.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 23. januar 2010

Nyvaska, rosa laurdag :)









KLEM!




Ei helsing til min kjære...

Eg trur teksten på refrenget i songen "You drive me crazy" med Shakin Stevens, helst passar til å beskrive det min kjære føler, når eg setter i gang med målingsprosjekt utover kjøkkengolvet, eller bruker kappsaga etter klokka ett natta... Så dette får vere eit innlegg til ære for alle dei som har kreative samboarar, og held ut med deira impulsivitet, og fråverande nikking på kveldstid, med hovudet godt nede i tastaturet! ;)
Takk for at du held ut med meg, kjære! Det kan neimen ikkje vere lett alltid! Sangen ligg på spelelista mi...



NB! Det finns sterke fargar i draumeverda mi!

GOD HELG! :)



fredag 22. januar 2010

Skilt med tekst til deg?

Då har eg nesten klar premie nummer to i GiveAwayen min. Eg har litt knapt med materialer, fordi lageret mitt er nedesnøva... ;) Men eg skal prøve å få til eit skilt av ei gamal fjøl. På denne kan du som vinn, velge kva som skal stå. Men sidan fjøla ikkje er så lang, er det greit at det ikkje blir for mange bokstavar! Førstepremien, ramma, blir trekt ut av alle kommentarane som ligg under DETTE innlegget. Men skiltet får den som legg inn kommentar først etter at teljaren har passert 15.000. Skal lage til eit innlegg når det nærmar seg. Trudde dette skulle skje i februar, men det blir visst før?




Ha ein fin fredagskveld!



Draumetulipanar til deg, på veg mot helg...









God fredag!



torsdag 21. januar 2010

Såpedispenser med tilbehør :)

Eg hadde ikkje stort å tilføre på framvising av kaffeboksar... Eg drikk ikkje kaffe, eller te... JA EG HAR PRØVD! Varme drikkar er berre ikkje mi greie! Men når Maliva lurte på såper og og sånt, måtte eg no prøve å lage eit innlegg? Og sjølv om eg ikkje synes at bada våre er så mykje å vise fram, er der enkelte ting eg er veldig glad i! Med to barn i hus, er dispensarane eit must. Også for oss vaksne, enkelt og praktisk. Våre er i kvitt og stål, handla inn på Kremmerhuset, Ting & Sånt. Det er også skrubben og den herlege kosten. Olivensåpa har eg fått med storesyste når ho kom frå det store utland. Litt Elinifisert ;)





Tek du utfordringa? Gå inn til Maliva via linken øverst her :)



Draumespegel, kjøpt for 13 år sidan...

"Drømmen om en eplehage" utfordra oss andre til å blogge om noko som ikkje er nyinnkjøpt. Eg trur (?) at eg har hatt ganske mange innlegg om ting eg kjøpte for lenge sidan. Eg har vore lidenskapeleg oppteken av bruktgjenstandar og antikvitetar sidan eg var rundt seksten år. Så for cirka 15 år sidan, hadde eg ein innkjøpsrunde på låvesal o.l. Desse tinga er av og til i dvale. I dag har ein av dei største skattane fått kome fram i lyset for fotografering. Denne spegelen er veldig gamal. Og eg er redd han skal knuse i min småbarnsheim. DET hadde eg ikkje takla... Uhell kan skje uansett, men eg vil påstå prosentandelen aukar med barn i aktiv leik. Klenodiumet har flotte utskjeringar, og ei nydeleg skuffe nedst nede. Sjølve spegelflata er sleten, men uhyre vakker i mine auger. Minner om fattigmannssylv? Bestikket som har fått kome med, er delar eg har funne brukt. Og eg pussar dei aldri ;) ELSKAR denne patinaen! Forresten, blomane som er med, er frå dagane etter nyttår! Same som er med i innlegga frå rundt tredje januar, og i headeren! Så disse er å anbefale, viss du skal ha noko som står lenge! Eg er imponert! (Men har passa godt på dei!) Kanskje har du også lyst å ta utfordringa? Gå inn på sidene til Eplehagen, og bli inspirert!











Bruk torsdagen godt, overrask nokon du er glad i!




onsdag 20. januar 2010

Pikerommet anno januar 2010...

Ei kjekk jente på ni år bad om ny stil på rommet sitt i haust. Ho skulle i alle fall ha seg ei lysekrune... ;) Og her blir vegen til medan vi går. Rommet er i ferd med å få meir karakter. Og det er gamle skattar som får sleppe inn. Men også DS og andre nymotens greier blir integrert. Draumetausa sjølv er veldig nøgd. Ho synes det er godt å vere på rommet, og det er enkelt å halde det ryddig. Bordet blir brukt til pianoøving på keyboard, og lekselæring. Vi har stadig nokre hol i veggen... ;) Men trur at vi skal bli ferdige med finishen i løpet av våren... Ting Tar Tid... Håper du finn inspirasjon i bilda våre, lillemor er heime med halsbetennelse i dag, og har vore med og teke bilda :) Og ho har plukka ut musikken som går i bakgrunnen i dag, ein yndligssong ho har hatt i fleire år, When the Stars go Blue med Wenke Knutsson og Kurt Nilsen :) Du finn han att på meny lista på spelaren, då mamma nok legg til andre songar dei neste dagane! Rommet er prega av gjenbruk. Senga er kjøpt på Skeidar, men eg finn ho ikkje i sortimentet lenger? Ellers er nattbordet og leksebordet gamle bruktfunn. Furukjøpmannsdisken er frå nittitalet, og har også fått seg eit strøk med kvitmåling og nye knottar. Lysekruna kava eg til meg på Netthandelen.no :) Vindusrama fann vi i fjøra! Denne har blitt fin med hønsenetting på baksida, og gamle kort i nyinnkjøpte klyper på framsida. Klyper bl.a.frå Emmas Verden. Det vesle pianoet og blomsterknaggane er også frå denne herlege butikken i Langevåg på Sunnmøre. Perlehengar frå Tante Bruun, StorMoa Syd, Spjelkavik  Den gamle døra vart berga ut av ei falleferdig røykstove for fleire år sidan. Draumetausa ville GJERNE ha denne på rommet sitt, og ho fungerar som oppheng for klede og smykker. Den gamle kofferten er frå eit mørkeloft, likedan den gamle skuleveska og tavla. Gode, gamaldagse drops, og krystallkleshengar frå Mira Mira, StormoaNord, Spjelkavik.  Andre butikkar som har vore besøkte er Veslestua.no og Lunehjem.no.
















Med ynskjer om ein kreativ og god januar
frå to jenter på Sunnmøre! :)



 &. Draumetausa

tirsdag 19. januar 2010

Vårleg pianoleksjon...

Hei alle gode der ute! :) Tusen takk for al responsen også desse siste dagane! Eg gleder meg til å åpne bloggen kvar gong eg setter meg ned, for eg veit at der er maaange koselege helsingar! Og ekstra kjekt er det at stadig nye navn dukkar opp! Eg prøver å gjere eit gjenbesøk til alle, så unnskyld viss eg har gløymt nokon! Gje meg eit hint! Eg har ikkje vore flink å minne om GiveAwayen denne gongen... MEN: EG HAR EI TREKNING PÅ GANG! :) Når teljaren når 15.000 trekkjer eg ei heimelaga ramme, med Jeanne d`Arc knottar, litt shabby chic og sleten. I tillegg gir eg premie til fyrste som legg att ein kommentar som nr. 15.001 :) Skriv då på siste innlegget, at akkurat DU var her då! Dette kan skjere seg noko so gale, men eg satsar på at det går bra! Trykk HER dersom du vil melde deg på! Forresten; premie nr.2 er under arbeid. Bilde kjem etter kvart...

Varmepumpa jobbar som ein helt. Heile første etasje og loftstova i andre etasje blir oppvarma. Men det var noko trykking og prøving i går kveld, før vi fann ut av teknikken. Men det viste seg å vere enkelt å manøvrere herlegheita. I dag har eg kosa meg på rommet til draumetausa, og tatt bilder til bruk i Foreldremanualen sitt månadstema. Sjølvsagt skal eg dele dei med dokke også :) Men no er det hentetid for barnehageguten, og middag etterpå. Så det får vente til i morgen! Nokre prøvebilder er klare. Av pianoet tausa fekk i julegåve, kjøpt på Emmas Verden. Eg ventar på vår, ikkje noko å leggje skjul på... Og grøne spirar av alle slag pregar huset. Men er dei ikkje vakre? Innpakka i gamle gramatikksider frå 1910.
 Kanskje ein gåveidè?






Ta deg tid å drøyme om våren du også... Å liggje midt i ei kvitveiseng, å snuse inn den friske, nye lukta, og snu seg over på ryggen, og berre nyte skyene som rullar over himmelen... Det er ikkje lenge til...


God tysdag!



mandag 18. januar 2010

Varmepumpe på plass!

Eg har som sagt eit litt anstrengt forhald til varmepumper... Synes ikkje at det er det vakraste som finns... Men no er ho i gang, og durar som berre det. Kjenner varmen held på å ta seg opp, og eg er spent på om ho fungerer som forventa, og om varmen også når loftstova. Kjekke karar frå Relacom som installerte, og viss nokon lurte på om eg er eit skikkelig monster? Bilder fortel meir enn ord... ;)))






Kos dokke på ein måndagskveld! :)




Huset vårt :)







søndag 17. januar 2010

Nok ei utfordring! :)

Lisje Astrid har utfordra meg!  Det er ein sitatstafett der det er meininga å skrive ei historie med eit morsomt sitat. Og eg kjenner no ikkje mi begrensing, og må no i dette tilfellet fortelje om då eg var gravid med draumetausa. I niande månad, var dagane lange, og kjedelege. Så når Mc.Dreamy skulle køyre papp frå opprydning på jobben sin, til forbrenningsanlegget i Ålesund, fekk eg bli med. Einaste aberet var lukta som fyller heile området. Veldig kvalmande... Så når vi kom inn til porten, kravla eg meg ut av varebilen. Min kjære køyrde bort til vekta og informasjonen, og dernest lesste av. Det lukta rimeleg gale heilt på enden av plassen, så eg fann fort ut at det var like godt å setje seg inn i bilen igjen. Når vi skulle køyre ut att, stoppa vi ved informasjonen igjen, der ein lett forvirra mann kika ned på skjermen og sa : "Dette forstår eg ikkje? Bilen er hundre kilo tyngre no, enn då du kom?" ...................................................................................................
Altså; eg vil presisere at eg kun var 91,3 kilo på det tyngste, og eg var veldig VAKKER trass i ekstra kilo og vatn i kroppen... :))))))))) Og den stakkars mannen inni bua blei ganske lang i trynet, når han oppdaga kvifor bilen hadde auka vekta. Vi har ledd av dette så mange gongar i ettertid, men eg var ikkje særleg høg i hatten der og då... Veit ikkje om utfordringa er heilt korrekt utført, men mottoet må bli: Ikkje gå inni ein bil som skal opp på ei vekt, dersom du ikkje vil at framande skal finne ut kor mykje du veg...

Og jammen fekk eg awardar i bøttevis... Trur eg? Ja, ja, her er to i alle fall! :)



TUSEN TAKK ASTRID! FOLE KJEKT Å FÅ DESSE FINE UTMERKELSANE AV DEG!

Sender utfordringa vidare til Elin Anita og Anette Willemine! Saman med awardane selvfølgelig!




Gangen vår :)

Hei, og GOD SØNDAG! Her er vi i helgemodus, og det er godt. Ikkje stresse,  berre nyte... Bortsett frå eg då, som vakna i natt, og låg og tenkte på alt eg skal fotografere dei neste dagane. Har fått ein forespørsel om å levere nokre bilder til Foreldremanualen av rommet til draumetausa. Og det gjer eg gjerne, men bilda eg viste på fredag var gamle, og rommet er mykje finare etter at det vart teke i bruk! Så resten av dagen går nok med til planlegging og tenking... -Det skal tenkjast med, sa ein gamal mann her inni fjorden. Og det er sant... ;) Gode forslag som kom inn i går på kva eg viste på innlegget. Lise Dagrun var right on spot: ei gamal ølkasse frå Dahls i Trondhjem :) Men 50 fine bur inni... Under står ei vinkasse (eller skal eg seie kiste) frå same tidsperioden. SUKK! Eg sat i trappa og beundra dei i går kveld. Eg held på å spare til ei vakker Madonna. Ho skal få stå oppå der, og så har eg planar om å shine ein spegel til å ha der bildet er. Drøyme-drøyme... Eg er så glad for at energien stig, og humøret snart er tilbake på normalnivå. Grensar vel kanskje til hyperaktivitet denne normalen, men det er godt å vere seg sjølv igjen! Og akkurat slike ting som dette fyller opp grunnlageret! Så watch up! Eg flyg snart igjen! ;) Kos dokke i gangen min!















Ha ein fin ettermiddag!