Eg har vel sagt før, at eg ikkje føler for å vere sånn kjempepersonleg her inne. Men etter å ha vore hos Anne i går, vart eg veldig tankefull. Som vanleg hadde vi gode samtalar om det meste, og det er alltid kjekt å få snakke med andre om ting som opptek ein. Første januar var det akkurat to år sidan eg skada ryggen min. Eg har hatt tre skadar i nakke og korsrygg, to og ein halv prolaps... Den halve veit eg ikkje korleis det gjekk med, for eg har ikkje vore på MR igjen etterpå. For å gjere ei lang historie kort; det vart smertefulle månedar etterpå. Eg kunne ikkje ta smertestillande p.g.a. andre ting i kroppen som ikkje fungerte, og det å gå med kronisk verk er ikkje særleg oppbyggjande. Men med trening, eller rettare sagt gåturar, byrja ting å forandre seg. For eitt år sidan, bestemte eg meg for å ta kontroll over meg sjølv igjen. Og eg har aldri angra. Fjellet har vore mi redning, og frå å gå til postkassa (60 meter) auka eg avstandane etter kvart som ting vart betre. Ein bygg ikkje berre fysikken med slik trening, eg fann i alle fall mental styrke samstundes. Det er godt å klatre oppover bakkar, for å få ei vakker utsikt som belønning! I går når eg køyrde innatt frå Anne, kunne eg sjå ei opplyst fjellkjede i det fjerne. Sola held på å ta farvel med toppane over fjordbygda mi. Og eg stoppa, og tok bilder. For akkurat der klatra eg opp i slutten av august. Saman med min kjære gjennomførde eg ein tur som eg hadde drøymt om i tjue år. For meg var dette ein bekreftelse på at eg hadde vunne! Eg hadde bevist for meg sjølv, at det tilsynelatane umogelege, ER mogeleg! Og no har eg nye mål. 2010 skal bli eit godt år, der eg igjen skal fungere på normalt vis. For det har eg bestemt... :)
Sett deg realistiske mål, men husk at du kan så
mykje meir enn du trur!
Berre du er du, så unik og verdifull!
Ha ein fin laurdag!