HELDIGE meg vann heimestrikka putetrekk hos Sologbolig for nokre veker sidan. Og i går kveld fann eg ein fantastisk pakke i postkassa! Skulle sjølvsagt ha vist han fram før eg åpna den, men eg var så spent, at eg flerra av papiret :) Og eg har fått velge farge på puta sjølv. VAKKER! Eg vart så inspirert av henne, at eg har kooosa meg ei lang stund på kjøkkenet i dag. Fleire bilder kjem i morgen. Det er lenge sidan fotograferinga mi gjekk så lett! Har ein heil haug av flotte bilder på redigeringssida mi i skrivande stund. Viser litt av den flotte skatten under her!
TUSEN TAKK SIGFRID!!! Eg elskar denne puta! :)
God laurdag alle saman, så sjåast vi i morgen!