.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 27. februar 2010

Inspirasjon Jeanne d`arc Living - igjen :)

Eg er veldig glad i magasinet JDL. Blir superinspirert av reportasjene. Og sjølv om eg hatar å øydeleggje desse blada, har eg teke ut nokre sider, og festa dei i lokket på zinkboksen min på kjøkkenbenken. Rett og slett for at eg blir glad å å sjå på bilda dagen lang :) Enkelt å glede meg... Akkurat no har eit zinkhus og nokre gamle brusflasker fått lov å stå der og spegle seg i glansen frå dei. Eg ynskjer meg to tolix-stolar, gamle hadde vore supert. Men, time will show...






Håper kvelden din blir fin! :)



Sol i fjorden min :)




Det er håp om vår i år også! Her er plussgrader i solveggen,
og snøven smeltar ørlite dag for dag!

Ynskjer alle ein god laurdag!


fredag 26. februar 2010

Verdens lengste husvask...

Det blir det, når eg er i dagens modus. Eigentleg ikkje innstilt på å vaske. Heller gjere alt mogeleg anna. Og så er det så fint ute! Ein skulle no vore ute og gått tur... Og så er det mykje som må flyttast på. Kanskje hagemøblane skal få sleppe ut att i hagestova? Ikkje lenge til sesongåpning! Trur eg... Og så hadde eg gløymt at dei ikkje går ut gjennom vaskeromsdøra... Ja der stod dei to stolane fint. Midt på kjøkkengolvet... Og alle krefter gjekk med til å få dei akkurat dit. Og dei andre i familien er ganske uinteresserte i kva eg styrar med. Heldige dei. Men kva skal folk sitje på inne på stova, viss det skulle vise seg at veldig mange treng sitjeplass? Benken. Den som vi brukar ute om sommaren. Og den klarar eg å bere inn FRÅ hagestova. Litt styr å få han rund hagemøblane på kjøkkenet. Uff. Eit siste krafttak.Og eg får stabla dei utanfor utgangsdøra. Er eg skikkeleg heldig no, blir dei fulle av kattepiss... Døra vår er nemleg ein fin plass å markere territorium på. Og med varmepumpa rett innanfor, blir heile huset fullt av denne herlege stanken. No sitt eg her og ventar på mannen som reiste for å handle for evigheiter sidan. Ungane har også fordufta. Eg er sikker på at dei tek seg god tid, i håp om å sleppe å hjelpe meg å få på plass alt mogeleg. Kanskje har Mc Dreamy vore her, og snudd, når han oppdaga hagemøblane som eg stabla i høgda utanfor huset? Beste som finns då, er å setje seg ned i ein stol, og studere dagens bilder. Og flire litt av alt styr eg lagar. Og sånn vart dette innlegget til. Med litt frustrasjon, men etter kvart berre eit stort smil. Eg er jammen ein travel type, stakkars medsambuarar!



Men reint vart det, og ryddig :) Og då er alt berre velstand!
Nyt fredagen folkens!


Guterommet i heimen :)


Lillebror har ikkje heilt fått med seg korleis denne blogginga foregår. Han vil veldig gjerne sjå på bilda, og nikkar gjenkjennande. Han veit at rommet til storesyster har vore fotografert, og når eg og kameraet kom opp på loftet i dag, var han heilt klar på at det var BERRE å gå inn på hans rom å ta bilder! :) Men rydde; det var ikkje nødvendig! Så her er ein vegg som ikkje er avbilda... Rommet er veldig lite, og han må nok få overta gjesterommet etter kvart. Men enn så lenge fungerar dette fint. Senga har mormor også sove i når ho var lita. Kista er eit bruktfunn, og er super som nattbord/oppbevaring. Dessutan er ho av og til viktig i Sabeltannleik ;) Lampen er kanskje det mest spesielle her inne. Så vakker i glas med mønster. Og viss han knuser under leik... Uff, det er klart slikt kan skje. Men han er så fin inne på rommet til lillebror...





Ynskjer alle der ute ein kreativ fredag!
Her skal huset få seg ein shinings!




torsdag 25. februar 2010

Klesinspirasjon frå interiør?


Fekk meg ein kjempeoverraskelse i dag :) Line med bloggen Morsomme ting i hus og hage  hadde nådd tusen besøkjarar på bloggen sin, og ville difor gje MEG ein presang! Høyrt på maken!? Eg er kjempeglad! Eg synes Line har ein flott blogg, og ho er ein av nykomarane som har fått mi merksemd siste vekene. Så no er eg kjempespent på kva ho skal sende meg? Tusen takk for flotte ord og omtanke! 
Vi har vore på handel på kjøpesenter i dag. Alle fire. Mc Dreamy likar det IKKJE! He-he :) Det skjer svært sjeldan. Eg er MYKJE bedre på å handle til huset, enn til meg sjølv. Men no var det på tide! Sjølv om eg mykje heller ville gått på skattejakt i ein bruktbutikk for eksempel... Men er eg påverka av interiøret mitt når eg shoppar? Ja, eg lurer no jammen på det? ;) Tenkte ikkje over det før eg var vel heime igjen. Men ein skulle tru at all tekst og alle tal som har prega meg siste vekene låg og lurte når eg kjøpte meg ny kjole? Eg brukar veldig mykje svart og kvitt i klesstilen min, så det var inga bombe. Men resten? Og då er det bloggbart? Er det ikkje det? ;)



Nyt torsdagskvelden!



Smile...

Har lyst å sende ei spesiell helsing i dag til alle som strevar, som kjenner at dagen er trasig, og at alt kunne vore så mykje bedre... Eg vil leggje ved ein sang, Charlie Chaplins "Smile". Så kanskje du kjenner at ting flytter litt på seg inni deg. Lytt til teksten, eg synes han er så fin. Mi oppskrift på slike dagar, er å tenkje på alt som er bra, og fokusere på ting eg gleder meg over. Og så kan det også hjelpe å berre prøve å smile...  Og viss du har ein flott dag, verdsett han! Ta han med deg vidare. Putt så mange gode minner du kan inn i hjertet ditt. Gå deg ein tur, sjå på alt det vakre vi har rundt oss, sjølv om det er snøv og vinter ute. Lyset har kome for å bli! Og vi veit, at under all snøven, ligg spirane og ventar på vår...

Ha ein fin torsdag!



Smile though your heart is aching

Smile even though it's breaking
When there are clouds in the sky
You'll get by
If you smile through your fear and sorrow
Smile and maybe tomorrow
You'll see the sun come shining through for you
Light up your face with gladness
Hide every trace of sadness
Although a tear may be ever so near
That's the time you must keep on trying
Smile what's the use of crying
You'll find that life is still worthwhile
If you just smile
When there are clouds in the sky you'll get by
If you smile
And maybe tomorrow
You'll see the sun come shining through for you
Light up your face with gladness
Hide every trace of sadness
Although a tear may be ever so near
That's the time you must keep on trying
Smile what's the use of crying
You'll find that life is still worthwhile
If you just smile

Charlie Chaplin


 

onsdag 24. februar 2010

Inspirasjon frå ei Madonna...

 Eg ville så gjerne lage eit innlegg om mi kjære Madonna i dag. Fordi ho har allereie blitt ein elska eignalut, og fordi ho representerar stilen eg har valt etter at eg byrja å blogge. I dagane framover skal nye, gamle ting i hus. Måling og snekring er stikkorda. Den som ventar, får sjå ;) Men Madonnaen er i alle fall inspirasjonskjelda til alt eg skal i gang med. Og no fungerer det nye red.prog. her inne! HURRA! :)




Ha ein fin fin onsdagskveld!




Bloggen fyller fem månedar! :)

Gratulerer kjære blogg! Du fyller fem månedar i dag! Tusen takk for at eg laga deg, og at du har gitt meg så mykje glede! Tusen takk for alle flotte menneske eg har blitt kjend med, og alle gode ord eg har fått gjennom deg! Føler at det er eit slags teikn at eg måtte tilbake til det gamle programmet for å få laga dette innlegget, for eg HATAR det! Og det minner meg om alt kavet eg hadde for akkurat fem månedar sidan... :) Gir herved opp å få lagt ut dei andre bilda eg har ordna i dag! Kjem tilbake når ting har roa seg her inne!
Og til alle mine lesarar: TUSEN TAKK for at dokke deler med meg her inne i draumeverda mi!
GOD KLEM FRÅ ELIN :)

tirsdag 23. februar 2010

Draumetaus og påske egg i vintersol

                                                      
Eg kjenner sola varme, høyrer bølgjene slå... Kjenner stikk av vår mot panna, merkar minna om denne årstida er sterke sjølv om dei vart til for lenge sidan...

Glitrande snøv gjer synet slørete, men eg skimtar framtida gjennom smale auger. Der er lyst, og fint. Visjonar om lukke og kjærleik får meg til å danse framover februardagane, i lengsel mot varmare tider.

Vil du danse saman med meg?



















mandag 22. februar 2010

Sykkelen ved fjorden






Av og til lurer eg på om idèane mine skal ta slutt? At det kreative ikkje vil vere med på leiken meir? Om dagane blir tunge, og eg ikkje orkar å blogge... Heldigvis er det ikkje slik. Men kanskje lurer du på akkurat det, når eg ikkje legg ut innlegg kvar dag? Eg skal bli flinkare å ta pausar, å ikkje måtte leggje ut noko nytt, sjølv om det aldri er eit problem. Ein kan nok bli hekta på dette, som så mykje anna? Denne veka skal eg og draumetausa kose oss og ha vinterferie. Så kjem eg innom av og til. Legg ved eit nytt bilete av sykkelen ved fjorden. Trur eg skal lage til eit lerret med dette motivet?

Ynskjer dokke alle ei flott veke!



søndag 21. februar 2010

Vinter for seksti år sidan...


I dag reiser vi tilbake i tid... Til den tida mamma og pappa var unge, og var på fjellet og kosa seg. Eg elskar desse bilda av dei, det strålar lukke og forelskelse lang veg :) Årstalet er ca. 1953.
Men tenk, bilda merkte med Draumesidene nederst, er frå i ettermiddag :) Heldige meg har fått kose meg i solveggen, og ete appelsine og KvikkLunsj... Og drøymt om gamle dagar...











Ha ein fin søndagskveld, og takk for uendeleg mange gode ord angåande innlegget under!
Alle er lagra i hjertet mitt!