.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



fredag 13. november 2009

Svarte, velslitne sko

I dag skulle eg forklare den moseengelen; men eg har rett og slett ikkje tid! Lover å ta det att så snart som mogeleg! Skal på julehandel :) Så vil eg takke for alle koselege kommentarar som kom i går. Supre Magny linka til meg, og bloggverda åpna seg opp :) Kjempekjekt!

Men i farta før i dag, så lånte eg desse små vidundera av nokre barnesko frå mamsen min. Dei er frå ca. 1930, og er brukt av henne og lillebroren. Kanskje fleire også. Eg vart så fasinert, det er så typisk meg å få sånn tidsmaskinfølelse, og drøyme meg vekk til ei anna tid. Det var i alle fall ikkje slik at dei sprang til næraste kjøpesenter, om sko og klede vart slitne. Dette paret har fått nye halvsolar frå Viking, og er størrelse 21. Er dei ikkje skjønne! :)




Dei står på mitt gamle babydynetrekk, med broderte, rosa lam som hoppar og sprett. Ein kan no bli rett sentimental ein fredag formiddag :)

Tusen takk til Marianne som viste meg fleire bilderedigeringsprogram. No kosar eg meg stort... Draumemannen har gitt opp å få kontakt når eg setter meg ned med stort smil om munnen, og kameraet blir kobla i pc`en :) Då er det gjort! :) Då er det Elintid...



Håper de har ein fin fredag der ute. Ha ei flott helg!




post signature

7 kommentarer:

Anita fra hjerterommet sa...

Ja lett å drømme seg bort når en kommer over slike skatter:) Ikke lett å få kontakt med meg heller når jeg etter meg foran pc og flyr av sted til blogglandia.. litt skummelt egentlig.;)

Magny sa...

fine skatter...

kommer ikke over denne flotte grønne engelen din,- er helt imponert...
klem, og fiiin helg...!!

magny

Hilde S. sa...

Så nydelege sko du har etter mammaen din.
Ein skulle ønskje at slike gamle ting kunne fortelje historia si.
Fantastisk engel du har laga:))
God helg til deg og dine.
Smil H

Catherine A. sa...

Hei Elin!

For noen fantastiske sko - en vandring i historien.. Jeg skulle ønske jeg hadde noe så verdifult fra mine forfedre. :)

Må si meg enig med Magny over - den engelen var noe for seg selv. En slik vil jeg også ha!

*Smil* fra Catherine

Karin sa...

For en nydelig mose-engel,har aldri sett en slik før. Den var bare fantastisk altså. Vil ha... Vil ha.. Vil ha... Regner med du får mange koslige kommentarer på den der fra de som besøker deg. Kjempekoslig blogg du har. God helg!

Idun.. sa...

Hei igjen Elin!
Har eg ikkje nemnt ein gong før at eg bur ca ein times køyring frå Emmas Verden? Kjæresten åt bror min er Langevågstaus :)Så eg er og priveligert med utsikt over Sunnmørsfjordar- og fjell frå stova mi :)

Men no skal eg og poden ete frukost før han skal til farmor. Mor skal nemlig få reise på moa aleine for ein gongs skuld ;)

Du får ha ein fin laurdag, så bloggast me seinare :) Klem frå Idun

Magny sa...

engelen din er da fin som den er,- hva skal du da fikse på...? ingen som ser hvordan den er montert,- om magen er litt løs, og sånn...
selv hadde et tenkt å lime blondestoff inni engelen,- men hvilken lim eg da skulle brukt,- ikke vet eg...
ha ne skjønn helg, nå drar vi til foreldrene mine til i morgen,- blogges,**
klem, klem^...