...







Herleg med vår! :) Ha ein flott måndagskveld!




fredag 29. januar 2010

Vinterdraum del II...

Eg vil gjerne dele fleire inntrykk frå formiddagen i dag. Ein time etter bilda under her vart tatt, stoppa vaskinga mi opp igjen. Himmel og fjord skifta ham frå blåtonar til eventyrrosa... Ubeskriveleg vakkert! Sola si openbaring i fjella bak bygda mi, skapte fargespel i skyene, og ein grå draume-måse sveva over fjorden... Ser du han? Med desse bilda, vil eg ynskje alle saman ei god helg! Bruk ho fornuftig!

Eg vil også takke for ny award!
Denne gongen frå Søstrene Andersen.
 Ein blogg eg likar veldig godt.
Lille- og storesyster Andersen
byd på inspirasjon eg set stor
pris på! Absolutt verdt eit besøk! :)
Tusen Takk for gode ord begge to!


Vinterdraum...

Ein stor rund måne skein inn gjennom soveromsvinduet når eg vakna i dag. Eg har alltid vore fasinert av månen. Lyset er så magisk. Og sjølv om eg var godt i gang med husrydding, måtte eg ut i den blå timen. Kuldegradene har kome att, ned mot ti stykkjer klokka åtte.
Snøvinga har gitt seg, og alt er reint og kvitt igjen... Ein vinterdraum...




Eg ynskjer deg ein strålande fredag!



lørdag 2. januar 2010

Andre januar! :)

Etter ein travel dag ute av huset, er vi endeleg heime igjen! Vi har bl.a. vore på besøk, og ete grillmat! Verten stod ute i ti kalde minus, og laga kjempegod mat til oss! (Vi sat inne ved peisen og såg på...) Berre å late att augene og drøyme om sommar når vi åt... Men vinter er det, og blir det nokre månedar til! Skulle gjerne vore heime og vaska ut jula i dag, men det får bli i morgen eller på måndag. Men her er enkelte ting som skal få liggje framme; sånn som den gamle albumen eg fann før jul. Eg ser meg aldri mett på desse korta! Dei er så vakre! Den gamle handskrifta på dei, gjer dei til historiske minner frå ei svunnen tid... Eg har gått gjennom alle i jula, og oppdaga at desse to eg viser i dag, nok er frå ein serie? Så koseleg å sjå at den vesle jenta lærer dokka si å sitje rett ved bordet, og å be for maten :)
Korta er frå rundt 1900.




Ha ein fin fin laurdagskveld! :)




torsdag 31. desember 2009

♥ ♥ ♥ Godt Aar! ♥ ♥ ♥

Kjære alle saman! Det hadde seg slik at eg hadde lagt att kreativiteten min ein eller annan stad. Gløymt han att... Og slik låg han og venta på å bli funnen... Etter at bloggen og draumesidene kom til, byrja eg å leite. Eg fekk lyst til å finne igjen denne sida ved meg sjølv, som hadde vore borte i fleire år. Og litt etter litt fann eg bitar av eit puslespel. I huset mitt, i hagen, etter kvart på fjellet. I desember fann eg store delar av dei manglande brikkene ved fjorden, og ved elva. Og tenk; saman med alt dette fann eg også glede, optimisme og ro... Alt låg der og venta på meg... No er eg full av takksemd! Og eg skal aldri leggje frå meg desse viktige tinga i livet mitt igjen! For det er akkurat desse eigenskapane som gjer meg til eit sterkt, lysande menneske... Og det er dokke som har ført meg inn på rette vegen igjen! For ei gåve å få frå menneske ein ikkje kjenner? Eller; eg kjenner nokre litt :) Så til deg der ute som aldri legg att kommentarar, sjølv om du likar det du ser og les på bloggar verda over; ta deg tid til å skrive nokre ord!
Så kanskje fleire finn att glede og sjølvtillit...

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR BERIKA LIVET MITT MED GODE ORD
OG FLOTTE TILBAKEMELDINGAR!







Eg har vabba opp til låra i nysnøv i eit fantastisk naturlandskap i ettermiddag. Maten er forseinka, og tidsplanen litt på halv åtte, men mor i huset er smilande, varm i kinna og lykkeleg over ein fantastisk nyttårsaften 2009! Eg ynskjer alle mine lesarar eit Godt Nytt Aar!
Ta deg tid til å glede nokon i det nye året, det skal ofte så lite til!






mandag 21. desember 2009

Draumealbum frå 1903...

Av og til kjem ein over skattar... Og denne varma hjertet mitt! No er det kyrkjebesøk og juleavslutning som står på programmet... Huset luktar grønsåpe, og treet står klart i kjellaren. Om ti minutt snur sola. Klokka 17.45 vender ting på seg, og vi har byrja reisa mot vår. Mot lys. Mot nye tider. Ta godt vare på kvarandre!









Gode klemmar frå meg! <3



post signature