I dag vakna eg med inspirasjon. Noko av det beste eg veit. Må innrømme at eg har vore litt tørr i toppen siste veka. Men etter tolv i natt, kom det ein idè rekande på ei fjøl. Sånn som det heldigvis gjer av og til. I dag har eg kosa meg. Eg har bygd reir. Og slik som mine fuglevener, brukte eg ulike materialer. Lerkegreiner er eg veldig glad i, og brukar dei året rundt. Heldigvis har eg eit stort lager på vår vinterstengde hagestove. Fuglane fletter strå og gras rundt kvistane sine. Men ho Elin brukar gamle sider frå ei bok... Hilde Heimdal har det meste ei opprådd interiørdame treng for å bli glad :) Egga er kledde med franske avissider, og har fått magebelte av eit vakkert band med skrifta "amor vincit omnia" frå Panduro. Nokre små perler fekk lov å bli sydd på også. Der er ekte egg inni, viss nokon lurer :) I denne stunda av skapelse, vart eine kommoden på stova ominreidd med pynteting. No er temaet vår... Synes du det er for tidleg å lage påskepynt kanskje? Du får ta det ved anledning! Her i huset blir ting til, når inspirasjonen er der! ;)
Ynskjer alle ein fortreffeleg torsdag!






























