.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 3. oktober 2009

Helgekos



Måtte no legge inn nokre bilder i dag også eg... sånn er det når ein er fersk i gamet? Hadde lova meg sjølv å ikkje bruke så mykje levande lys denne sesongen, etter å ha vaska ned tak og vegger i vår... Men no er eg i gong igjen. Er heilt avhengig! Og når vèret er så dårleg, så blir det ekstra viktig å kose seg maksimalt inne? Det går nok bra til slutt, uansett! Fortsatt god helg!

fredag 2. oktober 2009

Lysekrunemani?



Eg lurer på om eg har fått eitt eller anna virus som får meg til å handle lysekruner? Vi kjøpte ei på måndag, og jammen kjøpte eg ei i dag også? Det viste seg at den vi kjøpte med Lunehjem, var for lang til draumetausa sitt rom. Vi kunne sjølvsagt kutte av opphenget, men vi var alle einige i at det var synd å gjere... Så i går kveld fann eg ei på Netthandelen. Eg er ikkje så bevandra i nettauksjonar, har vel kjøpt eit bilde ein gong. Men med bestemte tastetrykk 10 minutt før endt auksjon, sette eg i gang. Sjølvsagt var der ein som ikkje gav seg... Hadde sett grensa på 150 kroner, for det kjem frakt og gebyr opp på prisen. Sidan ein må by 15 kroner i gangen, kom siste budet mitt på 155 kroner. Og jammen gav den andre personen seg! Det blir spennende å sjå lampen, og om han svarer til forventningane? Så får eg passe på å ikkje hoste eller nyse på nokon i helga, slik at dette viruset spreier seg på internasjonalt nivå... Har vel att av alle dei desinfeksjonsserviettane vi kjøpte i sommar? Ha ei flott helg der ute!

Epler og pærer, de vokser på trærne, når de blir modne, så faller de ned!



Veit ikkje kvifor eg ikkje har tatt desse stakkars, våte pærene inn på stova før, dei blei nok sikkert glade? Og så fine som dei var! Vi har snille naboar, som let oss plukke epler og pærer i hagane deira. Som sagt så har ikkje vi frukt-tre sjølve enno. Desse grøne sjarmørane skal hermetiserast med hjelp frå mamsen min.

Yndlingsting


Eg har mange ting rundt meg som eg er veldig glad i. Men viss eg skulle velge ein einaste ein, så trur eg at det måtte bli dette gamle tolitersmålet. Er ikkje heilt sikker på opphavet, men i beste fall har mine oldeforeldre brukt det. Og det er koseleg å tenkje på når eg står på kjøkkenet og lagar mat. Det står i vindauget, og er rett og slett eksklusivt! Elskar dei detaljane, men likevel den klare gullfargen i midten. Under er eit avtrykk av eit stempel. Det står NJV5. Vil gjerne vite meir om dette, viss eg er så heldig at nokon les dette, og har kunnskap om det? Ha ein fin andre oktober alle saman!

torsdag 1. oktober 2009

Lys i mørket


I dag fekk vi pakke nr. to i posten. Lune hjem pakke i går, og Veslestua skattar kom fram i dag. Eg har også blitt bedre kjend med postmannen... Pakken i dag inneheld bl.a.lysekruna draumetausa har bestilt til rommet sitt. Den var nyyydeleg! Absolutt godkjend; mor sjølv har allereie prøvd henne over kjøkkenbordet...Hausten er lampane si årstid. Ein brukar dei sjølvsagt heile året, men eg har gløymt i løpet av den lyse årstida, kor godt det er å ha lune lys rundt seg når sommaren er over. Det er akkurat som om eg gjenoppdagar lyskildene kvar haust. På bildet er ei anna lampe som står på kjøkkenet. Med sine kulerunde former, og dempa lys er ho ein vinnar på mørke haustkveldar. Min konklusjon er, at for å ha det godt må eg ha mengder med lys, både elektrisk og levande, i form av telys og andre, for å oppretthalde energi og humør dei neste månedane. Då kan det både regne, storme og hagle på vindauga for min del... Vi er trygge og varme inne!

onsdag 30. september 2009

Gamle ting


Huset vårt er fullt av gamle antikvitetar, store og små. I dag har eg kosa meg med å ta bilder av den gamle handveven min. Denne fekk eg av ei dame som betydde mykje for meg. Er litt merkeleg dette; det er godt å ha gåver frå folk som ikkje er på denne jorda lenger. Og spesielt når det er ting ein har framme, og som gjev gode minne om fortida. Eg har kjøpt mange av desse tilårskomne skattane, men ser at etter kvart som eg blir eldre, er det svært kjekt at det ein har rundt seg, også kan knytast opp til personar eller ei felles fortid. Det var sånn eg byrja med å byggje små bord og hyller av fjøler som kjem frå tipp-tippane sine stovehus. Resirkulert arv, som eg sjølv kallar det. Nostalgi og design? I alle fall kjempekjekt å halde på med!

tirsdag 29. september 2009

Orkidedraumar...


Med ein liten draumeprins i hus, med astma og allergi, er det ikkje så mange inneblomster hjå oss. Men i nesten alle karmar finns det orkidear. Nydelege, med eige gemytt, og stadige nye spirar som treng assistanse opp i høgda. Den eldste, over 8 år, må vel inneha ein slags rekord, for eg kan ikkje hugse å ha hatt ei plante så lenge før? Med 16 store, kvite blomar er den ikkje mindre enn ein ynskjedraum! Eg vatnar gjengen sånn ein gong i veka, og snakkar litt med kvar enkelt av den veksande familien. Eg har også sett avleggarar, som danna seg oppe på ein stengel. Desse må ha eit par tre cm.store røtter, før ein setter dei i orkidejord. Dei bør bli dusja regelmessig med lunka vatn. Orkiderøtene vil også gjerne ha lys, så det er lurt med gjennomsiktig potte. Det er også viktig at vatnet får renne av etter kvar vatning. Gjødsel får ein kjøpt på blomsterbutikk, og dette gjev ekstra fine resultat.

mandag 28. september 2009

Skattejakt


Eg har vore på skattejakt i kjellaren til mamma. Der dukkar det stadig opp nye gjenstandar, alt ettersom kva eg er på leiting etter? Denne gongen fann eg mormor si gamle kakeform. Den er utruleg flott, det står Sky-Line Bakeloy nedi, og den er engelskprodusert. Har også vore og funne nokre gamle trekasser. Dei må ha seg ein omgang med kost og grønsåpe, men gleder meg veldig til å få dei på plass i huset. Ellers har draumetausa mi på 9 år bestemt seg for at ho vil ha eit skikkeleg rom, som ligner på huset sin stil elles... Tidleg krøkast... Så ho har bestilt seg nydeleg lysekrune på Veslestua.no, og diverse andre pynteting og sjablongar på Lunehjem.no. Så no blir det bort med turkise effektar, og Hannah Montana plakatar. Veslemor vil slå seg inn på den landlege stilen, med innslag av mors resirkulerte arv produkt... Veslebror, draumeprinsen på 4 år, kom kjapt inn i diskusjonen, og fortalde at han var tenkt å få seg ei skute som seng... Og andre gardiner... Det ligg visst i genene dette her? Her er det berre å brette opp ermene!

søndag 27. september 2009

Epledraumar...



Nedfallsepler er gode skattar. Etter stormen som slo inn i natt, fann eg 6 nydelege, raude frukter under nabotreet. Det resulterte i 2 flotte eplekaker no i ettermiddag. Ellers har eg sjølv eit prydepletre, med vakre mørk rosa blomar på våren, og kjempesøte småepler på hausten. Eg plukker inn og har i vaser, men også på små fat.