.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg

søndag 21. mars 2010

Vårsol på draumestol...


Og så del to av fotoseansen på kjøkkenet i strålande vårsol! Kjedeleg kanskje? Med to så like innlegg? Eg STORkosar meg med fotograferinga, så då får dokke ha meg unnskyldt ;)








Med ynskje om ei flott, ny veke til alle! Snart er påska her!



Draumane som kom tilbake...









Og så var draumane tilbake, godfølelsen i magen,
og gleda over å kunne dele alt med dokke!

Ha ein vakker søndag!


søndag 7. mars 2010

Bilder frå spiseplassen vår, helg og yrkje :)


Her kjem nokre bilder frå kjøkkenet vårt. Vi har inga spisestove, så dette bordet er både til helg og yrkje, som vi seier her på Sunnmøre. Uttrykkja skifter, alt etter som kva måltid som blir innteke. Bordet vårt er i valnøttfinèr, og stolane heiter Tower, og er danske. Den gamle, svarte slagbenken er eit bruktfunn, og har god plass til oppbevaring under lokket. Eg har lagt på porolon, og trekt med grått linstoff, for at han skal vere betre å sitje på. Mine fantastiske ekstrastolar står på veggen ved sidan av og smiler... Dei har enno ikkje blitt trekt opp att og måla; eg likar dei alt for godt slik dei er no... Barnestolen er frå Stokke. Legg merkje til stolryggen! Veldig god for ein liten rygg. På dette bordet foregår alt frå lekselæringa til draumetausa, mor sine bakestunder, til far si lesing til eksamen og skaping av lillebror sine kunstverk. Og sjølvsagt, gode måltid med familie og vener. Med kvit linduk, og besteserviset framme. Vi er eit typisk eksempel på ein familie som brukar kjøkkenet veldig mykje.








fredag 12. februar 2010

Rundtur i heimen :)

Hei! Her har det vore stille i dag... Pc`en kom med eit virusvarsel i går ettermiddag. Eg køyrde eit program for å ordne opp, men sjølv om alt såg ut til å vere i orden, kom det stadig opp nye feilmeldingar. Så i dag måtte min gode pc til spesialist. Heldigvis har min kjære ein kollega som kan mykje om slikt, og han har styra og stella for å ordne opp. Alt skal vere OK. Det var det nok i går også, men feilmeldinga har hengt seg opp, og vil vere her til neste oppdatering. MEN: eg ville ikkje risikere å gjere noko gale,og har difor ikkje fått vore innom alle dokke snille som legg att kommentarar! Så TUSEN TAKK! :) Helgavasken var ikkje den same uten musikken min, bloggepausane og alle smila som vanlegvis sprett opp i løpet av dagen. Men FOTOAPPARATET svikta ikkje! I dag har eg rett og slett gått ein tur rundt i hovedetasjen og tatt bilder. Har måla eit strøk til på utgangsdøra, og må nok ha endå eitt. Men FOR ein forskjell!
Og så lurer eg så veldig på; kvifor har eg ikkje gjort dette før???  






Fredagskvelden er her! Eg ynskjer dokke
alle ei velsigna god helg! :)



mandag 8. februar 2010

Chanson d`Amour...

Eg har eit minne frå eg var lita jente. Mamma og pappa dansa på stovegolvet til Chanson d`Amour. Eg veit ikkje kvifor eg kom på dette i dag. Tenkte kanskje litt ekstra på pappa, som ikkje er hos oss lenger. Musikken og det skiftande vèret skapte bilda eg viser. Franskinspirert, fulle av minner. Nydeleg lys inne på kjøkkenet i dag, trass i at snøkavane står i kø ute i fjorden. Men det går mot vår! I kveld vil eg også danse... 





Vil gjerne oppfordre deg til å vise godheit mot nokon som har det trasig. Anette Willemine bad oss om dette i sitt innlegg i dag. Noko eg også skal gjere. Det tek gjerne berre nokre minutt for meg, men kan vere av stor betydning for den eg gleder...


tirsdag 26. januar 2010

Je t`aime...

Eg elskar mine gamle, sletne stolar for mykje til å pusse dei opp... Slik er det med den saken. Og når Mon grand amour også er enig, får herligheitene vere hos oss slik som dei er. Dei er støvsuga, pussa og vaska. Så fekk begge to ein klem, og så står dei berre fint og ser vakre ut... Og dei er flotte til ekstrastolar ved besøk. Tallerkenhylla fekk litt nytt innhald, og heldige meg fekk pakke frå Hilde H i går, med franske aviser! Og gamle noteark, og strykemerker og lite kors og kort og... Hilde meinte ho hadde tatt for mykje porto? Og så hadde ho fyllt opp pakken med så mykje fint! Tusen takk! Avisene fekk sjølvsagt kome opp på plexiglasborda med ein gong. Lovely! :) Ellers må eg seie at dokke imponerar meg med besøk? Kjempekjekt! Håper berre at bloggen innfrir forventningane? Kjenner presset aukar, etter kvart som antal innomkikarar aukar for kvar dag... Er dette  interessant nok? Er bilda gode nok? Tørnar du av musikken eg har her? Og er det på randen av det akseptable med all denne nynorsken? Fleire skriv at dei likar at eg brukar dialekt. Men eg prøver å skrive nynorsk. Det smett sikkert eitt og anna lokaluttrykk inn mellom her. Og i dag til og med franske gloser. Det er LENGE sidan eg hadde fransk på gymnaset, og eg huskar lite... Men ein må no berre vrenge hjerna og trykkje ut nokre fraser, når desse vakre avisene har kome i hus!












Au revoir!



torsdag 14. januar 2010

Draumekjøkkenet mitt...

r
Slik var i alle fall draumekjøkkenet mitt i 1998. Sidan har eg vore veldig misfornøgd, sånn passeleg fornøgd, og no er eg tilbake ved meiningane mine for elleve år sidan :) Huset vårt er i gamal stil, og eg leste ein stad at huset sitt ytre bør matche kjøkkenet. DET kunne eg godt ha valgt å oversjå i framtida ved nye byggeprosjekt, men eg forstår kva  denne personen som sa det, meiner. Eg elskar å setje saman ting, som ikkje "høyrer saman". Gjerne stål og glas til antikke møblar. Det funkar her ;) Kjøkkenet er frå MØRE kjøkken, er i heiltre bjørk, og er kvitmåla hos produsent. Benkeplata er heiltre bøk, men vi lakka denne i mørk eik i fjor. Fint først, men det viste seg at overflata ikkje vert sterk nok til kjøkkenbenkbruk. Så dette må vi ta att. Kjøkkenet er nesten førti kvadratmeter, noko stova lid under. Ho er lita i forhald! Som eg har sutra om før; peisovnen i slank utførelse, med glatt RAIS innsats MANGLAR enno etter 11 år... Men vi får sjå kva framtida bringer. Vi kjem til å åpne opp veggen inn mot stova, for å få betre sirkulasjon for varmepumpa. Og då kan det hende det skjer eit under? Uansett. Her er kjøkkenet vårt, så får du bedømme sjølv om det har draumepotensiale! Utsikta er i alle fall upåklageleg, fjord, fjell og himmel så langt auget kan sjå...


















Håper du har ein fin torsdag ettermiddag!




onsdag 11. november 2009

Detaljar frå eit kjøkken ein onsdag formiddag

I dag er eg så heldig at eg får besøk av Marianne, og hennar vesle sjarmør Aksel. Alltid kjekt når vi er i lag! Marianne er kjempeflink å fotografere; så viss dokke synes at bilda mine er fantastiske i morgen, ja så er det for at Marianne har lært meg nokre triks i dag ;) He-he. Trur vel ikkje at det kjem sånn over natta, nei! Tok helgevasken i går. Ikkje for komande helg, men for den som var... Eg held også på å vaske klede i går, og la saman på kjøkkenet i går kveld. Fekk nesten sjokk i dag; eg veit det er mykje støv i nyvaska klede, men du verden! Våre mørkebrune benkeplater hadde tatt imot alt som hadde senka seg frå rommet i natt. Men det er no snart helg igjen... ;) Har du lyst å sjå fleire detaljar frå kjøkkenet mitt? Har tatt runden nokre gongar før, men det dukkar stadig opp nye fotogene ting. Her er ein handfull yndlingsting igjen!



Har fått ein slags mani på å finne gamalt kjøkkenutstyr i haust. Dette er ei langpanne frå ein Grepakomfyr, som drog sitt siste pust for fleire titals år sidan. Herlig sleten, og litt rusta i kantane.



Tavla er ein innertiar, og kjøpt hjå Emmas verden. Gleder meg til å feste advent- og seinare julepynt på henne. Ho har fått plass over vår heller stygge Dovre ovn, og eg synes at heile ovnshjørnet har blitt kvikkare etter at tavla kom opp!


Ein liten tur innom tallerkenskåpa, som eg har vist før. I midten eit lokk med hjerter frå Emmas Verden. Krydderglasa er bruktfunn, og er produsert av Egersunds Fayancefabrik.




Lykta, som er i bruk dagleg, kjøpte eg i sommar hjå Herlighet i Spjelkavik. Denne butikken redda oss på mange måtar etter husbygginga vår, for der var det råd å få kjøpt stæsj i stål til huset, utan å gå konkurs :) Har vore kunde der i over ti år. Det er veldig kjekt å sjå utviklinga butikken har hatt, og eg gleder meg på eigarane sine vegne for at butikken blomstrar og blir oppdaga av stadig fleire. Faceliften med nytt navn og nye fargar, gjorde seg nok også. Det er akkurat denne mixen med lykta som gjer meg glad, at alle dei gamle tinga mine, får følgje av ny, enkel design. Det kan sikkert vere frykteleg å sjå. for nokon som svergar til den romantiske stilen. Men det å finne sin stil, bør vere veldig individuelt! Det er no dette det handlar om; å kunne vere original på sin eigen måte!

Ha ein flott onsdag!



post signature

lørdag 31. oktober 2009

Ein svinserunde på kjøkkenet

Det er ubeskriveleg godt å vere i laurdagsmodus, i alle fall når huset vart vaska i går... Ellers går eg med dårleg samvet, for det er så kjempegodt å ha eit reint og ryddig hus når det er helg. Eg ser at eg skriv hus... Vel, lat oss seie 1.etg. i alle fall :) Sjølv om draumeprinsen har vore oppe sidan før sju (og det er ok, han bruker å vakne før seks) har vi andre sove sånn i rykk og napp utover morgenkvisten. Det er nydeleg vèr ute. Draumehausten min har endeleg kome! Så etter å ha unnagjort litt handel og anna, blir det moseprosjekt, og ein fjelltur.



Hadde så fine tomatar på kjøkkenbenken i dag, som ropte at dei ville bli tatt bilde av! Det gjorde at eg vart surrande rundt der, og kika på ulike ting. Oppe på kjøleskåpa står ein eignalut som rommer eit minianlegg. Men det er det ingen som ser. Heldigvis er sprekkene i kassa så store, at fjernkontrollen fungerer! :) Må opp på stol for å setje i cd, men det er mest radioen som står på. Ein bunt med sjølvplukka rekved kviler framfor der også. Knytt saman med ein gamal snøre-ende. Det store lyset med tre veikar, er frå Slettvoll.


Eg er stadig like forelska i utklippa mine, som eg har festa inne i glasskapa på kjøkkenet. Synes at alle tinga våre har blitt forandra til det bedre med desse som bakgrunn. Til venstre nede mot stålkoppane, er det ei svane som er i ferd med å lande. Alt her er  bryllupspresangar frå 10 år tilbake. Tinga eg har teke bilder av i dag representerar mykje av stilen i huset vårt; nye saker i stål, blanda med gamle bruksting og antikvitetar av alle slag. Så kan det nok diskuterast blant alle dokke der ute, om det er særleg smart? Vi synes det :)

Koppane på bildet til høgre, er ein del av  eit nytt servise som vi samlar på, Villeroy &. Boch, Vieux Luxembourg. Synes at mønsteret og fargen passar til mange gamle fat vi har, for eg likar å blande gamalt og nytt når eg skal dekkje eit fint bord også. I bakgrunnen i denne skåpa, sette eg opp diverse reklamer for bestikk. Synes at det vart fint sidan dette høyrer til på kjøkkenet. Har også brukt utklipp frå desse blada på zinkboksen med bestikk og tomatar vist øverst her.

Borte i tallerkenhylla, som eg har vist før, har vi gamalt porselen, også frå Villeroy &. Boch, og mange andre raritetar. Blant anna ei kjøkkenvekt, som har fått nye vener i det siste. Dei nydelege, små lysa er kjøpt hjå "Emmas Verden", ein butikk eg blir glad av å tenkje på! Gleder meg sånn til neste gong eg skal på besøk dit!




No har eg brukt veldig lang tid på dette her? Har tatt i bruk den nye versjonen med større bilder, og eg er rimeleg ute på bærtur? Men øving gjer meister? Lat oss krysse fingrane for det! Eg er nok tilbake i morgon, med litt søndagsnytt! ;)


Håper at de alle får ein flott laurdag; det har i alle fall eg tenkt å ha! :)




 ♥