.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 16. januar 2010

Morgondagens innlegg ;)

Sidan vi har vore på farta sidan i dag tidleg, fekk eg aldri nok dagslys til å ta bilda eg så gjerne skulle ha lagt ut i dag... Men då blir det desto kjekkare å ordne dette i morgon! Eg har kome til gangen vår. Og akkurat der har mitt siste prosjekt fått bostad. Og eg ELSKAR berre desse monumenta. For det er monument etter mi meining. Tok nokre bilder "i farta" i formiddag, men så vart batteriet flatt... Så her er ein smakebit for deg som les bloggen min. Kanskje ei aldri så lita utfordring også? Kva i all verda er dette? ;)








Ynskjer alle ein flott laurdagskveld!





fredag 15. januar 2010





Stooor klem til alle som har vore innom denne veka!
Alle som er i nærheita av Ålesund: der ligg ein invitasjon til kino oppe til venstre! Trykk på bildet for meir informasjon!


Pikerommet...

God dag alle godtfolk! Himmelen er klar og blå her på Sunnmøre. Det gryr av dag. Og som eg har sagt før; eg blir aldri lei av dette synet. I dag er fjorden mørk grå, og saman med snøvkledde, bratte fjell, og ein lyseblå himmel er det som eit eventyr. I overgangen mellom fjell og himmel er den lys rosa fargen i ferd med å tone ut... Ein ny dag gjev oss lys og nye mogelegheiter. Kanskje er det akkurat i dag du får gjort noko du har utsett lenge? Kanskje tek det berre ein time. No tenkjer ikkje på rydding, vasking eller noko i den duren. Eg tenkjer på den timen du treng for å bli med borna ut ein tur, den timen du setter av til å snakke litt med naboen, eller å ringje ein eldre slektning og takke for julegåva, eller ynskje godt aar... Kanskje. Eller gå den turen på ti minutt, som kan snu livet ditt opp ned, fordi du kom i gang med fysisk aktivitet... Eg skal køyre mamsen til røntgenkontroll. Ho var uheldig å bryte handledd og hofte i haust. Det var ein av gongane eg fann blogginga lite freistande... Men slik er no dette livet. Mamma er ei stor inspirasjonskjelde for meg, og mange andre. Ho har alltid tid til ein prat, og ho legg bort sine eigne problem når eg har det vondt. Akkurat ein slik person som bergar deg frå å gi opp alt.
Så TUSEN takk mamma for at du finns, og gir så mykje av deg sjølv og ditt eige hjerte! 

I dag viser eg pikerommet i huset. Draumetausa pussa opp i oktober, for ho var så lei av alt det barnslege (!) ho hadde før... Jauda. Dei byrjar tidleg (og det kan vel kan hende ho er prega av mor si?) Vi bestilde varer på nettet, og både Veslestua og Lunehjem levde opp til forventningane! Kjekke folk på begge stadane, og ei kjensle av å vere spesiell for dei. Akkurat slik det skal vere når ein handlar! Bravo! Lysekruna vart kjøpt på Netthandelen, ei ny oppleving for mor sjølv. Eg fekk henne for 220 kroner, då var frakta i den summen. Ikkje heilt fornøgd med kvaliteten, men ho lyser enno. Draumetausa fekk ein del kommentarar frå veninner, når alle Hannah Montana plakatar og anna stæsj, plutseleg var borte. Men ho er overbevist om at dette er rommet ho vil ha... ;)







Takk til kjekke butikkansatte på Veslestua, som sende med sau til draumetausa sitt nye rom!



Håper fredagen er god, og at du kanskje rekk meir
enn du hadde planlagd...





torsdag 14. januar 2010

Utfordring SITAT



Eg fekk ei utfordring frå Kjersti med den vakre bloggen Kjerstis lykke. "Skriv eit sitat, og sett inn eit bilete som passar." Eg synes det er vanskeleg å velge, for det finns så mange fine sitat! Valget fall på eitt eg fann i ei bok eg fekk av min kjære i jula 08, "Mors lille oppmuntringsbok". Denne har mange fine sitat til ettertanke.




Eg sender denne utfordringa vidare til :





Draumekjøkkenet mitt...

r
Slik var i alle fall draumekjøkkenet mitt i 1998. Sidan har eg vore veldig misfornøgd, sånn passeleg fornøgd, og no er eg tilbake ved meiningane mine for elleve år sidan :) Huset vårt er i gamal stil, og eg leste ein stad at huset sitt ytre bør matche kjøkkenet. DET kunne eg godt ha valgt å oversjå i framtida ved nye byggeprosjekt, men eg forstår kva  denne personen som sa det, meiner. Eg elskar å setje saman ting, som ikkje "høyrer saman". Gjerne stål og glas til antikke møblar. Det funkar her ;) Kjøkkenet er frå MØRE kjøkken, er i heiltre bjørk, og er kvitmåla hos produsent. Benkeplata er heiltre bøk, men vi lakka denne i mørk eik i fjor. Fint først, men det viste seg at overflata ikkje vert sterk nok til kjøkkenbenkbruk. Så dette må vi ta att. Kjøkkenet er nesten førti kvadratmeter, noko stova lid under. Ho er lita i forhald! Som eg har sutra om før; peisovnen i slank utførelse, med glatt RAIS innsats MANGLAR enno etter 11 år... Men vi får sjå kva framtida bringer. Vi kjem til å åpne opp veggen inn mot stova, for å få betre sirkulasjon for varmepumpa. Og då kan det hende det skjer eit under? Uansett. Her er kjøkkenet vårt, så får du bedømme sjølv om det har draumepotensiale! Utsikta er i alle fall upåklageleg, fjord, fjell og himmel så langt auget kan sjå...


















Håper du har ein fin torsdag ettermiddag!




Sex and the CITY ÅLESUND MAI 2010



Sjå traileren på You Tube ? Trykk her!

Hei alle damer! Sidan eg hadde ein svært aktiv dag på bloggen i går (og ellers),  fortsetter eg i same stilen i dag! Eg var inne hjå Anette (AnettesHus.com) for nokre dagar sidan, der ho minte alle på at Sex and the City2 har premiere til våren, i mai. Dette gav meg ein idè! Eg vil svært gjerne samle ein liten flokk med bloggedamer, anten du sjølv har blogg, eller berre les bloggar, til kinopremieren i Ålesund. Her vil det sjølvsagt vere høg glamfaktor, solbriller og skyhøge hælar med i bildet ;) Sist premiere var eg så lei meg for at eg ikkje orka tanken på å sitje så lenge. NO kan eg det, og har tenkt meg på KINO! Etter filmen kunne vi no gå ut og ete eller noko slikt? Finpynta og klar for byen... Anyone interested? ;) Lenge til mai sei du? Ein må ha GOD tid til å planleggje!!! ;)
Gi eit hint under her, så eg får eit inntrykk av om dette er noko å bruke energi på! :)



onsdag 13. januar 2010

Eg tek imot ei utfordring frå Lisjemor på Hareid :)

 Her kjem sju fakta om meg sjølv, som liksom
skal vere interessante... ;)


Sender utfordringa vidare, til dei som vil ta henne! Gi meg eit vink viss du har lyst!
Så skal eg linke til bloggen din! Det fylgjer ein AWARD, men sidan eg har sperre på kopiering av bilder, må ein innom Lisje Astrids husblogg og hente denne! Gi utfordringa vidare til 7 andre!

Biletet er frå Solevågen på veg til Langevåg i dag... Snakk om draum... Verre at eg satte på blinklyset på vegen, og heiv meg ut på høge hælar og i miniskjørt i seks kalde grader... Fekk nokre uggne blikk frå irriterte mannfolk som passerte hi-hi! ;) Det gjekk no bra...

Og kjære godtfolk; dokke treng IKKJE leggje att kommentarar! Med lett hyperaktivitet i heimen, er dette innlegg nummer tre i dag ;)



First Price ;) Lyst å vinne?


Då er førstepremien i GiveAwayen klar. Håper at mini ramma fell i smak. Har vore ute hos Anne og Emmas Verden for å kjøpe fleire knottar i dag, frå Jeanne d`Arc. Lykke til ;)





Badet i 1.etg.

I dag har me fjuska aldri so lite... Eg har brukt opp att bilder som har vore viste før. Rett og slett fordi eg vart litt stressa i går, når eg såg kor fort teljaren gjekk... Eg må få ferdig desse spennande premiane til GiveAwayen! :) Eg tek med få unntak bilda som skal på innlegget, den dagen det blir posta. For nye lesarar, kan eg opplyse at dette har fungert som ei slags aktiv sjukmelding for meg. Difor har det vore viktig å ha ei oppgåve for dag. Ei slags drivkraft. Og det har vore ei oppleving! Tusen takk for 1000 besøk på to døgn. Eg er audmjuk... I går kveld fekk eg eit anna draumeprosjekt i hus. Eit klenodium utan sidestykkje... I Draumeverdmålestokk altså :) Kjem tilbake til dette. Men: her er hektisk aktivitet! ;) BAD, ELIN! Det var det ja. Badet i første etasje har do og dusj, og spegel limt på veggen med flis rundt. 11 år sidan flislegginga... Kjenner at eg hadde vore klar til ny dyst, det har kome så enormt mykje fint til badrommet siste åra. Det eg er mest glad i her inne, er ein reproduksjon av ei gamal hylle, som pappa fekk laga til meg for tjue år sidan. Eg synes ho er enkel og vakker, men likar henne mest fordi ho minner meg om pappsen. Badet nede er mykje brukt, og vaskestasjon for oss alle. FØR svineinfluensaen også. Krakkar frå IKEA er eit MUST for lillebror for å nå opp :) Vi har dei i ulike størrelsar og fargar. Skulle forresten ynskje at IKEA snart fann ut at Nordvestlandet kunne få eit varehus?








Og ja; eg veit at NIB har ei greie på gang med bad, men føler IKKJE at eg har noko å tilføre.



Eg håper at dokke har ein fin onsdag der ute i verda,
og at dokke setter av litt tid til dagdrøyming... ;)



 

tirsdag 12. januar 2010

Loftstova vår :)

Hei! Så kjekt at SÅ mange har meldt seg på GiveAwayen allereie! :) Utan å vite kva eg loddar ut... Dokke er optimistiske! ;) Og det er bra! Først må eg vel fortelje om den gjønå kjekke varmepumpeseljaren som kom i går ettermiddag. Han stod smilande utanfor døra i kulden, og vart møtt av :-eg likar ikkje varmepumper... Men han var advart, og hadde full forståelse for min skepsis... Vi sulla rundt her i første etasje, og eg avslo eit forslag om pumpeinntak under eine vindauga på glasframbygget på kjøkkenet. Så synleg, og umogleggjorde at eg fekk ha leseplassen min og liggjestolen der lenger. NO WAY! Men så undersøkte han gangen litt meir nøye, og mitt forslag vart godkjent :) Eg likar framleis ikkje tanken på at denne avlange dingsen skal prege eine veggen, men OK. Over døra var det for liten plass. No blir pumpa heilt nede ved golvet, og vil varme flisene på gangen. Og viss eg er kjempeheldig, vil Mc.Dreamy slå til å ordne veggen inne på kjøkkenet, og setje opp den lenge etterlengta peisen? HINT-HINT-HINT! Eg veit du les bloggen kjære, sjølv om du latar som om du IKKJE gjer det!

Takk for KJEMPEmange kommentarar i går! Så kjekt at dokke likte stova mi! Litt skummelt å leggje ut så mange bilder av noko så personleg... Sofabordet er ei gamal dør, som eg har teikna understellet til. Eg har ikkje sveisa det, men skulle ynskje at eg kunne det! Sofaen og stolane er frå Slettvoll. Det vesle bordet med glasknott har eg bygd, og den vesle setteskåpa. Det var litt informasjon om gårsdagens innlegg. Så over til loftstova. Loftet vårt rommar i tillegg bad og tre soverom. Loftstova kom med i husteikningane på etterskot. Men takk og pris for at vi tok denne kostnaden! Trur det kosta ca.50.000 extra med denne arka i 1999. Dette åpne rommet er kidsa sin fristad. Og med tanke på stadar i huset det er rotete til vanleg, trur eg dette rommet tek førstepremie... Lillebror er ikkje så oppteken av å rydde. Han treng så mykje rundt seg... Men ungane har til vanleg ikkje med seg leiker ned på stova og kjøkkenet. Denne regelen innførde eg ei tid tilbake. Grusomt? Tja. For oss fungerer det heilt greit. Lillebror ber meg gå ned frå loftet, for han vil ha fred med tv, leiker og siste anskaffelse Nintendo Wii. Så stova eg viste i går ser alltid slik ut, med unntak av to pc`ar som vi vaksne fraktar rundt omkring. Den stakkars sofaen i 2.etg., som er ein Apollo frå LK Hjelle, er så full av flekkar, at eg har shina han med eit pledd akkurat i dag... ;) For her i sofaen et ungane ofte kveldsmat. Og det er forskjelleg som har kolva eller klistra seg ned i vår mørkeblå venn. Men det blir ikkje noko nytt trekk før ete-ulykkene avtek! :) Bordet med stereoen, er laga av IKEA-nattbord, pimpa med gamle fjøler øverst. TV-opphenget laga vi i fjor, av ei treplate, med ei rame på baksida. Så tapetserte vi, skrudde den GODT fast. Alle ledningar går gjennom hol i plata. Vi er veldig fornøgd med resultatet, og gjett om det er enkelt å halde reint! Ingen problem med støvtørking lenger! Oppbevaringskasser i korg frå RM. Ellers er det veldig innsyn til dette rommet, med naboar og bygdeveg rett over. Difor har eg valgt lette lyse gardiner i tillegg til linlengdene. På andre sida av trappeoppgangen  har vi ein smal gang bort til prinsen sitt rom, og gjesterommet. Jammen fint eg laga dette innlegget, for no vart det ryddig her igjen! ;)














Pakken som ligg i trauet skal eg til posten med no! :) Det er mi snille veninne Eva som skal få den! HomeMade... Ho gav meg den flotte bærplukkaren som ligg i trauet i julegåve :) Takk Eva!

Ha ein fin tysdag!


Klem frå

 

GiveAway :)

Kjære alle saman! Eg trudde nok ikkje at eg skulle passere 10.000 besøk etter tre månedar. Veit at dette ikkje er fantastisk i bloggmålestokk, men i mi draumeverd, er det nesten utruleg... Det gjekk så fort siste dagane, at eg faktisk kom litt bakpå, angåande GiveAwayen eg hadde planlagd. Difor er dette min nye plan :

Eg trekkjer ein vinnar når teljaren når 15.000. Alle som vil vere med, må leggje igjen ein kommentar under dette innlegget. I tillegg gir eg bort ei trøystegåve til den som blir besøkjande nr. 15.000. Korleis eg veit det? Det veit eg ikkje? Men er du inne her når det skjer, legg då inn ein kommentar om dette under siste posta innlegg! Den første som skriv etter registrerte 15.ooo vinn! :) Sidan eg er eit surrehovud (som eg har sagt før) kan det hende dette er ein dårleg plan, men vi prøver! Eg skal vere flink å minne alle på det framover januar! Kjempekjekt viss du vil bli følgjar, eller lenkje, men det bestemmer du sjølv. Viss du allereie er følgjar, blir eg glad viss du registrerar deg på widgeten til venstre. Eg er svært glad for at dokke les bloggen min, og eg har det kjempekjekt når eg lagar innlegga! Spesiell takk til dokke som legg att herlege kommentarar, og lyser opp kvardagen min!
Kva eg gir vekk denne gongen? Eg er inne i ein periode med spikring og bygging, trykking av bokstavar på tre og stoff med sjablongar... Difor blir det ei treramme, 30x30 cm, med knottar frå Jeanne d`Arc :)





mandag 11. januar 2010

Lyst å sjå stova mi? :)

Ho der draume Elin... Har ho det rotete og fælt sidan ho alltid tek close-ups? Kvifor får vi aldri sjå meir av huset hennar? He-he! :) I starten av blogginga mi var det huset innvendig eg tok bilder av. Så det er gjort frå før. Då hadde eg nokre lesarar for dag, og av og til ein kommentar. (som berga bloggen frå sletting...) Er det slik at eg skal ta runden ein gong til? Vil dokke sjå huset mitt? OK. Då er denne veka romma si veke! Då får eg rydda også! ;) Las eit kjempegodt innlegg i går, om fråvèret av rot på bilder i bloggverda. Er det ikkje det som er fint då, å kunne ta bilder av det ein er fornøgd med? Rotet mitt treng eg IKKJE på bilder! Vi byrjar med STOVA i første etg. Huset vårt er i gamal stil, med to arker. Hovedetg. rommar gang, bad, vaskerom, kjøkken og stove. Huset var ferdig i juni 1999. Det er mykje eg ville gjort annaleis i dag, men slik trur eg det alltid vil vere! Det var økonomien som stoppa dei gjevaste prosjekta. Vi manglar framleis peisen på kjøkkenet. Og tenk; no kjem det ein kar hit og skal finne ut kor varmepumpa skal installerast... "Kom varmepumpeselger til meg, her skal du motstand finne!!!" Stakkars mann. Men eg vil IKKJE ha den boksen midt i fjeset! Sånn er det med den saken... Dokke skal få vite korleis det gjekk i morgen :) Lover å ikkje hive han ut... Har sagt til Mc.Dreamy at eg skal vere interessert og høfleg...
For det er mannen i huset som har bestemt dette. (men det har vel allereie kome fram av teksten...)















Det var nokre bilder frå stova vår, så får du kike inn og sjå kva rom som dukkar opp i morgen?


Ha ein fin måndag!



søndag 10. januar 2010

Rosa eventyr...

I det flotte vinterlandskapet vårt, blir alt rosa før den blå timen setter inn. Himmel, fjord og fjell... Eg ser meg aldri mett på dette! Det er akkurat som om energi veks inni meg, og putter seg på plass stader han sikkert trengs. Smilet sit laust, og føtene går raskare oppover bakkane mot heimen og sprakande ovn. For nokre herlege dagar vi har hatt. Eg har vore og gått i stien i fjellsida i dag. Heldigvis hadde hjort og rådyr gått same vegen, og laga rås i den høge snøven. Det var akkurat som eg flaug når eg kom ned på vegen igjen. Så lett å gå! :) Må no vel vere god trening å vaspe avgarde på denne måten? I natt fekk eg ferdig ei rame, som eg bygde frå botnen av. Har sett på ulike typar på interiørbutikkar, men dei har ikkje vore så store. Og når eg fann draumeknottane hos Emmas Verden på fredag, var eg klar til dyst! Og det var ikkje så vanskeleg å få til. No må eg ha fleire knottar Anne! Legg av seks stykker til meg! :) Eg er veldig fornøgd med resultatet; til og med Mc.Dreamy måtte til å seie nokre fine ord om min kvite draum :) Og så var eg i ein kjempeflott blomsterbutikk i går på Vestnes Brygge. Ei fryd for auga både interiør og blomster! Og kjempekjekke damer bak disken. All honnør! Og sikkert på grunn av at eg er inne i ei rosa vintersky humørmessig, vart blomane som fylgde heimatt i same, nydelege pastell...












Til og med den til vanleg raude dompappen i foringsskåla rett utanfor, velger å vere litt rosa i dag :)

Ha ein fin søndagskveld!