.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 27. mars 2010

Påskeskodde







Ha ein fin laurdagskveld!



fredag 26. mars 2010

Og vinnaren er :)


Mitt hvite hus, og Kerstin! :) DET var kjekt! Kerstin har vore med meg nesten heilt sidan starten. Så då er eit stk. egg på veg i posten når eg har fått ei adresse :) Eg fekk også pakke for nokre dagar sidan. Kjempekoseleg overraskelse frå Dronning Maud! TUSEN TAKK! Denne skal få bli full av nødvendige Elinting når eg skal på påsketur ;) Vil ynskje alle der ute ei flott høgtid! Vèrvarsla er OK i skrivande stund for fjorden min, så eg KRYSSAR både fingrar og tær for at regnet skal gje seg! Uansett sol, snøv eller regn, NYT påska folkens!




Ha ein fin fin fredagskveld!




torsdag 25. mars 2010

Leirfivel! :)


Har dokke sett noko så NYDELEG! :) Finally! Leirfivel ved trafokiosken :) Brukar å kome i januar/februar, men i år har eg jammen måtte vente lenge! Trur eg høyrde staren også før i dag, og tjelden sitt på kaia og skjenner. Ja dette vart mange vårteikn på ein gong! Det er ingen tvil lengre; vinteren held på å sleppe taket!
Tusen takk for alle helsingar på innlegget under! Kjempekoseleg!!! Det er berre å melde seg på i trekninga om påske egg m.m. under her! :)




God torsdagskveld! :)




onsdag 24. mars 2010

Bloggen fyller eit halvt år :) 6 månadar med draumar... og GiveAway :)


Innlegg nr. 250
Då er min kjære blogg seks månedar. Frå fyrste innlegget 24.september, har det vore ei spennande reise. Eg hadde lenge eit håp om å nå 30.000 lesarar til i dag, men med sviktande helse og bloggepause siste vekene gjekk den planen i vasken. Og det er heller ikkje nøye med! Eg vil gje vekk eitt av påske egga mine. Eg trekkjer ut ein vinnar i kommentarfeltet under her fredag kveld. Egget er dekt av franske, gamle aviser, og eg er  veldig glad i det :) Men no skal det få reise på tur ut i den store vide verda!
Blir nok litt anna i pakken også ;)  




Dream On! 
Håper du vil vere med på trekning! :)


Før-Påske prosjekt :)


Lediggang er rota til alt vondt... Difor er det viktig å alltid ha eit prosjekt på gang :) Og i går var eg heldig å få hjelp til å få mitt nyaste opp på stova. I dag har eg hatt ein lang treningstur i strålande sol, måtte ta av meg jakka for første gang i år! :) Og viss ein dernest kan drøyme seg vekk i eit varmt bad med utsikt over ein blå, blå fjord... Draumedag til no med andre ord. Kanskje er eg kjempeeffektiv, og blir ganske ferdig med prosjektet mitt til i kveld. Eller så er eg berre så glad for at sola er her, at eg går ut ein tur til. Akkurat no kjenner eg meg så velsigna over å kunne gjere slike valg. Å finne roa. Å kunne lytte til mitt indre, og bestemme over innhaldet i min eigen kvardag. Under her er nokre kryptiske bilder frå gjenstanden eg fiksar på. Kanskje ikkje så vanskeleg å sjå kva det er? 

 



See you later, alligator! :)

 

tirsdag 23. mars 2010

REPRISE! INVITASJON TIL KINOPREMIERE SEX & THE CITY 2

Hei alle bloggedamer i nærheita av ÅLESUND! Eg har tidlegare prøvd meg på å invitere dokke med på kinopremieren til Sex & the City 2  i juni. Dette var vel ikkje det ein kan kalle overstrøymande og vellukka, så eg prøver igjen! Det blir sjølvsagt ein kveld for høge hælar, og høg glamfaktor. Kanskje kan vi gå ein tur på byen etterpå? Det er berre å kome med forslag! Vi må uansett prøve å få til ei liste over interesserte, så viss du legg att ei "påmelding" under her, kan eg lage ei oversikt. Eg skal dit uansett :) Men klart at det hadde vore kjekt å møte damene her inne  LIVE :) Du behøver ikkje å ha ein eigen blogg for å vere med! Tips gjerne vidare bloggarar du kjenner som kanskje vil vere med? Og til alle dokke som ikkje er i nærheita av Ålebyen; kanskje dokke kan gjere noko liknande i andre delar av landet? Utfordringa herved overlevert :) Eg linkar gjerne viss du tipsar meg om dette :)


NB! Skulle sjekke datoen no, og då er det ikkje premiere i Norge før i juni!

Ha ein fin tysdagskveld!



Drivvedsoppheng på soverommet


Dei som byrjar å kjenne meg litt, veit nok at eg er svak for gamle materialer og drivved. Eg gleder meg til å gå i fjøra og samle inn vinterens skattar ganske snart. Det har ikkje vore mykje vind her siste månedane, ingen stormar. Så det har nok ikkje vore den beste sesongen for slikt. Men eitkvart har alltids kome til land. Eg vaskar og skurar opp det eg finn, og tørkar det i dusjen. Så er det berre å vere kreativ. Dagens bilder er frå soverommet, ein stad eg ikkje har teke bilder til bloggen før. 







Håper dagen din er god!



mandag 22. mars 2010

:)





Ha ein fin måndagskveld! :)


Nostalgisk vår med touch av påske...







Herleg med vår! :) Ha ein flott måndagskveld!




søndag 21. mars 2010

Vårsol på draumestol...


Og så del to av fotoseansen på kjøkkenet i strålande vårsol! Kjedeleg kanskje? Med to så like innlegg? Eg STORkosar meg med fotograferinga, så då får dokke ha meg unnskyldt ;)








Med ynskje om ei flott, ny veke til alle! Snart er påska her!



Draumane som kom tilbake...









Og så var draumane tilbake, godfølelsen i magen,
og gleda over å kunne dele alt med dokke!

Ha ein vakker søndag!