.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 24. oktober 2009

Hurra for ein månads blog!


Då feirer eg og bloggen ein månadsjubileum! :) Vi er av den typen som feirer alt som er kjekt, og viss eg kjenner meg sjølv rett, kan det bli eit aldri så lite kjøp av eit eller anna slag? ;) Håper alle får ein flott laurdag, og ei fin helg!

post signature

fredag 23. oktober 2009

På tur i gangen

I morgen er det 1.mnd. sidan eg offentleggjorde bloggen. Eg ser no at her er besøk, og det har byrja å kome meir kommentarar også. Eg sa for litt sidan til snille og inspirerande Hulda Husfrue, at eg ikkje var oppteken av kommentarar. Det var eg ikkje heller. Men eg ser kor koseleg det er når nokon tek seg tid til å skrive nokre ord. Men eg les mange bloggar, og tenkjer stadig at eg ikkje har noko nytt å tilføre? Det er eigentleg meir enn nok å lese det andre skriv? Men då er eg tilbake ved startpunktet. Eg håper at du som les dette har hatt glede av denne månaden på tur i Elin si verd, både inne og ute. Målet mitt var å lage eit innlegg kvar dag i ein månad, for å trø i gang dette prosjektet. Prøvde i juni også, men det gjekk ikkje så bra. Eg er litt i utakt med meg sjølv, etter at mamsen min havna på sjukehus på onsdag. Men eg skal prøve å fortsetje med blogginga.

Så over til dagens tema. Var veldig usikker på fotomotiv i dag, men eg havna ute i gangen. Der er litt av kvart rart der også, når eg såg meg rundt? Er litt fint å leite etter motiv, for eg har gjenoppdaga ein del ting, og sett endå bedre på detaljar, og ting eg nesten hadde oversett før.

Dette er den gamle skåpa, som ei veldig snill dame gav meg for nokre år sidan. Det viste seg at hennar foreldre, hadde kjøpt den av min farmor og farfar. Pappa huska at han var med og rodde den heim frå nabobygda! Tenk å finne noko slikt! Og denne skåpa rommar alt vi eig... I alle fall nesten. Fann forresten draumetausa og draumeprinsen knisande inni der sist veke... :) Alle har kvar si korg med div.sesongutstyr, og ellers har dei vaksne x-antal jakker på hovedstanga, og barna krokar på sida med alt for mange jakker. Under dette har vi sko, i tillegg har vi sko i skuffene under. Dette må vere den perfekte organizer! Skåpa fekk ny farge, lady 80 eggekvit, og nye handtak og lampar på toppen. Lampane er eigentleg bildebelysning, og måtte få hjelp av to spesiallaga tredingsar for å kunne fungere slik mor sjølv hadde bestemt at dei skulle. Oppe på skåpa bor det ein telefon.

Ellers har hjerta eg kjøpte til jul i fjor fått henge i vindauga. Eg elskar hjerter og englar. Dei gjev gode tankar. I hjørnet er nok ei heimelaga knaggrekkje, og nokre gamle bilder eg er glad i.

Til slutt måtte eg berre ta med korgene med lyng i, som har husa ulike blomster sidan i vår. Flottast var nok lavendelen i sommar. Men kvit lyng er også vakkert. Eg har ei slik på kvar side av inngangsdøra.

Det var litt av gangen vår. Ikkje alt :) Får spare litt til ein annan gong?

Håper alle der ute har ein flott fredag, og at helga blir god og innhaldsrik!

post signature

torsdag 22. oktober 2009

TV trylleri trallera


Er det fleire enn meg som ikkje har tenkt på korleis tv-utviklinga skulle gå føre seg i ein tiårsperiode? At flatskjermane kunne henge på veggar, og at elektriske kontakter gjerne kunne vere oppe på veggen, i staden for nede ved golvet? Eg er lei av ledningar. Dei er alltid i veien for gode bilder... Men så er det ikkje så greit å få dei bort heller? I dag er alt mogeleg putta inn i veggane. Det mest smarte vi gjorde, var å sette kontaktene over kjøkkenbenken oppom nedre list på kjøkkeninnredninga, og putta kontakta på badet inn i eit skap, slik at den ikkje er synleg. Utover det gjorde vi ikkje så mykje smart? Jau forresten, vi har lagt opp for lyd i fleire rom i taket. Dette er ikkje gjort noko med, men ein vakker dag... Loftstova vår er lita, men god. Dette er hola til kidsa, og dei roter og koser seg veldig der. Så slepp også vi vaksne å høyre disse disneystemmene heile døgnet. Vi hadde ein øfseleg stor tv der, med norges største kasse bak. Det har fleire besøkjande stadfesta. I vår fekk eg nok, for det var aldri råd å kome til for å få vaske. Og med junior sin astma, må vi nesten prøve å halde her liten grand fritt for hybeldinosaurar... Så eg forlangte ny flatskjerm. Vi har det med å bruke ting til det ikkje fungerar meir, så dette var nytt for draumemannen. Men han fekk hjelp til å bære ned den 70 kilo tunge kolossen. Eg laga til ei treplate, med hol på dei rette stadane, og bygde ei treramme rundt. Denne vart festa oppe på veggen, og vart dernest tapetsert. Til min store fortvilelse krympa det perfekte resultatet over natta, og det vart glipe inn på treverket. Eg SKAL ta det att! Så oversjå akkurat det! Så festa vi TVen opp på plata, og drog alle ledninger inn i hulrommet mellom denne og veggen. Sim Salabim! Reint lekkert. Angrer berre på at eg ikkje tok et før bilde, for loftstova er 1/3 større no! Og ingen har til no sakna syttikiloingen...
Ha ein fin dag der ute! :)

post signature

onsdag 21. oktober 2009



Etter ein trasig dag, med mamsen som måtte på sjukehus, orka eg ikkje å skrive noko før i dag. Farlig med trapper, viss ein har det travelt... Så no er det operasjon og gips, i staden for flotte turar i haustsola. Stakkars mamsen. Uffa, så fort ting snur seg rundt i dette livet. Men; ein får ta ein dag om gongen. Eg gjekk meg ein fjelltur, etter at ambulansen reiste. Får alltid orden på hovudet oppe i høgda. Og det gjorde godt. Så det får vere dagens tips, frisk luft hjelper mot så mangt.

post signature


post signature

tirsdag 20. oktober 2009

Klappbord med spionhol

Eit av dei eldste funna mine, frå ein gamal støl. Det var ikkje reint lite fluger og rusk og rask som skulle vise seg å vere med på funnet...

Blant anna var der ein svart runding å sjå til, på eine sida av bordet. Dette skulle vise seg å vere ein fin opphaldsstad for alt dette tidlegare nevnte. Eg støvsuga først, så skura med grønsåpe. Draumemannen himla med augene, og gjekk inn att frå prosjektet. Han gjer det i svært mange tilfelle, når eg tenkjer meg om? :)

Men klappbordet fekk si nye storheitstid på stova vår. Og eg trur det trivst heilt fortreffeleg. Det ber stolt gamle og nye skattar, og står som ein soldat, like rank som for over hundre år sidan...


post signature

mandag 19. oktober 2009

Lesekrok med panorama

Ein lesekrok, høyres ut som ein stad der ein trekkjer seg tilbake, og er skjerma frå livet sine uroelement av lyd og anna forstyrrande aktivitet. Eg tenkte at i dag skal lesekroken vere tema. Men etter kvart som eg tok bilder, så innsåg eg vel at dette ikkje er ein krok, men eit utsiktspunkt? Spesielt ein morgen der regnet har gitt seg etter eit besøk på natta, med skodde som motviljug trekkjer seg oppetter fjellsidene. Og ein fjord som er lat, og ikkje gidd å lage bølgjer...

Det hender at eg ikkje klarer å halde fokus i tidsskrifta, fordi det faktisk er så vakkert ute, at eg stadig må kike ut, og aller helst hente Canon-kompisen, og forevige det heile. Om og om igjen. Men litt lesing blir det no, i stolen som eg kjøpte for tredve-års pengar. Stolen som har berga meg gjennom siste år med ryggplager. Eg vil seie han nesten er eit familiemedlem.


Eg ser at Vakre hjem & interiør har fått ei kledeleg museøyre, og eg er sikker på at bladet blir litt fornærma når det nye kjem i hus. Eg likar at det ser ut som disse kjære blada mine svevar på det enkle bordet av plexiglas.

Langtidsvarsla viser sol og ingen nedbør i 10 dagar framover? Utopi? Men eg har ein hage som ropar på haustomsorg, så støvlane mine får nok bli med på tur sjølv om regnet har teke ein liten pause? Ha ein flott dag!





post signature

søndag 18. oktober 2009

Fjorårets juledekorasjon

Med kjempeinspirasjon frå Vakre hjem & interiør, var dette fjorårets hoveddekorasjon i heimen. Sat og såg over bileta frå desember 08.


Alltid greit å minnest oppatt kva vi held på med då? Sidan nevøen min døydde i bilulykke før på året, var det ikkje enkelt å feire jul. Men vi bestemte at vi skulle ha berre kvit julepynt, kvite fjør, hjerter og englar. Dette vart kjempefint, og vi snakka ikkje om kvifor vi gjorde det heile høgtida, men små og store visste det i hjerta sine. Kanskje dette kan vere eit råd, og til hjelp for andre? I alle fall veldig fredfullt og vakkert for oss. Gode tankar til alle der ute som har det vanskeleg, og som er i sorg.

post signature

Draumetaus med draumerom

Så var vi nesten klare med jenterommet i ny utgåve. Eg ville lyge, viss eg sa heilt... Det er enno att nokre plastboksar ute på gangen, med mykje rare greier oppi. Men det skal inn på rommet igjen. Men når handleligaen ikkje huska små plastkorger i dag på butikken, så stoppa det heilt opp.
Men med flott sollys, vart det då nokre bilder.






















Eg har enno ikkje sydd ferdig gardina, eller laga til sengteppet, så her har vi juksa aldri så lite... Knaggrekka er ei av fleire i huset. Svært enkel å lage, og det har no etter kvart blitt så stort utval i knaggar av alle slag, at dette fiksar alle som prøver! Desse er kjøpt på Emmas verden.














Vi har att å få på plass den flotte sjablongen med fransk tekst, og det blir no spennende? Den skal vere over senga. Ellers må ein elektikar kome innom, for tausa treng fleire stikk-kontakter... Ho har med andre ord blitt stor! Draumetausa er fornøgd sjølv, og meiner at Hannah Montana ikkje skal opp igjen på veggane. Det må ho bestemme sjølv. Vi har i alle fall fått rydda opp i mykje rart, og vaska godt i alle krikar og krokar. Då er mor i huset fornøgd. Lysekruna frå Netthandelen var eg ikkje så kjempehappy for, den mangla skrufar i eine tilkoblinga, slik at ein måtte bruke elektrikertape, og så virka ho veldig spinkel der pæra skulle inn. Men ho lyser, og tilfredstiller krava til ho som ville ha henne.





















No er utfordringa å gjere alt ferdig, slik at det ikkje står att ein rest her og ein rest der. Har ein tendens til å bli slik av og til. Må få sparkla igjen gamle spikerhol, og måla litt på veggane også.
Eg ynskjer alle der ute ein velsigna god søndag!

post signature