.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



torsdag 31. desember 2009

♥ ♥ ♥ Godt Aar! ♥ ♥ ♥

Kjære alle saman! Det hadde seg slik at eg hadde lagt att kreativiteten min ein eller annan stad. Gløymt han att... Og slik låg han og venta på å bli funnen... Etter at bloggen og draumesidene kom til, byrja eg å leite. Eg fekk lyst til å finne igjen denne sida ved meg sjølv, som hadde vore borte i fleire år. Og litt etter litt fann eg bitar av eit puslespel. I huset mitt, i hagen, etter kvart på fjellet. I desember fann eg store delar av dei manglande brikkene ved fjorden, og ved elva. Og tenk; saman med alt dette fann eg også glede, optimisme og ro... Alt låg der og venta på meg... No er eg full av takksemd! Og eg skal aldri leggje frå meg desse viktige tinga i livet mitt igjen! For det er akkurat desse eigenskapane som gjer meg til eit sterkt, lysande menneske... Og det er dokke som har ført meg inn på rette vegen igjen! For ei gåve å få frå menneske ein ikkje kjenner? Eller; eg kjenner nokre litt :) Så til deg der ute som aldri legg att kommentarar, sjølv om du likar det du ser og les på bloggar verda over; ta deg tid til å skrive nokre ord!
Så kanskje fleire finn att glede og sjølvtillit...

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR BERIKA LIVET MITT MED GODE ORD
OG FLOTTE TILBAKEMELDINGAR!







Eg har vabba opp til låra i nysnøv i eit fantastisk naturlandskap i ettermiddag. Maten er forseinka, og tidsplanen litt på halv åtte, men mor i huset er smilande, varm i kinna og lykkeleg over ein fantastisk nyttårsaften 2009! Eg ynskjer alle mine lesarar eit Godt Nytt Aar!
Ta deg tid til å glede nokon i det nye året, det skal ofte så lite til!






onsdag 30. desember 2009

Årskavalkade light ;)

Eg har vore utan nett sidan i går ettermiddag, men er online igjen takka vere ein koseleg mann hos leverandøren vår. Eg kjenner meg nesten litt proff her eg sit ;)  I går kveld hadde vi romjulsfest, og det er godt å ha vondt i lattermusklane dagen derpå :) Takk til alle som kom! I dag kjenner eg at eg skal gjere minst mogeleg, lillebror målar, og storesyster kan endeleg vere ute og leike i snøven. Så godstolen er virkelig god i dag! Eg er ikkje ein erfaren bloggar, har berre halde på litt over tre månadar... Årskavalkade er eit ord som eg ikkje kan bruke her inne! :) Men kanskje eg kan trekkje fram dei innlegga eg huskar best? Eg har nokre favorittar, og dei deler eg gjerne ein gong til!

SEPTEMBER

Byggjeperiode... Gamle fjøler blir resirkulert til nye møblar!




OKTOBER

Ein måned vi blant anna brukte til å pusse opp rommet til Draumetausa. Og det er ganske ryddig og fint no også. God lagring og system er nok det viktigaste for at ein jenterom skal fungere!



NOVEMBER

Dette var månaden blogginga "tok av" på rett. Byrja å få følgjarar, og kommentarar. Ei ny verd åpna seg! Husker VELDIG godt denne nydelege morgenen 4.november med frokost på terrassen! Og seinare i månaden den eventyrlege timen nede ved elva...







DESEMBER

Heilt ærleg; så har eg så mange bilder denne månaden, at dette vart eit dilemma... Eg har hatt så mange fantastiske timar med kameraet, at eg berre smiler frå øyre til øyre. Kva skal eg velge? Så mange fine turar i skog, mark, på fjellet og i fjøra. Eg er veldig takksam for å ha fått dele dette med dokke der ute! Her er eit lite knippe ynskjedraumar...


















Og sånn kunne eg ha fortsett heile ettermiddagen... Eg er svært glad for at eg har fått eit fotfeste her inne i denne varme, og gode verda. Eg blir stadig forundra over korleis heilt framande menneske når inn til hjertet mitt, med gode ord og helsingar... TUSEN TAKK! Det har betydd ENORMT mykje for meg!



GOD KLEM FRÅ

post signature

tirsdag 29. desember 2009

Raude tilståelsar i natta... ;)



Jauda, her ER raud julepynt! Den store, skjønne nissen har mi snilde storesyster laga. Han står vanlegvis utanfor inngangsdøra saman med nokre mindre slektningar. Julehjertet fekk eg av draumetausa i julegåve. Ho har laga det på skulen. Og julesløyfene i år likar eg VELDIG godt. Dei er kjøpte hos Emmas Verden. Ho har forresten julesal frå i dag (når det blir morgen...) Raud er ein vakker farge; viss nokon lurte på mi meining om den saken! Har fått høyre at det er litt trist her utan farge på jula... ;)


post signature

mandag 28. desember 2009














Med ynskje om ein fin fjerde romjulsdag!



post signature

søndag 27. desember 2009

Romjulsordleik frå Magny :)

Det var kjekt å bryne hjerna litt her tredje juledagskvelden! Og så har eg ikkje æ, ø og å i skrifta eg brukar ;) Så det gjorde det extra vanskeleg! I mitt tilfelle, var det Elin og bokstaven E som vart starten for alle svara. Eg sender utfordringa vidare til Søstrene Andersen, Beate med Min lille verden, Eddas kreativiteter og Sigrid sin blogg Refleksjon på livsvegen. Desse sender ordleiken til fire nye utvalde :)



For å få ei betre oversikt over spm., gå inn på Magnys lille krinkelkrok! Verdens beste Magny gav meg denne romjulsutfordringa! Ho har ein kjempefin blogg, og er dessutan ei ALLE TIDERS dame! :)



post signature

Romjul...













Håper du har ei fin Romjul!


post signature

lørdag 26. desember 2009

Jul i huset vårt!










post signature

fredag 25. desember 2009







post signature

torsdag 24. desember 2009

Askepott i draumeverda ... GOD JUL! ♥

Endeleg er dagen her! Julaften med alle sine kjensler, lukter, matrettar og tradisjonar... Borna skin av forventning i augene sine, og vi vaksne kjenner at det kriblar vi også; mest fordi vi er spente på om dei likar gåvene sine? Vi har oppfyllt mange ynskjer, og eg kan nesten ikkje vente på kvelden! Draumetausa vakna med ein gullfisk i bolle på rommet sitt. Forundringa og gleda var stor! I ettermiddag skal vi inn på ein gard og møte julenissen. Men vi skal også finne plass til juleevangeliet, og studere stallen som har kome opp på kommoden. Eg trur vi skal få tid til alt. Julaften er så forferdelen lang nemleg ;)

Eg har ei gåve til alle dokke der ute også. Sidan november har eg arbeidd med dagens innlegg. Eg veit ikkje om det vart så vellukka som eg håpa det skulle bli, men no får det bere eller briste. Tre nøtter til Askepott på NRK har vore med meg kvar gong filmen har gått sidan syttitalet. Ikkje alltid eg har tid å sjå heile no som matmor, og vertinne, men filmen er alltid i bakgrunnen på julaften formiddag. Eg kjøpte filmen på VHS for lenge sidan av den grunn, for eg likar å få sett han i løpet av jula. Eg har alltid lurt på kva det er som skaper magien i filmen, kvifor menneske i så mange land elskar Askepott, stemora og ikkje minst den vakre prinsen... (SUKK) I fjor las eg ein artikkel i Dagbladet, med intervju av ein aldrande mannleg hovedperson: "Ingen av dem (hovedrolleinnehaverene) hadde kjærester på den tiden. Og Pavel lot seg begeistre. - Vi ble forelsket i hverandre under innspillingen. Da filmteamet var opptatt med andre ting, snek vi oss bort i skogen og kysset hverandre. Det var så kaldt på filmsettet at vi måtte dele på kroppsvarme for ikke å bli helt blåfrosne, sier Pavel. Filmen ble hovedsakelig spilt inn i Sør-Tyskland i bitende vinterkulde. Pavel mener det jevnt over var 20 minusgrader. Han ler når han forteller om kostymene de hadde på seg, som egentlig var beregnet for sommerbruk. - Det var ikke særlig mye varme i den tynne strømpebuksa jeg løp rundt i. Det jeg husker aller best fra innspillingen er at vi frøs hele tida, sier Pavel."

http://www.google.com/search?q=http%3A%2F%2Fwww.kjendis.no%2F2008%2F12%2F24%2Fkjendis%2Ftre_notter_til_askepott%2Fhusker_du%2Ftsjekkia%2Fnrk%2F4148207%2F&rls=com.microsoft:no:IE-SearchBox&ie=UTF-8&oe=UTF-8&sourceid=ie7&rlz=1I7GGLL_en

Eg trur nok at han snakkar sant. At det er løyndomen bak dei gnistrande blikka, og dei kjærlege smila mellom hovedpersonane; prinsen og Askepott VAR verkeleg forelska... ;) Eg håper du finn kavalkaden min underhaldande; ein del av bilda kava eg ekstra for å få på plass :) Innimellom er bilder som eg har lånt frå div. nettstadar, henta ut av filmen Tri Orisky pro Popelku. Sitata er slik eg huskar dei i hovudet, har ikkje sett gjennom filmen! Den skal eg og draumetausa sjå saman på NRK i førmiddag! :)

ENJOY :)




"Alt må være perfekt til de kommer!"



"Og hvor er prinsen?"



"Hvor ble hun av? Den vesle jenta?"



"Du fryser ihjel!"
"Ta med det som faller ned på nesa di!"



"Skal jeg?"



"Der jeg kommer fra kan selv et barn klare det..."






"Du hadde skremt vettet av de andre på ballet, sånn som du ser ut!"



"Ertene skal i kurven, og asken i skåla"



"Min far sa alltid at jeg skulle ri til mitt første ball..."



"Jeg ville gå, men nå vil jeg bli her og danse med deg..."





"Hun vil ikke vise fjeset sitt, hun er så beskjeden stakkars..."



"Men! Dette er jo en brudekjole!"



"Har du funnet svaret på gåtene?"



"Askepott! Vår Askepott! -og min, viss du vil ha meg da?"



"Studiene! Historietimen! Vent!"




Ha ein fantastisk dag alle saman!

GOD JUL!





post signature