.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



tirsdag 22. desember 2009

Snart, snart...



Eg kan knapt huske ei så flott førjulstid, som den vi har hatt no... Nydelege dagar, med sol og lite vind. Det er ikkje rart at teljaren på fotoapparatet nærmer seg 5000 :) Dagens innlegg vart laga i går, bilda er også ein dag gamle. Med få unntak er bilda eg viser på bloggen ,ferske og tatt på innlegget sin dato. Men gjett om eg har mange fine bilder etterkvart, som eg ikkje får plass til. Stakkars... Får lage bok? I dag vil eg takke Drømmen om en eplehage for nydeleg hjerte som låg i postkassa i går. Eg reiv av papiret, og fekk deja vu til barndomens jul... Så ivrig! Og hjertet var finare enn på bildet! :) Det har fått plass ute på badet, og er rett og slett vakkert! Koseleg kort, og sukkerstang var der også. Eg er vel heldig!!! Draumetausa kom heim med årets julegåveprosjekt, og sidan mormor ikkje ser bloggen så ofte, viser vi bildet her i dag. For det er visst ho som skal få herligheita! Sjarmerande kar, med hatt og skjerf. Har tatt med eit julekort frå det gamle albumet i dag også. Skal vise fleire etter kvart.





Ha ein fortryllande dag, anten du vaskar golvet, ber ved, heng opp fugleband eller pyntar tre ;)



post signature

3 kommentarer:

lisje astrid's husblogg sa...

Så heldig du har vore:)Hjertet er nyyydeleg:)For ikkje å snakke om snømannen;)Mormora har å glede seg over:)
Å ja!Lag bok!Eg kjøper:)
Vil ønske deg ei riktig god jul med masse glede og kos:)
Gleder meg til å følge med vidare her:)
STOR juleklem frå Astrid:)

Hverdagen vår sa...

Kost meg gjennom fantastiske bilder og kan endelig få sett de etter å ha slit med trasjomt nett en lang stund-

kos dere masse nå disse siste dagene, og ønsker deg og dine en fin jul og mange gode dager i 2010, gleder meg til å følge deg videre neste år også-

klem i fra Eli

sigrid sa...

Å bok må du lage...
så vakre naturbilete og interiørbilete, ja det vert 2bøker det ;-)
PS: Stilig kar, herleg hjerte og flotte gamle kort!