.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



fredag 25. september 2009

Eplehagen

Eg ynskjer meg ein eplehage. Ikkje så stor, eller med enormt utval, berre nokre tre med eigne, økologiske raude draumar av nokre frukter. Fekk lov å plukke epler i nabohagen i går, og det er noko eige med lukta, og spenninga med om ein når dei finaste epla. Må innrømme at eg fekk nokre i hovudet, der eg stod og peiva med ei rive. Jada; eg veit ein ikkje skal plukke på denne måten, men eg hadde ikkje så mange andre alternativ. I morgen blir det eplekakebaking, igjen. Og så ein fotosession, kanskje...

torsdag 24. september 2009

Velkomne inn!


Eg har alltid beundra menneske med stor kapasitet. Som rekk alt i løpet av ei hektisk veke. Ikkje minst ha tid til vener, og besøk opp i alt anna. Som småbarnsforeldre kan vel nokon og ein kvar kjenne, at det er godt å berre sekke ned i godstolen når dei små er komne opp i senga si. Med denne bloggen, håper eg at eg kan få besøk, og at du legg att tilbakemeldingar, og gjerne tips og råd. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal beskrive stilen min? Eg likar mange stilartar, og plukker med meg uttrykk og stemningar frå alle mine utallige interiørblad... Svigermor ville vite en dag, om eg lånte eller kjøpte alle desse blada mine? Eg lyg no ikkje, og måtte innrømme at dei var kjøpt... No har eg sagt opp eitt abbonement, og har berre tre att... Eg har ei blanding av nytt og gammalt, og er glad i å pusse opp møblar. Eg har også eit prosjekt som eg kallar resirkulering av arv. Eg bygg nye gjenstandar av fjøler frå gamle bygningar. Ellers har eg funne vegen inn i blogg verda sidan i vår.  I juni starta eg min fyrste blogg, men har aldri vore heilt nøgd med denne. Så no har eg starta med blanke ark igjen! Eg vonar at eg blir så trygg på dette, at eg etter kvart tør å kome ut av skåpa... (som sjølvsagt er gamal, og godt brukt...) Velkomne inn!