.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 28. november 2009

Skomaker Andersen...

Då eg var lita jente, var det forskjellege ting som skulle til for å få rette julestemninga. Men det første som måtte på plass var den svarte smijernsadventsstaken. Han var for tynne lys slik eg hugsar det, og så trur eg at han var veldig raglete? Det var i alle fall eit fole styr for å få han til å stå rett, og at lysa ikkje skulle vere for skeive. Korriger meg gjerene kjære storesyster; du les vel dette? ;) Det andre som var livsviktig var adventskalenderen. Dessverre kan eg ikkje hugse om vi i starten hadde heimelaga kalender, eller kjøpt? Seinare år var kalenderen i alle fall kjøpt. Og så vart det aldri skikkeleg julestemning utan Skomaker Andersen og Jon Blund på barne-tv i desember... Eg husker enno den voldsomme skuffelsen, når rikskanalen prøvde seg med andre innslag... Vi kunne alle replikkane, og levde oss inn i denne serien. Heimen hans romma nok mange skattar for oss interiørinteresserte? Litt shabby, med gode loppefunn? :) Det var alltid snøv i gata hans. Ungane hadde raude kinn, og var sympatiske, hjelpsame og glade... Dei vaksne var meir skiftande i humør, men vart nøytralisert av denne skomakeren med eit hjarte større enn kaffiboks. For kaffien, den vart han stadig lens for?  Til slutt kom Jon Blund i ein eller annan rar doning, for å opplyse oss om barn sine rettigheiter i verda. Dette gjorde inntrykk, for der var teikningar barn hadde laga av ungar som ikkje hadde det så bra. Og vi andre som gleda oss til jul... Eg veit eg såg att serien for nokre år sidan, og vart litt skuffa. Eg hugsa han betre enn han var... Vi har nok forandra oss alle som såg på; men ikkje minst har samfunnet forandra seg, og underhaldninga er meir actionfyllt og spekka med detaljar. Men kanskje var adventstida med Andersen sitt varme hjerte, eit godt innslag i barndomen. Eg hadde gleda meg til Blåfjell i år, men såg at det er Jul i Svingen som skal visast. Eg synes at det var ein fin serie, men sakna meir jul! Flott musikk, og gode skodespelarar, men ikkje nok stemning for min del... Men vi kjem til å sjå på saman med borna, for det er koseleg å nærme seg den 24. på denne måten :) Innlegget i dag blir ein hyllest til fortida, til skeive lysestakar, til ein lett forvirra skomakar, Jon Blund , Tøffe Tøflus og alle dei andre i Skomakargata. Eg hadde dessverre ikkje ein persillekvast å leggje ved dei gamle skoformene :)
Snurr Film!












God laurdag!




post signature

fredag 27. november 2009

COOP, englar og Alfred Nobel...

I all mi sorg over kjøpesenter og blomsterbutikkar over ein halvtime borte, gløymde eg heilt COOP. Når ein bur på ein plass der ingen skulle tru at interiørinteresserte kunne bu, er det svært fint å ha samlaget å stole på. For i går når prinsen skulle hentast i barnehagen, fekk eg auge på den eine openbaringa etter den andre! No vart ikkje det heilt slik eg tenkte i dag likevel, for nevnte draumeprins byrja å kaste opp i eitt tida i natt, og held på til 7 i dag tidleg... Kan ikkje forstå at Mc.Dreamy er veldig våken på jobb i dag... Bilda mine er i alle fall tekne med ei auge att... :) Men prinsen sjølv et Mariekjeks, og er kjempeglad for å få lov å drikke cola! Eg håper vi andre går fri, sjølv om dette er ein effektiv måte å måtte vaske ned på før jul ;) Adventsstaken eg fekk av pappaen min for ti år sidan, står og lyser på kjøkenbenken. Han hadde også vore på samlaget, og kjøpt denne til meg, utan hjelp frå mamma. Eg er glad alle pærene lyser, dette er eit veldig fint minne frå min kjære far. Så til deg som bur i grisgrendte strok; husk at COOP er litt ditt! Og av og til er skattane store, berre ein ser etter! Eg har blanda saman englar og Alfred Nobel i dag, dynamitten står kanskje i kontrast til det sarte eg prøver å formidle? Men du; lat att augene, nesten... Då ser Nobel ut som Noel... :)











No er adventshelga her!





post signature

torsdag 26. november 2009

Julestemning i slutten av november?

Eg sat og leste blogginnlegg før i dag, og ser at mange er i full gang med pynting til advent. Og eg hadde nok også vore komen litt lenger, dersom eg kom meg til ein blomsterbutikk. Men enn så lenge, er eg heime med denne tullete nakken min. Ei som les bloggen min, lurte ein dag på om eg snart var ferdig til jul? :) Det kan vel sjå sånn ut med God Jul-skilt i midten av november, og englar i fullt driv ved inngangsdøra... Men her er ikkje så mykje pynt enno? Vil du sjå? Eg har gått ein runde på kjøkken og stove, og leita etter julestemning. Boka eg viser, fekk eg til jul i fjor. 2008 var eit tøft år på mange måtar, og det var ikkje fritt for at ei tåre rann når min kjære (som ikkje synes han får til å kjøpe presangar til meg) hadde kjøpt denne til meg. Berre tittelen hjalp på humøret mitt. Ho inneheld små tekstar om mor, og kor viktig mammaene er... Kalenderbladet for november er også litt julete. Det er draumeprinsen som står bak meisterverket :) Ellers  har eg fått tomme medisinglas frå mi snille naboveninne Therese! Tusen takk! Eg vart så inspirert av Anita, og laga nokre små sukkersøte pynteglas i går kveld. Sjølvsagt med lerkekongler og kvite perler! LOVE IT!!! Har forresten fått tilgang til eit heilt NYDELEG lerketre, og skal plukke greiner til krampa tek meg! :) Har også tatt bilder av bakveggane på glas-skapa på kjøkkenet igjen. For det er no juletekstar der! Den avlange trekassa, som er ei gamal verktygkasse, fekk eg av ei snill, gamal dame i helga. Eg blei SÅ glad. Ho stod og rista på hovudet, og kunne ikkje forstå min entusiasme... ;) Må be henne på kaffi og julekaker, og vise kor flott kassa gjer seg i vindaugskarmen, saman med kritkvite, blomstrande orkidear. Lerkekransen har fått plass ved sidan av tallerkenskåpa. Konklusjonen er vel at her ER litt Elinjulestemning? Forresten; no har fleire av jule CD`ane mine fått kome opp av skuffa. Maria Arredondo og Josh Groban sine nydelege stemmer rungar utover mitt interiørlandskap i dag :)

















Ha ein jønå god torsdag! :)





post signature

onsdag 25. november 2009

Julebaksten anno 2009

Hei alle saman! No har her vore eit styr! :) Eg har hatt husransakelse etter peparkakefomene våre! I fjor var eg ikkje frisk nok til å styre så veldig før jul, og eg visste at dei ikkje var i bruk då. MEN: kvar i alle dagar kunne eg ha putta dei? Mc. Dreamy foreslo mørkeloftet saman med julepynten; men dette kunne no vel ikkje stemme? Eg var også ein runde ned i huset til mamsen, i tilfelle ho hadde forbarma seg over ungane anno juleforberedelsar 08. Men nei. Det kan lønne seg å sove ei natt før ein leitar vidare... For i dag fann eg posen i den skåpa eg leita gjennom før eg la meg i går :) Under nokre dukar. Heilt feil ifølgje hovudet mitt, men sikkert eg som har lagt dei der. No skal dei få sin eigen plass i høgeskåpa frå IKEA. Så viss eg leitar neste år, så kanskje nokon av dokke der ute kan minne meg på kvar eg la dei frå meg i år ;)
På førehand takk! NO er vi klare til julebaksten! Forresten : Fekk kjempefin pakke i posten i dag frå
Wallas Verden! Nydeleg lenkje, som eg har hengt opp gamle julekakeformer i! :)
Og den søte juleposen fekk eg på kjøpet! TUSEN TAKK! Kjempefin!











God tysdag, og lukke til med å finne fram alt som høyrer jula til! ;)




post signature

tirsdag 24. november 2009

Bind deg ein lerkekrans... :)

Hei alle saman! Det var så kjekt å sjå at så mange var innom bloggen min i går! Eg hadde ein kommentar inne på NIB, det var nok forklaringa. Men tusen takk for nydelege ord, og mykje skryt! Eg er ikkje heilt i storform for tida, så det er godt å ha så mange som sit og heiar på sidelinja...
I serien "Elin gjer ting ho ikkje kan", har vi kome til binding av lerkekrans. Eg hadde plukka ein dunge med lange, tynne greiner, med tanke på at dei skulle bøyast. Starten var verst. Eg prøvde å forme ein avlang runding. Eg la nokre greiner annakvar med tynn og tjukk ende mot kvarande. Så surra eg nokre punkt med tynn streng. Eg var så bekymra for skøytane eg laga skulle vise, men etter kvart vart ringen sterk nok til at eg berre fletta greinene inn i kransen. Sånne tynne lerkegreiner er veldig fine å arbeide med. Eg snara dei rundt og rundt den innerste kjernen, og la inn i tjukkare greiner med kongler på. Til slutt vart kransen rett fin! Eg brukar å vere grusomt sjølvkritisk; men denne passerte kontrollen! :) Anbefalast på det sterkaste! Du kan no velge kva pynt du vil bruke; eg har hengt opp englar og hjerter i zink, kjøpt hjå Emmas Verden.








Håper du har ein fin, kreativ dag!






post signature

mandag 23. november 2009

Den blå timen...

Ein nydeleg novembermorgon er på hell... Den blå timen har gått over til dag, og sola ligg bortover fjella. Eg er så uendeleg heldig som kan oppleve slikt, å sitje ved utsiktspunktet på steinbenken, og ete peparkaker og drikke saft... Sauefellen er varm og god, og verdas vakraste fjell og fjord i panoramautsikt framfor meg. Det er snart desember, og det ser ut til at snøven vil vitje oss seinare i veka. Advent. Lilla og mild, med tusen juleljos. Midt i mørkaste tida, kjem advent og lyser opp liva våre, og minner oss om bodskapen og høgtida som snart kjem. Ein månad til lille julaften i dag. Og det er ikkje alle kakene, vasken og pakkane som tel... Det er å nyte stundene; og dei du er glad i. Å stoppe opp midt i alt jordisk, sjølvpålagd stress, og kjenne kalde snøvkyss frå himmelen, og likevel vite at det går mot lysare tider igjen. Advent. Lengsel, glede, håp og fred.











Med ynskje om ein flott måndag til alle!





søndag 22. november 2009

Mineralvatn og kjøpte peparkaker på ein sundag...

Det ser ut til at sola skal kome fram igjen i morgen, så sjølv om regnet har gitt seg, blir det eit inne-innlegg i dag også. Alle i heimen er i søndagsmodus. Det er godt å gjere som ein vil; og vi har ganske ulike interesser :) Men alle ser ut til å vere nøgd med sitt eige styr og stell, og ingenting er betre enn det! Draumeprinsen har funne fram tusjane sine, så der er ikkje eit knyst eingong frå den kanten! Mc.Dreamy les aviser, og draumetausa er ute på besøk hjå veninner.Og mor sjølv... dokke kan no lure på kva ho gjer når ho får fred og ro... ;) Kameraet heng i alle fall rundt halsen, og så er det eit styr ei lita stund. Men ikkje så lenge. Eg er ei veldig rastlaus sjel, med lita trott... Så når nokon spør om eg bruker heile dagane mine på blogginlegga, så er nok det heilt feil. Men det er SÅ kjekt! Akkurat no når eg skal sjekke dagens fangst, har eg sommarfuglar i magen. Er der noko blinkskot? Eg har laga eit kremmerhus av hønsenetting, inspirasjonen fann eg hjå Magny! Supre idèar kjem trillande på rekkje og rad frå den flinke dama! Setter utruleg stor pris på Magny sine mange smil og gode ord! I dag er det peparkaker i kremmarhuset, men dei er ikkje heimelaga... Litt tidleg for julebakst enno synes eg. Elles er det gamle brusflasker som poserer, saman med andre kjære ting i ei nyinnkjøpt setjekasse. Håper du har fått litt julestemning, det har eg! Men eg trur det var lukta ta levande lys og peparkaker som gjorde utslaget i dag! :)

















Ha ein kjempefin sundag alle saman!



post signature