.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



onsdag 3. mars 2010

Lengsel etter påske...


Det har eg i dag... Sånn som påska var før... For eg huskar berre dei fine høgtidene? Med mykje besøk av skigjestar i bygda, med liv og røre på kvart hushjørne. Det var så spennande å sjå kven som kom år for år. Og med ei storesøster som var åtte år eldre, lærte eg tidleg at det faktisk kunne vere vel så spennande med gutebesøk, som jentebesøk ;) Fjellet var alltid fullt av smilande folk med appelsiner og KvikkLunsj på lur. Og sola skein sjølvsagt frå ein skyfri himmel. Praten gjekk livleg på dei mest populære solingsplassane. Sånn er det nok enno mange stadar, men her i bygda har langrennstradisjonen blitt borte. Eg sat og snakka med ei dame på nesten nitti år sist helg, og ho fortalde meg om eit endå meir yrande påskeliv tilbake på førti-femtitalet. Og det er litt vemodig å høyre kor mykje dagens ungdom går glipp av... Eg fekk i alle fall oppleve litt av det same. No er det skitrekka som er utfartsmål. Eg har ingenting imot å gå mo plitters åleine oppe i fjellheimen; eg nyt det faktisk. Men det er stemninga eg saknar. Kjensla av at desse høgtidsdagane var noko meir enn eit par dagar ekstra fri. I dag vakna vi med tredve cm nysnøv (!) igjen. Så eg trur i alle fall at det skal vere godt skiføre på fjellet denne påska. For vi har opplevd å ikkje ha snøv nok til å gå på ski her? No håpar eg på at meldingane stemmer, og at ein blå himmel snart openbarar seg. Kanskje smeltar sola litt av all denne kvite dyna som ligg tett rundt hus og hage. Eg lurer stadig på om der er ein plen under der ein stad??? På denne tida til vanleg står leirfivel og snøklokker og strittar mot ei ung vårsol. Men ikkje i år. No ser eg faktisk lysstrålar borte i fjellet på andre sida av fjorden, det er håp!


Morgonens filosofering er over. Frokost står for tur,
deretter arbeid på vekas prosjekt.

Håper du har ein fin fin onsdag! :)


7 kommentarer:

elinAnita (eddaskreativiteter ) sa...

Slike minner har ikke jeg desverre....har aldri feiret påske så mye.......men det høres jo unektelig veldig koselig ut:):)Gode minner elin er gull verdt:)
Ha en fin dag.....her skinner solen og jeg hører små fuglene kvitrer....deilig...det er litt vårstemning:)
Nå skal jeg ivei og titte litt og så bort i leilighten..og jobbe litt:)Sener skal jeg feire litt og spise middag med en venninne..)
Ha en flot dag elin mor..
eddaKlemmer til deg:)

Monika sa...

Heisan - jovist gleda vi oss til påske --- og eg har bestilt sol og blå himmel ;-)

Smil fra monika
som skal til tannlegen i dag

kjersti sa...

Påsken er nesten like koselig som jul synes jeg:)
Mine minner er fra campingvongnen til onkel og tante på Haukeli fjell, i skibakken på dagen, og påskekrim og godteri på kvelden:)
Håper vi klarer å skape gode påske tradisjoner for Lukas også:)

Fantastiske bilder...

Nyt dagen Elin:)

Klem Kjersti

Beate sa...

hei fine elin!
så flotte minner du har!

her skinner sola fra blå himmel i dag og jeg venter på drypp-drypp fra taket...

ønsker deg en herlig dag
klem beate

Mitt hvite hus sa...

hei kjære venn.. hyggelig hilsen hos meg..tusen takk varmer godt..
dårlige dager har vi nok alle... godt det kommer bedre dager også..

herlige påske minner... jeg har også mange fine minner om påsken..

det må verne om.. og jeg gleder meg til denne påsken også..

Stilige ski du viser..

Klem Kerstin

sologbolig sa...

Å no blei eg nostalgisk .... slike gode påskeminne har eg også. eg har prøvd å overføra dei til ungane mine, så noko har dei fått med seg....men slalomtrekka fristar !! Så flott handkleskapet ditt blei. I går var eg i Bergen på shopping i snøkav ! Det er 15 mil + ferje herfra til Bergen, så heimturen blei litt slitsom, menmen! I dag berre kosar eg meg og slappar av. Ha ein flott dag ! Klem.

Emmas Verden sa...

jeg har ikke så mange påskeminner..ingen stor skiløper dessverre ;) men noen har jeg jo..og jeg håper å lage noen fine påskeminner til mine småtroll ;)

takk for koselig besøk idag..alltid hyggelig når du stikker innom :)

her snør det mer og mer...blir nok enda mer måking ser det ut til ;)

klem til deg..fra meg..
Anne♥♥♥