Lillebror har ikkje heilt fått med seg korleis denne blogginga foregår. Han vil veldig gjerne sjå på bilda, og nikkar gjenkjennande. Han veit at rommet til storesyster har vore fotografert, og når eg og kameraet kom opp på loftet i dag, var han heilt klar på at det var BERRE å gå inn på hans rom å ta bilder! :) Men rydde; det var ikkje nødvendig! Så her er ein vegg som ikkje er avbilda... Rommet er veldig lite, og han må nok få overta gjesterommet etter kvart. Men enn så lenge fungerar dette fint. Senga har mormor også sove i når ho var lita. Kista er eit bruktfunn, og er super som nattbord/oppbevaring. Dessutan er ho av og til viktig i Sabeltannleik ;) Lampen er kanskje det mest spesielle her inne. Så vakker i glas med mønster. Og viss han knuser under leik... Uff, det er klart slikt kan skje. Men han er så fin inne på rommet til lillebror...
Ynskjer alle der ute ein kreativ fredag!
Her skal huset få seg ein shinings!


