Hei alle mine herlege, kjekke lesarar! (OK, det var kanskje over the top...) Men at det er kjekt å blogge, er vel ingen tvil om, når så mange er innom på ei veke! Og med åtte tusen lesarar i januar til no, føler eg meg audmjuk og glad. Men til alle som trur det er mykje; så er det altså ikkje det. Eg veit om fleire bloggar som starta opp samstundes med meg, som nærmar seg førti tusen lesarar. Eg var ikkje så veldig flink i starten til å markedsføre meg sjølv. Så tiande desember nådde eg fem tusen lesarar. Grunnen til at eg skriv dette, er alle kommentarane eg har fått, og mailar, der dette er veldig fokus på. Eg vil minne alle om at å blogge handlar om å ha det kjekt. Sjølvsagt er der moro at teljaren fyk avgarde, og ein kjenner at andre vil lese det ein skaper, men det kan fort bli stress av det også. Det kjenner eg sjølv. Så oppfordringa i dag, må bli å kose seg med tekst og bilder, og vere mindre oppteken av populariteten til bloggen din. Ein annan ting er kva slags teljar ein har. Om det er unike treff eller alle treff som blir registrert. Eg ANAR ikkje kva slags teljar eg har? Eg var berre glad eg klarte å leggje inn desse HTML sakene på rett plass. Eg kunne ingenting om noko når eg starta. Eg har lest meg til det eg kan her inne. Difor er her ikkje så mange fancy knappar du kan trykkje på, og designet er svært enkelt. Men det funkar for meg? Men hadde eg hatt her ein proff,
var det mykje eg kunne tenkt meg å ordne på!
I dag er eg trøtt, var oppe alt for lenge i natt etter ein hektisk dag. Men alltid koseleg å ha besøk! Så eg stod midt på kjøkkengolvet og gjespa i formiddag, og såg meg rundt. Og viss nokon lurer, kom motivet på plass på fem minutt, fotograferinga tok vel 15 minutt, redigering og ferdigstilling av innlegget ein god halvtime. Så her er det ferdige produktet, gråe detaljar, med eit snev av vår... Og eg er glad for å vise nokre ting frå ein yndlingsleverandør, Walter & co. Meiner at blomane tilhøyrer krysantemumfamilen.
Håper du vart inspirert?
Nyt laurdagen! Her snøvar det igjen!