.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 14. november 2009

A Moss Angel named Herold :)

Såg ein kommentar om engelen min; der ein utanlandsk bloggar kalla han Moss Angel. Dette synes eg høyrdes både stilig og eksklusivt ut; så då slår eg sjølvsagt over til engelske termar. Har vore ute og skunda meg å rydde opp i mosen min, før regnet kom. Det er 4 veker sidan det regna skikkeleg, og det har eg ikkje hatt noko imot. Men no kan eg med godt samvet styre med ting inne. Eg var slett ikkje fornøgd med den flygande forføraren, som vridde hovudet på mange bloggdamer her inne. Engelen var ikkje slik eg ville i fasong, og så mangla han hornet sitt! Og eg skal love dokke at ein engel utan horn føler seg rimeleg hjelpelaus! Så i dag har han fått trena magemusklar, og fått korrigert litt her og litt der. Var tenkt å pynte han med perler, men han var absolutt finast "In Nature" (knis! Eg er berre SÅ internasjonal i dag!) Så no kikar sikkert naboane ned hit, og lurer på kvifor i all verda Elin er ute og pyntar til jul...  I midten av november?Men ein kan då ikkje la ein slik Stunning Moss Angel liggje å støve ned??? ;)






Angåande bruksanvisning; eg er ganske usikker på kva eg gjorde. Eg tenkte på kvar det skulle gå innover og utover i form. På baksida har eg festa ein ny del netting, for eg hadde ikkje nok til at det kom i hop igjen på baksida. Men nesten. Viss du er god på å sjå for deg forma, kan du sikkert greie å ha nok netting til heile prosjektet. Min engel er veldig stor, og nettingen ganske grov. Trur det finns typar som er meir finstillt, og enklare å jobbe med? Då kan ein nok lage mindre utgåver.

Og her er eit forsøk på forklaring! :)



NB! Eg klipte ikkje ut delar, sånn som på arket! Eg klipte beine linjer.
Måtte berre gjere det slik, sånn at det skulle vise på bildet! Hornet laga
eg til slutt; forma eit kremmerhus, og putta mose inni. Så no er EngleHerold ferdig.
(Han kviskra namnet sitt, før eg gjekk innatt!)



Ha ein flott laurdag!



post signature

fredag 13. november 2009

Svarte, velslitne sko

I dag skulle eg forklare den moseengelen; men eg har rett og slett ikkje tid! Lover å ta det att så snart som mogeleg! Skal på julehandel :) Så vil eg takke for alle koselege kommentarar som kom i går. Supre Magny linka til meg, og bloggverda åpna seg opp :) Kjempekjekt!

Men i farta før i dag, så lånte eg desse små vidundera av nokre barnesko frå mamsen min. Dei er frå ca. 1930, og er brukt av henne og lillebroren. Kanskje fleire også. Eg vart så fasinert, det er så typisk meg å få sånn tidsmaskinfølelse, og drøyme meg vekk til ei anna tid. Det var i alle fall ikkje slik at dei sprang til næraste kjøpesenter, om sko og klede vart slitne. Dette paret har fått nye halvsolar frå Viking, og er størrelse 21. Er dei ikkje skjønne! :)




Dei står på mitt gamle babydynetrekk, med broderte, rosa lam som hoppar og sprett. Ein kan no bli rett sentimental ein fredag formiddag :)

Tusen takk til Marianne som viste meg fleire bilderedigeringsprogram. No kosar eg meg stort... Draumemannen har gitt opp å få kontakt når eg setter meg ned med stort smil om munnen, og kameraet blir kobla i pc`en :) Då er det gjort! :) Då er det Elintid...



Håper de har ein fin fredag der ute. Ha ei flott helg!




post signature

torsdag 12. november 2009

Grøn mosesjarmør

Koselege og kjempeflinke Magny, med Magny`s lille krinkelkrok, snakka tidlegare om hønsenettingenglar. Og når ein slett ikkje kjenner si begrensning (les: Elin) så trur ein at ein faktisk kan gjere alt mogeleg... I dag kjende eg fort, at eg hadde bomma både på vanskegrad, og ikkje minst størrelse på engelen min. Draumetausa, som er heime med hoste og vond hals, sikra seg ei ekstra julegåve, når ho utbraut: Åh, for ein fin engel mamma! Så då tenkte eg at eg kunne vise han her inne også? Vil kun ha koselege kommentarar om han altså!!! :)



Ser at han har litt problemer med magemuskulaturen? :)
 Ellers gleder eg meg veldig til å byrje på julepyntlaging. Har kjøpt mange fine zinkdetaljar hjå Emmas verden, som skal brukast til litt forskjelleg. Har du lyst til å sjå meir? Det er fint; for det var så vakkert lys ute på terrassen, at eg henta ut saker og ting. Ein slik runde med kameraet gjev ofte nye innfallsvinklar, og kanskje, viss eg er heldig, får eg ein knallgod idè!



Det var desse englane som var mal til moseengelen. Trur dei er litt skeptiske til den grøne, digre storebroren! :) Eg har vore og leita fram kongler av ulike slag og størrelsar. Synes dei godt kan vere pynt, sjølv om det ikkje er jul. Lerkegreinene brukar eg heile året. Men ikkje i så stor grad sommarmånedane.

 

Ekje det herleg! Elskar desse elementa saman! Flettverk og sink får meg til å danse litt på golvet :) Synes bokstavane er kjempeflotte! Hjerta har eg store planar for når det nærmer seg desember.



Har fått kommentarar på at det ser ut som om vi har utsikt? Det stemmer! Fantastisk utsikt til fjell og fjord! Og med draumevèr i 4 veker no, er batteria fullada før mørketida verkeleg setter inn. Det er berre å NYTE! Med siste songane til søte Michael Bublè på anlegget, og smil om munnen, skjer det mykje kjekt og kreativt her i heimen! Og skulle ein mangle idèar, er det berre å kike seg rundt om i bloggverda! Det finns no så mange flinke og oppfinnsomme menneske der ute! Takk til alle som bloggar!


I morgen er det fredag, -snart helg! :)




post signature

onsdag 11. november 2009

Detaljar frå eit kjøkken ein onsdag formiddag

I dag er eg så heldig at eg får besøk av Marianne, og hennar vesle sjarmør Aksel. Alltid kjekt når vi er i lag! Marianne er kjempeflink å fotografere; så viss dokke synes at bilda mine er fantastiske i morgen, ja så er det for at Marianne har lært meg nokre triks i dag ;) He-he. Trur vel ikkje at det kjem sånn over natta, nei! Tok helgevasken i går. Ikkje for komande helg, men for den som var... Eg held også på å vaske klede i går, og la saman på kjøkkenet i går kveld. Fekk nesten sjokk i dag; eg veit det er mykje støv i nyvaska klede, men du verden! Våre mørkebrune benkeplater hadde tatt imot alt som hadde senka seg frå rommet i natt. Men det er no snart helg igjen... ;) Har du lyst å sjå fleire detaljar frå kjøkkenet mitt? Har tatt runden nokre gongar før, men det dukkar stadig opp nye fotogene ting. Her er ein handfull yndlingsting igjen!



Har fått ein slags mani på å finne gamalt kjøkkenutstyr i haust. Dette er ei langpanne frå ein Grepakomfyr, som drog sitt siste pust for fleire titals år sidan. Herlig sleten, og litt rusta i kantane.



Tavla er ein innertiar, og kjøpt hjå Emmas verden. Gleder meg til å feste advent- og seinare julepynt på henne. Ho har fått plass over vår heller stygge Dovre ovn, og eg synes at heile ovnshjørnet har blitt kvikkare etter at tavla kom opp!


Ein liten tur innom tallerkenskåpa, som eg har vist før. I midten eit lokk med hjerter frå Emmas Verden. Krydderglasa er bruktfunn, og er produsert av Egersunds Fayancefabrik.




Lykta, som er i bruk dagleg, kjøpte eg i sommar hjå Herlighet i Spjelkavik. Denne butikken redda oss på mange måtar etter husbygginga vår, for der var det råd å få kjøpt stæsj i stål til huset, utan å gå konkurs :) Har vore kunde der i over ti år. Det er veldig kjekt å sjå utviklinga butikken har hatt, og eg gleder meg på eigarane sine vegne for at butikken blomstrar og blir oppdaga av stadig fleire. Faceliften med nytt navn og nye fargar, gjorde seg nok også. Det er akkurat denne mixen med lykta som gjer meg glad, at alle dei gamle tinga mine, får følgje av ny, enkel design. Det kan sikkert vere frykteleg å sjå. for nokon som svergar til den romantiske stilen. Men det å finne sin stil, bør vere veldig individuelt! Det er no dette det handlar om; å kunne vere original på sin eigen måte!

Ha ein flott onsdag!



post signature

tirsdag 10. november 2009

Roser til mor, på fars dag...

Tenk å vere så heldig, å få slike skjønne roser! Draumemannen overraska med tre, raude eventyr på stilk i helga. Med slik giverglede, lever han verkeleg opp til bloggnavnet sitt! :) Eg måtte ta av litt på lengda, noko som er frykteleg, for desse rosene er no så flotte fordi dei er så lange! Men eg har aldri investert i ein slik vase. Angrar alltid, når eg treng ein slik.



Men no står dei her i all si prakt; nydeleg mørkeraud fløyel, som breiar seg meir ut for kvar dag. Snart kjem sola inn på kommoden der dei stend, og eg kan sitje lenge og berre nyte synet av dei... Tusen takk, draumemannen min! :)





Ha ein fin tysdag! :)



post signature


mandag 9. november 2009

Badet i 1.etg.

Etter en heidundrandes cupfinale, er eg litt matt i kroppen i dag. Eg sa heile tida, at eg ikkje ville ha ekstraomgangar, og så blei det i tillegg straffespark konkurranse. Eg synes alltid så synd på den eller dei som bommer... Også på dei eg ikkje heier på... Var hos mamsen min på aldersheimen, der ho må vere til hoftebein og handledd gror saman igjen. Eg trur ikkje der har vore så mykje støy ein søndags ettermiddag før... Pleiarane kom inn kvar gong eg hylte, og fekk slik eit godt innblikk i kampen si utvikling. Go guten klarte seg bra, og vart heldigvis ikkje sparka ned denne kampen. Det er rett fole å sjå på når han blir liggjande nede i smerter. Det var så kjekt å sjå når vesle Ingrid Alexandra gav han pokalen :) Søtt!
OK. Fotballsesongen er over. Over til noko langt meir spennande: Interiør :) Kanskje vi skal inn på badet i 1.etg. i dag? Med fare for å ta vatn over hovudet, for der er ikkje nysheina... For 10 år sidan var det mykje fargar i omløp blant husbyggjarar. Vi valgte å bruke kvitt, og litt blått i første utgåve av huset. Gangen vår hadde fargen Blålin, og pyntelista i flisene har omtrent denne fargen. I vår måla vi gangen i ein Sand farge. Så no skulle eg ynskje at badet var heilt kvitt. Men bevares; eg likar no badet uansett! Badet er ikkje så stort, men rommar eit toalett, eit dusjkabinett og ein vask.
Og sjølvsagt ein av mine gamle kommodar, full av badeutstyr og handdukar.




Lillebror sin IKEA krakk er uunværleg! Vi har hatt eit strengt regime her med handvasking i alle år. No er det til og med blitt moderne etter svineinfluensaen gjorde sitt inntog. Ingen går inn, før dei har vaska hendene. Sånn er det med den saken. I vinduskarmen står avleggjarane mine av orkidè, som har fått kose seg i nokre gamle raudvinsglas med bark og jord i. Den eine er i ferd med å blomstre? :) Så søt! Mini-mini :) Skal ta bilde og leggje ut, dersom han sprett ut! Skulle ta over eit år, stod det på nettet. Men dei vart planta i sommar. Oppe på kommoden er eit arva skrin, IKEA handdukar, svarte, blanke lysestakar, og flott zinkfat frå Emmas verden. NB! Kommoden har nydeleg lykjelhol utskore av skinn!



 Ynskjer meg ei høg skåp her inne, for å ha plass til endå meir. Det kunne vore kjekt med eit større bad også, men når ein skal vaske; kan det no vere greit å ikkje ha så digre areal å fare over :) Oppe på veggen tronar den vakre hylla eg fekk av pappa, som eg har vist her inne før.




Spegelen vart limt på veggen, og lagt fliser rundt. Veldig praktisk, og lett å halde rein. Men det er klart; det hadde vore kjekt med ein ny spegel snart? Men viss eg absolutt vil skifte; finn eg nok ei råd ;)







Det var eit lite besøk, på eit lite bad. Det er måndag igjen, og eg har ein følelse av at det blir fredag igjen, før eg rekk å snu meg rundt! Skal kose meg stort i novembersola no! Fotoapparatet blir med.



Ynskjer alle her inne ei retteleg god novemberveke!



post signature

søndag 8. november 2009

Cupfinale i Oslo mellom Møre og Romsdal!

Eg kan ikkje unngå å skrive om fotballkampen som starter om få straxar. Eg er veldig stolt tante, til verdens beste fotballspelar! I alle fall i ei tante sine auger! Fadderbarnet mitt skal i ilden, og det er litt som David og Goliat. Molde har slått Ålesund ved dei fleste anledningar, også i år. Så no er det berre å mobilisere oransje og blå tankar over det ganske land! Det har skjedd cupfinale-under før! :)



Lykke til begge lag; måtte dei beste i dag vinne! OG: ikkje skad guten na tante!!!


Oransje og blå!