.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 2. januar 2010

Andre januar! :)

Etter ein travel dag ute av huset, er vi endeleg heime igjen! Vi har bl.a. vore på besøk, og ete grillmat! Verten stod ute i ti kalde minus, og laga kjempegod mat til oss! (Vi sat inne ved peisen og såg på...) Berre å late att augene og drøyme om sommar når vi åt... Men vinter er det, og blir det nokre månedar til! Skulle gjerne vore heime og vaska ut jula i dag, men det får bli i morgen eller på måndag. Men her er enkelte ting som skal få liggje framme; sånn som den gamle albumen eg fann før jul. Eg ser meg aldri mett på desse korta! Dei er så vakre! Den gamle handskrifta på dei, gjer dei til historiske minner frå ei svunnen tid... Eg har gått gjennom alle i jula, og oppdaga at desse to eg viser i dag, nok er frå ein serie? Så koseleg å sjå at den vesle jenta lærer dokka si å sitje rett ved bordet, og å be for maten :)
Korta er frå rundt 1900.




Ha ein fin fin laurdagskveld! :)




fredag 1. januar 2010

Første nyttårsdag 2010 ♥









torsdag 31. desember 2009

♥ ♥ ♥ Godt Aar! ♥ ♥ ♥

Kjære alle saman! Det hadde seg slik at eg hadde lagt att kreativiteten min ein eller annan stad. Gløymt han att... Og slik låg han og venta på å bli funnen... Etter at bloggen og draumesidene kom til, byrja eg å leite. Eg fekk lyst til å finne igjen denne sida ved meg sjølv, som hadde vore borte i fleire år. Og litt etter litt fann eg bitar av eit puslespel. I huset mitt, i hagen, etter kvart på fjellet. I desember fann eg store delar av dei manglande brikkene ved fjorden, og ved elva. Og tenk; saman med alt dette fann eg også glede, optimisme og ro... Alt låg der og venta på meg... No er eg full av takksemd! Og eg skal aldri leggje frå meg desse viktige tinga i livet mitt igjen! For det er akkurat desse eigenskapane som gjer meg til eit sterkt, lysande menneske... Og det er dokke som har ført meg inn på rette vegen igjen! For ei gåve å få frå menneske ein ikkje kjenner? Eller; eg kjenner nokre litt :) Så til deg der ute som aldri legg att kommentarar, sjølv om du likar det du ser og les på bloggar verda over; ta deg tid til å skrive nokre ord!
Så kanskje fleire finn att glede og sjølvtillit...

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR BERIKA LIVET MITT MED GODE ORD
OG FLOTTE TILBAKEMELDINGAR!







Eg har vabba opp til låra i nysnøv i eit fantastisk naturlandskap i ettermiddag. Maten er forseinka, og tidsplanen litt på halv åtte, men mor i huset er smilande, varm i kinna og lykkeleg over ein fantastisk nyttårsaften 2009! Eg ynskjer alle mine lesarar eit Godt Nytt Aar!
Ta deg tid til å glede nokon i det nye året, det skal ofte så lite til!






onsdag 30. desember 2009

Årskavalkade light ;)

Eg har vore utan nett sidan i går ettermiddag, men er online igjen takka vere ein koseleg mann hos leverandøren vår. Eg kjenner meg nesten litt proff her eg sit ;)  I går kveld hadde vi romjulsfest, og det er godt å ha vondt i lattermusklane dagen derpå :) Takk til alle som kom! I dag kjenner eg at eg skal gjere minst mogeleg, lillebror målar, og storesyster kan endeleg vere ute og leike i snøven. Så godstolen er virkelig god i dag! Eg er ikkje ein erfaren bloggar, har berre halde på litt over tre månadar... Årskavalkade er eit ord som eg ikkje kan bruke her inne! :) Men kanskje eg kan trekkje fram dei innlegga eg huskar best? Eg har nokre favorittar, og dei deler eg gjerne ein gong til!

SEPTEMBER

Byggjeperiode... Gamle fjøler blir resirkulert til nye møblar!




OKTOBER

Ein måned vi blant anna brukte til å pusse opp rommet til Draumetausa. Og det er ganske ryddig og fint no også. God lagring og system er nok det viktigaste for at ein jenterom skal fungere!



NOVEMBER

Dette var månaden blogginga "tok av" på rett. Byrja å få følgjarar, og kommentarar. Ei ny verd åpna seg! Husker VELDIG godt denne nydelege morgenen 4.november med frokost på terrassen! Og seinare i månaden den eventyrlege timen nede ved elva...







DESEMBER

Heilt ærleg; så har eg så mange bilder denne månaden, at dette vart eit dilemma... Eg har hatt så mange fantastiske timar med kameraet, at eg berre smiler frå øyre til øyre. Kva skal eg velge? Så mange fine turar i skog, mark, på fjellet og i fjøra. Eg er veldig takksam for å ha fått dele dette med dokke der ute! Her er eit lite knippe ynskjedraumar...


















Og sånn kunne eg ha fortsett heile ettermiddagen... Eg er svært glad for at eg har fått eit fotfeste her inne i denne varme, og gode verda. Eg blir stadig forundra over korleis heilt framande menneske når inn til hjertet mitt, med gode ord og helsingar... TUSEN TAKK! Det har betydd ENORMT mykje for meg!



GOD KLEM FRÅ

post signature

tirsdag 29. desember 2009

Raude tilståelsar i natta... ;)



Jauda, her ER raud julepynt! Den store, skjønne nissen har mi snilde storesyster laga. Han står vanlegvis utanfor inngangsdøra saman med nokre mindre slektningar. Julehjertet fekk eg av draumetausa i julegåve. Ho har laga det på skulen. Og julesløyfene i år likar eg VELDIG godt. Dei er kjøpte hos Emmas Verden. Ho har forresten julesal frå i dag (når det blir morgen...) Raud er ein vakker farge; viss nokon lurte på mi meining om den saken! Har fått høyre at det er litt trist her utan farge på jula... ;)


post signature

mandag 28. desember 2009














Med ynskje om ein fin fjerde romjulsdag!



post signature

søndag 27. desember 2009

Romjulsordleik frå Magny :)

Det var kjekt å bryne hjerna litt her tredje juledagskvelden! Og så har eg ikkje æ, ø og å i skrifta eg brukar ;) Så det gjorde det extra vanskeleg! I mitt tilfelle, var det Elin og bokstaven E som vart starten for alle svara. Eg sender utfordringa vidare til Søstrene Andersen, Beate med Min lille verden, Eddas kreativiteter og Sigrid sin blogg Refleksjon på livsvegen. Desse sender ordleiken til fire nye utvalde :)



For å få ei betre oversikt over spm., gå inn på Magnys lille krinkelkrok! Verdens beste Magny gav meg denne romjulsutfordringa! Ho har ein kjempefin blogg, og er dessutan ei ALLE TIDERS dame! :)



post signature

Romjul...













Håper du har ei fin Romjul!


post signature