.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



torsdag 4. mars 2010

Thinking of her...


Bildet eg fann i ettermiddag, og fekk låne, er berre så vakkert, og heiter Thinking of her! Og for å skape stemninga, vart krystall, sigarettetui og sigarboks nødvendige rekvisittar. Og så måtte eg ha Sinatra... Tre-to-en! Rull film... 








Tullerusk av framsida på eit magasin?

Ja, slik er det med den saken. Fekk endeleg kjøpe nyaste JDL hos Anne i går, og eg fall pladask for bildet på framsida. Så flott vårbilde! :) Eg har enno ikkje åpna bladet, for det må gjerast når eg har god tid til å nyte, og slik har det ikkje vore siste døgnet. Her lavar snøven ned, og eg har starta på måking, som eg ikkje har tatt meg til med siste åra på grunn av vond rygg. Eg har gangsperre i så mange delar av kroppen, at det er vondt å bruke tastaturet... ;) Men eg ser for meg at dette er god trening, og verken går nok over om nokre dagar. Og så er det kjekt å kunne hjelpe eldre folk med slikt. Skal ut igjen no, men måtte ta nokre bilder før eg starta opp. MÅTTE! :)





Lekkert? Og med desse gode fargane og tinga på netthinna, går måkinga som ein leik... Og ofte kjem det veldig mange andre gode idèar i kjølvatnet av ein slik fotosession ;)

Nyt torsdagen!


onsdag 3. mars 2010

Heimesnekra, miljøvennleg baderomsskåp! :)


Hei og god ettermiddag! :) Etter ein innhaldsrik dag, med blant anna besøk hos Anne og "Emmas Verden", er eg endeleg i hus. Sola varma og skapte vårstemning nokre timar, men så kom snøkavane tilbake. Eg er glad vi kom oss opp bakkane til huset, ein politibil gav opp, og meinte at eg ikkje burde prøve... Mannfolk! Full gass, og førstegear... TJOBING!!! :) No skal vi ha tomatsuppe og rundstykker til middag. Alle hjerter gleder seg, i alle fall lillebror sitt, når han får yndlingsretten sin :) Og til alle dokke som ser kor trassig eg er for tida, og på kjiper`n med bilder : Her kjem så mange at dei varer HEILE kvelden. Skåpa er kanskje ferdig. Har ikkje bestemt meg om eg skal måle hyllene? Lot botnen i kvar kasse vere umåla, slik at trykka som var der viser. Og då er det kanskje naturleg å la hyllene også vere trekvite? Hmmm... Zinkboksar og knaggar er kjøpt hos Anne, som forøvrig har ein butikk fullstappa av godbitar. Himmelen for ei tulle som meg... ;) Tavla fekk også bli med heim, og eg skreiv VÅR på trass... Badekåpa mi, som er herleg, skal henge her, så slepp eg å kommandere andre til å hente ho kvar gong eg treng ho! Skåpa kjem til å leve opp til forventningane, med god plass til både badeklede og handdukar. OBS! 40% på Kid! Kjøpte meg fem nye i dag, då dei gamle er hol på... No må eg gi desse stakkars borna mine mat :)







Synes at skåpa passar så godt til kassene mine i gangen? Dei er i same originale grå/blåe farge.




Håper alle der ute får ein fin kveld!


Lengsel etter påske...


Det har eg i dag... Sånn som påska var før... For eg huskar berre dei fine høgtidene? Med mykje besøk av skigjestar i bygda, med liv og røre på kvart hushjørne. Det var så spennande å sjå kven som kom år for år. Og med ei storesøster som var åtte år eldre, lærte eg tidleg at det faktisk kunne vere vel så spennande med gutebesøk, som jentebesøk ;) Fjellet var alltid fullt av smilande folk med appelsiner og KvikkLunsj på lur. Og sola skein sjølvsagt frå ein skyfri himmel. Praten gjekk livleg på dei mest populære solingsplassane. Sånn er det nok enno mange stadar, men her i bygda har langrennstradisjonen blitt borte. Eg sat og snakka med ei dame på nesten nitti år sist helg, og ho fortalde meg om eit endå meir yrande påskeliv tilbake på førti-femtitalet. Og det er litt vemodig å høyre kor mykje dagens ungdom går glipp av... Eg fekk i alle fall oppleve litt av det same. No er det skitrekka som er utfartsmål. Eg har ingenting imot å gå mo plitters åleine oppe i fjellheimen; eg nyt det faktisk. Men det er stemninga eg saknar. Kjensla av at desse høgtidsdagane var noko meir enn eit par dagar ekstra fri. I dag vakna vi med tredve cm nysnøv (!) igjen. Så eg trur i alle fall at det skal vere godt skiføre på fjellet denne påska. For vi har opplevd å ikkje ha snøv nok til å gå på ski her? No håpar eg på at meldingane stemmer, og at ein blå himmel snart openbarar seg. Kanskje smeltar sola litt av all denne kvite dyna som ligg tett rundt hus og hage. Eg lurer stadig på om der er ein plen under der ein stad??? På denne tida til vanleg står leirfivel og snøklokker og strittar mot ei ung vårsol. Men ikkje i år. No ser eg faktisk lysstrålar borte i fjellet på andre sida av fjorden, det er håp!


Morgonens filosofering er over. Frokost står for tur,
deretter arbeid på vekas prosjekt.

Håper du har ein fin fin onsdag! :)


tirsdag 2. mars 2010

Mi nye handkleskåp :)


Og så var det tysdag igjen... Og eg er ikkje sutrete :) Og det var ny rekord på unike treff på bloggen i går... Så no veit eg kva eg skal gjere dersom eg vil ha litt action... Lage litt sutreshow ;) Hi-hi!!! Eg må seie at det forundrar meg at slikt får folk til å gå inn hit? Blei ikkje mindre flau etter kvart som det stod folk i kø for å lese om Elin sin dårlege dag. Men, men... That`s life! I dag er ein ny dag, og eg vil byrje med å takke den snille fyren på XL Bygg som lot meg plukke kapp gratis i formiddag. Dette var starten på mi nye handkleskåp, som skal stå på badet nede. Kommoden som var der tok litt for mykje plass, og romma litt for lite. Vi er badarar her i huset, og brukar mykje handkle i løpet av ei veke. Dei gamle kassene har eg fått, og ved å setje dei i høgda, utnyttar eg rommet maksimalt. Mc Dreamy sukkar... Han er aldri heilt med sånn i starten av eit prosjekt. Men når eg sette inni ei korg, og litt handdukar, og tok bilde, såg eg at han ikkje hadde like mange rynker i panna. Så eg håper han godkjenner byggverket når det er ferdig? Skal måle lister og hyller no etterpå. Inni hovudet mitt ser det veldig bra ut, når det er ferdig :)




Ha ein fin kveld! Takk for alle gode ord; dei gjorde godt! :)


mandag 1. mars 2010

Sorry!

No måtte eg leggje inn eit nytt innlegg... Det var ikkje meininga å vere så sutrete at heile Norge og deler av Sverige ilte til for å hindre meg frå bloggdauden :) Eg var berre så lei før i dag, av det meste. Og så studerte eg statistikkane mine for siste vekene. Det stemmer at eg brukar Susnet no, og hadde .... eg har faktisk gløymt kva eg brukte før? Men det er ikkje unike treff eg såg på, eg såg på totale treff. Og der har vore nedgang. Og det er mykje kjekkare at det er auke. MEN! Det var før i kveld. No har eg gått her og trampa litt og klaga over alt som er gale i livet mitt. Og så er eg ferdig med det :) Eg er heldigvis ei sånn ei som blir fort blid att. Og eg har så enormt med kommentarar, så det er ikkje så nødvendig å deppe over få lesarar :))) Eg vil mykje heller ha færre lesarar, og mange kommentarar, enn mange lesarar og få kommentarar! Soleis  va de me den saken! Så når eg slo på att pc`en no, og såg alle meldingane som hadde kome, vart eg både flau og glad. Litt sånn som når barn seier : åhhh... teikninga mi er SÅÅÅ stygg!!! ;) Tusen takk for støtta i ein vanskeleg kveld... Nu går alt så meeeget bedre :)





Prosjekt del II

Eg satsar på elendige blogginnlegg denne veka :) Eg har hatt mindre lesarar i det siste, og for å ikkje bli hysterisk, og minne meg sjølv på at eg bloggar mest for MIN eigen del, skal eg ikkje overanstrenge meg. Så her kjem del II av prosjektet mitt. Enkelt og greit. Og så kan det no kanskje hende at eg får litt meir panikk i morgon, og tek litt meir spennande bilder? Sjølv om dette er spennande? Kva er det eg skal lage? (var ikkje heilt sikker sjølv, før i ettermiddag) ;)


1.mars :)

Og så var veka i gang. Og eg er i gang. Det går i vasking og studering av mitt nye prosjekt. Det hjelper faktisk på å ta bilder :) Men kanskje litt kryptiske resultat?





Ynskjer alle der ute ei flott, ny veke!



søndag 28. februar 2010

Takk! :)

Eg er veldig heldig. Så mange koselege menneske er innom bloggen min, og tek seg tid til å leggje att helsingar og kommentarar. Dette er uten tvil ein av dei viktigaste grunnane til at eg bloggar kvar dag. Og som eg har sagt tusen gongar før (nesten) : eg bloggar for at det gir meg glede, ikkje for at eg kjenner press om å måtte gjere det! Eg elskar å fotografere, og eg er kjempeglad i å halde på med interiør. Huset ber meir og meir preg av gamle gjenstandar, og avslutningar med fransk touch. Og meir er i emning.


Så når eg fyk rundt her og zoomar inn motiva mine, er det på ein måte løn nok når dei er ferdigredigerte, og kjem fram på bloggen, saman med musikken eg brukte når eg laga dei. For det er vesentleg for meg. Musikken er ein del av mitt kreative eg. Men etter nokre timar er alle kommentarane der. Eg huskar godt når eg venta og venta og venta... Kom nokon til å skrive noko? Var innlegga mine bra nok?


Som om ikkje dette var nok, får eg awardar også TUSEN TAKK  til Anki med Landlige hjem, og Anine for at dokke tenkte på meg :)


Eg har fått denne fleire gongar før, så eg fortel ikkje meir om meg sjølv :) Legg heller ved ei ekstra helsing til alle nye bloggarar eg er blitt kjend med siste vekene! Stå på! Der er så mange flinke damer som held på å lage seg nye, små univers! :) No er det på tide å finne senga, og sove godt og vere klar til ein ny måndag, og ei ny veke! Eg har det allereie travelt oppe i hovudet. Og DET er ei god kjensle! Kreativt stress er meir moro enn anna stress :)



God natt! :)




Ut på tur... til Cuba?



Ikkje visste eg at 28.februar hadde likheitstrekk med julaften? Men jammen var det visst slik? For i dag har eg fått meg nytt reiseutstyr :) Er berre ikkje heilt sikker på kvar eg skal reise. Eg reiser aldri. Har stadig planar om det, men er ei pingle i reisesamanheng. Men no er eg i alle fall klar. Til og med hatteøskja er på plass :) Tinga skulle kastast, og har i staden fått lov å bo her hos oss. Bildet eg fann er gamalt, frå ein butikk på Cuba. Tenk å hatt ei tidsmaskin, så kunne eg reist dit... Så mykje fint inne i glasmonterar og hyller... Men Sunnmøre får greie seg i dag. Strålande sol, men ti minus i formiddag. Vil takke for alle kjekke kommentarar i går! Først var eg ute på gåtur fleire timar, og så rett på revy med tilbehør, og var ikkje heime før i totida i natt. Men eg skal ta meg ein runde her inne i kveld, og få med meg alt fint dokke har lagt ut medan eg var på vift ;) Komande veke blir spennande for mitt vedkomande, på mange måtar. Eg skal blant anna til på nokre opp-pussingsprosjekt, og eg GLEDER meg! Og så skal eg drøyme om Cuba, og halde på kjensla eg har no. For den er så god. Som sist søndag, vart det fortid som skapte bilda i dag, og eg har lagt ved ein sang som eg synes er veldig fin.

 





Det blir også ein GiveAway i veka som kjem!
Draumetausa må berre bli ferdig med det ho skal gi vekk! :)

Ha ein fortsatt fin søndag!