.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 26. desember 2009

Jul i huset vårt!










post signature

fredag 25. desember 2009







post signature

torsdag 24. desember 2009

Askepott i draumeverda ... GOD JUL! ♥

Endeleg er dagen her! Julaften med alle sine kjensler, lukter, matrettar og tradisjonar... Borna skin av forventning i augene sine, og vi vaksne kjenner at det kriblar vi også; mest fordi vi er spente på om dei likar gåvene sine? Vi har oppfyllt mange ynskjer, og eg kan nesten ikkje vente på kvelden! Draumetausa vakna med ein gullfisk i bolle på rommet sitt. Forundringa og gleda var stor! I ettermiddag skal vi inn på ein gard og møte julenissen. Men vi skal også finne plass til juleevangeliet, og studere stallen som har kome opp på kommoden. Eg trur vi skal få tid til alt. Julaften er så forferdelen lang nemleg ;)

Eg har ei gåve til alle dokke der ute også. Sidan november har eg arbeidd med dagens innlegg. Eg veit ikkje om det vart så vellukka som eg håpa det skulle bli, men no får det bere eller briste. Tre nøtter til Askepott på NRK har vore med meg kvar gong filmen har gått sidan syttitalet. Ikkje alltid eg har tid å sjå heile no som matmor, og vertinne, men filmen er alltid i bakgrunnen på julaften formiddag. Eg kjøpte filmen på VHS for lenge sidan av den grunn, for eg likar å få sett han i løpet av jula. Eg har alltid lurt på kva det er som skaper magien i filmen, kvifor menneske i så mange land elskar Askepott, stemora og ikkje minst den vakre prinsen... (SUKK) I fjor las eg ein artikkel i Dagbladet, med intervju av ein aldrande mannleg hovedperson: "Ingen av dem (hovedrolleinnehaverene) hadde kjærester på den tiden. Og Pavel lot seg begeistre. - Vi ble forelsket i hverandre under innspillingen. Da filmteamet var opptatt med andre ting, snek vi oss bort i skogen og kysset hverandre. Det var så kaldt på filmsettet at vi måtte dele på kroppsvarme for ikke å bli helt blåfrosne, sier Pavel. Filmen ble hovedsakelig spilt inn i Sør-Tyskland i bitende vinterkulde. Pavel mener det jevnt over var 20 minusgrader. Han ler når han forteller om kostymene de hadde på seg, som egentlig var beregnet for sommerbruk. - Det var ikke særlig mye varme i den tynne strømpebuksa jeg løp rundt i. Det jeg husker aller best fra innspillingen er at vi frøs hele tida, sier Pavel."

http://www.google.com/search?q=http%3A%2F%2Fwww.kjendis.no%2F2008%2F12%2F24%2Fkjendis%2Ftre_notter_til_askepott%2Fhusker_du%2Ftsjekkia%2Fnrk%2F4148207%2F&rls=com.microsoft:no:IE-SearchBox&ie=UTF-8&oe=UTF-8&sourceid=ie7&rlz=1I7GGLL_en

Eg trur nok at han snakkar sant. At det er løyndomen bak dei gnistrande blikka, og dei kjærlege smila mellom hovedpersonane; prinsen og Askepott VAR verkeleg forelska... ;) Eg håper du finn kavalkaden min underhaldande; ein del av bilda kava eg ekstra for å få på plass :) Innimellom er bilder som eg har lånt frå div. nettstadar, henta ut av filmen Tri Orisky pro Popelku. Sitata er slik eg huskar dei i hovudet, har ikkje sett gjennom filmen! Den skal eg og draumetausa sjå saman på NRK i førmiddag! :)

ENJOY :)




"Alt må være perfekt til de kommer!"



"Og hvor er prinsen?"



"Hvor ble hun av? Den vesle jenta?"



"Du fryser ihjel!"
"Ta med det som faller ned på nesa di!"



"Skal jeg?"



"Der jeg kommer fra kan selv et barn klare det..."






"Du hadde skremt vettet av de andre på ballet, sånn som du ser ut!"



"Ertene skal i kurven, og asken i skåla"



"Min far sa alltid at jeg skulle ri til mitt første ball..."



"Jeg ville gå, men nå vil jeg bli her og danse med deg..."





"Hun vil ikke vise fjeset sitt, hun er så beskjeden stakkars..."



"Men! Dette er jo en brudekjole!"



"Har du funnet svaret på gåtene?"



"Askepott! Vår Askepott! -og min, viss du vil ha meg da?"



"Studiene! Historietimen! Vent!"




Ha ein fantastisk dag alle saman!

GOD JUL!





post signature

HURRA for LISJE ASTRID!!! :)

Då har eg delt ut årets fyrste julegåve! Og eg sa til Mc.Dreamy at han fekk grave djupt i skåla med lappar. Eg var veldig spent, der var 53 deltakarar, og mange hadde to og tre lodd. Og eg må innrømme at eg heiar meir på somme enn andre... "Kva er det du har skrevet her då?" Draumemannen rynka på nasen. "Lisje Astrid? Er det ein blogg?" Og då strålte ho draumemor over heile fjeset. For Astrid er ein av dei som legg att kommentarar ofte, og er eit smil i kvardagen min! :) Så gratulerer Astrid! Fint om du legg inn ei mailadresse under her, eg skal ta den bort etterpå, dersom du ynskjer det!






No må vi sove ei lita stund, føler på meg at her er nokre små, veldig våkne menneske veldig snart... ;)

God Natt!



post signature

onsdag 23. desember 2009

Endeleg lisje Julaften!

Hei! Jada, eg er her eg! :) Godt gåen i ryggen, det skal eg innrømme. Og det passar som vanleg VELDIG dårleg! Men det er berre å slakke på, og gjere helvta av det som eg tenkte eg skulle gjere! Hadde teke bilder frå kjøkkenet, og akkurat i det eg sat og redigerte, kom den nydelege julesola inn vindauga... Juletreet og alt anna vart gyldent, og eg kjende roa senke seg. Naturen er fantastisk! Gradstokken har seinka kvikksylvet utover dagen, og det skal visst bli veldig kaldt i morgon. Eg har laga til eit litt spesielt innlegg til julaften. Har jobba med det sidan november, så eg håper at ei og anna sjela tek seg tid til å kike innom? Trekninga av knaggrekkja skjer etter midnatt. Så vinnaren blir også publisert på neste innlegg. GLEDER meg sånn til å finne ut kven som vinn! :)

Eg tok eit nytt sett med bilder, for eg måtte no få med sola :)




 Eg gleder meg til å få gi dokke ei visuell julegåve i morgen! Håper at alle tek seg ein pust i bakken i løpet av dagen i dag, seinkar skuldrane og pustar djupt...



post signature

tirsdag 22. desember 2009

Julehelsing til alle gode medmenneske der ute! Christmas wishes for all you beautiful people out there!








post signature
♥♥♥

Snart, snart...



Eg kan knapt huske ei så flott førjulstid, som den vi har hatt no... Nydelege dagar, med sol og lite vind. Det er ikkje rart at teljaren på fotoapparatet nærmer seg 5000 :) Dagens innlegg vart laga i går, bilda er også ein dag gamle. Med få unntak er bilda eg viser på bloggen ,ferske og tatt på innlegget sin dato. Men gjett om eg har mange fine bilder etterkvart, som eg ikkje får plass til. Stakkars... Får lage bok? I dag vil eg takke Drømmen om en eplehage for nydeleg hjerte som låg i postkassa i går. Eg reiv av papiret, og fekk deja vu til barndomens jul... Så ivrig! Og hjertet var finare enn på bildet! :) Det har fått plass ute på badet, og er rett og slett vakkert! Koseleg kort, og sukkerstang var der også. Eg er vel heldig!!! Draumetausa kom heim med årets julegåveprosjekt, og sidan mormor ikkje ser bloggen så ofte, viser vi bildet her i dag. For det er visst ho som skal få herligheita! Sjarmerande kar, med hatt og skjerf. Har tatt med eit julekort frå det gamle albumet i dag også. Skal vise fleire etter kvart.





Ha ein fortryllande dag, anten du vaskar golvet, ber ved, heng opp fugleband eller pyntar tre ;)



post signature

mandag 21. desember 2009

MINNER OM GIWEAWAY :) Trykk på linken for å leggje att ein kommentar, og bli med i trekninga den 24.desember! Finns KUN ei slik knaggrekkje :)


Eg trekkjer vinnaren på julaften! Då fyller bloggen min 3 mnd. :)






♥♥♥


Draumealbum frå 1903...

Av og til kjem ein over skattar... Og denne varma hjertet mitt! No er det kyrkjebesøk og juleavslutning som står på programmet... Huset luktar grønsåpe, og treet står klart i kjellaren. Om ti minutt snur sola. Klokka 17.45 vender ting på seg, og vi har byrja reisa mot vår. Mot lys. Mot nye tider. Ta godt vare på kvarandre!









Gode klemmar frå meg! <3



post signature

søndag 20. desember 2009

Fjerde søndag i advent

Det er ikkje så mykje tid til blogging desse desemberdagane. Eg har tatt meg tid til ein tur med dei vakre englane mine. 
I morgon snur sola... Det går mot lysare tider.








Tenn lys !
No strålar alle dei fire lys for han
som elskar alt som lever, kvar løve og kvart lam.
Tenn lys for himmelkongen som gjetarflokken såg.
No møtes jord og himmel i barnet lagt på strå.