.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



tirsdag 12. januar 2010

Loftstova vår :)

Hei! Så kjekt at SÅ mange har meldt seg på GiveAwayen allereie! :) Utan å vite kva eg loddar ut... Dokke er optimistiske! ;) Og det er bra! Først må eg vel fortelje om den gjønå kjekke varmepumpeseljaren som kom i går ettermiddag. Han stod smilande utanfor døra i kulden, og vart møtt av :-eg likar ikkje varmepumper... Men han var advart, og hadde full forståelse for min skepsis... Vi sulla rundt her i første etasje, og eg avslo eit forslag om pumpeinntak under eine vindauga på glasframbygget på kjøkkenet. Så synleg, og umogleggjorde at eg fekk ha leseplassen min og liggjestolen der lenger. NO WAY! Men så undersøkte han gangen litt meir nøye, og mitt forslag vart godkjent :) Eg likar framleis ikkje tanken på at denne avlange dingsen skal prege eine veggen, men OK. Over døra var det for liten plass. No blir pumpa heilt nede ved golvet, og vil varme flisene på gangen. Og viss eg er kjempeheldig, vil Mc.Dreamy slå til å ordne veggen inne på kjøkkenet, og setje opp den lenge etterlengta peisen? HINT-HINT-HINT! Eg veit du les bloggen kjære, sjølv om du latar som om du IKKJE gjer det!

Takk for KJEMPEmange kommentarar i går! Så kjekt at dokke likte stova mi! Litt skummelt å leggje ut så mange bilder av noko så personleg... Sofabordet er ei gamal dør, som eg har teikna understellet til. Eg har ikkje sveisa det, men skulle ynskje at eg kunne det! Sofaen og stolane er frå Slettvoll. Det vesle bordet med glasknott har eg bygd, og den vesle setteskåpa. Det var litt informasjon om gårsdagens innlegg. Så over til loftstova. Loftet vårt rommar i tillegg bad og tre soverom. Loftstova kom med i husteikningane på etterskot. Men takk og pris for at vi tok denne kostnaden! Trur det kosta ca.50.000 extra med denne arka i 1999. Dette åpne rommet er kidsa sin fristad. Og med tanke på stadar i huset det er rotete til vanleg, trur eg dette rommet tek førstepremie... Lillebror er ikkje så oppteken av å rydde. Han treng så mykje rundt seg... Men ungane har til vanleg ikkje med seg leiker ned på stova og kjøkkenet. Denne regelen innførde eg ei tid tilbake. Grusomt? Tja. For oss fungerer det heilt greit. Lillebror ber meg gå ned frå loftet, for han vil ha fred med tv, leiker og siste anskaffelse Nintendo Wii. Så stova eg viste i går ser alltid slik ut, med unntak av to pc`ar som vi vaksne fraktar rundt omkring. Den stakkars sofaen i 2.etg., som er ein Apollo frå LK Hjelle, er så full av flekkar, at eg har shina han med eit pledd akkurat i dag... ;) For her i sofaen et ungane ofte kveldsmat. Og det er forskjelleg som har kolva eller klistra seg ned i vår mørkeblå venn. Men det blir ikkje noko nytt trekk før ete-ulykkene avtek! :) Bordet med stereoen, er laga av IKEA-nattbord, pimpa med gamle fjøler øverst. TV-opphenget laga vi i fjor, av ei treplate, med ei rame på baksida. Så tapetserte vi, skrudde den GODT fast. Alle ledningar går gjennom hol i plata. Vi er veldig fornøgd med resultatet, og gjett om det er enkelt å halde reint! Ingen problem med støvtørking lenger! Oppbevaringskasser i korg frå RM. Ellers er det veldig innsyn til dette rommet, med naboar og bygdeveg rett over. Difor har eg valgt lette lyse gardiner i tillegg til linlengdene. På andre sida av trappeoppgangen  har vi ein smal gang bort til prinsen sitt rom, og gjesterommet. Jammen fint eg laga dette innlegget, for no vart det ryddig her igjen! ;)














Pakken som ligg i trauet skal eg til posten med no! :) Det er mi snille veninne Eva som skal få den! HomeMade... Ho gav meg den flotte bærplukkaren som ligg i trauet i julegåve :) Takk Eva!

Ha ein fin tysdag!


Klem frå

 

19 kommentarer:

Hulda sa...

Fine bilder fra loftet også. Du har det gjennomført, ser jeg. :)

Kristine sa...

Så koselig! Den rammen bak tv'n gjorde faktisk tv'n FIN! Er helt imponert :)

Vedder på at det blir kjøkken-peis på deg etter at varmepumpa er kommet i hus ;)

Ha en deilig dag, Elin!

Og tusen takk for at du alltid legger igjen varme kommentarer hos meg, det setter jeg veldig stor pris på :)

Klem

Mitt hvite hus sa...

Kan virkelig anbefale peis på kjøkkenet... vi har det og dete r virkelig stemninsgskapende.. ser den i innlegget mitt i dag...


Så bra at du ble fornøyd med palsseringen av pumpa... ikke noe fint møbel.. har blitt vandt med våres...

ha en fin ettermiddag..

Klem Kerstin

Emmas Verden sa...

hei igjen ;)
så koselig med ei loftsstue der ungene kan styre seg..mange lekre detaljer Elin..kreativ er du i hvert fall!!!
vi har også ei loftsstue,men der er det fullt av mine sy-ting..tror nok jeg må rydde så vi får utnytta plassen litt bedre ;)
klem igjen fra meg..
Anne***

Idun.. sa...

Du har det berre SÅ fint i huset ditt Elin!
Eg GLER meg til den dagen eg er kvitt alle fæle vegg-fargane som forrige eigar klinte på :S
Hadde du ikkje skrevet noko om pleddet i sofaen hadde eg trudd at det skulle vere slik, til pynt ;)

Ha ein strålande dag Elin! No skal eg på sjukehuset og gi blod :) *klem idun*

Magny sa...

nydleige bilder,- kosleig hos dere,- kuskin er røft og kos ...

masse flott å titte på,- love it...


magny

vårt lille hjem sa...

Før ei koselig loftstove! Du har sansen før å lage dine eigne detaljar på interiøret ser eg og det blir knalltøft.

Kos deg i sola, du har den vel du, eg får den på torsdag og gler meg!

Livs Lyst sa...

Kuul den tapet-veggen med tv på! Herlig mønster og farge!!

Ha en fin kveld.
Hilsen Liv ;O)

Vibeke / Mammas Hus sa...

Så flott du har det hjemme hos deg! :))) Forelsket meg VELDIG i det hvite skapet og kommoden (?) under osm du har i stua. Så lekkert!! :)

Jeg har lagt meg som følger, for her inne var det fint å være! :D


Håper du har gode dager.

Vibeke :)

Maya sa...

Så gjennomført og lekkert. Den plata bak tv'n var en kjempe god ide! Tusen takk for titten.

sigrid sa...

Kjempefint!!!
Kjekt med eit rom til borna...
Vart veldig kjekt å få kjellarstove...
Der har vi tv`n...
Godt å sleppe den oppe på stova ;-)

Fro sa...

Så koselig du har det! :)

Ja, se der har du et sånt hjerte...hmm...kanskje de ikke er å få lenger...jeg får fortsette jakten. :)

Klem

Bloggpuls sa...

Her er også loftstuen overlatt til småttisen. Han leker heslt opp og koser seg der.
Nå er jeg i gang med planlegging av en liten makeover der. Må bare få eplefjerten ut på jobb igjen ;)

lisje astrid's husblogg sa...

Kjempe fin loftstove:)Å ja kidsa MÅ ha ein friplass!Vi har også same regelen her..Med unntak frå siste halvåret ,då lisje Olav ikkje har noko eget soverom enda..Vi må nok bygge på...Phu..Er liksom litt tom etter eit år med oppussing..Men,det kjem vel arbeidslyst igjen?..Planleggingslyst manglar det ikkje på..
Jammen er du kreativ,med alt du bygger,bilda dine å den lekre heimen;)
Du er bra god du Elin:)Er sååå glad for å ha "møtt" deg:)
Kos deg i kveld:)
Godklem frå Astrid:)

Linneas mamma sa...

Utrulig fint i loftstova di også, en skikkelig gjennomført heim må eg sei!!! Du skriv også veldig levande, og bilda dine er kjempefine :) Ha en forsatt fin kveld!! Klem

lisje astrid's husblogg sa...

Det gjer meg vondt at du har mista pappaen din..Ord blir liksom så små i dette høvet!Men,at han ser den flotte dattera si og dei nydelige bilda ho tek er eg heilt sikker på!
Tusen takk for helsinga!Den betyr stort for meg<3
Å jepps:)Fekk linka eg:)
Nattaklem:)

Anonym sa...

så snill du er som sender pakke til meg! gleder meg! love u
klem eva

Anette Willemine sa...

Så flott du har det hjemme, Elin! Du er så flink til å sette sammen nye ting med gamle detaljer. Det er veldig tøft!!

Ønsker deg en deilig dag!

Klem fra Anette Willemine

Maliva`s verden sa...

Utrolig koselig hjem du har Elin...badet også var jo super fint;o) Heng deg på i konkurransen. Derimot mitt blir det ingen bilder av ...ha-ha.
Fin lillelørdag til deg fra Maliva