.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 31. oktober 2009

Ein svinserunde på kjøkkenet

Det er ubeskriveleg godt å vere i laurdagsmodus, i alle fall når huset vart vaska i går... Ellers går eg med dårleg samvet, for det er så kjempegodt å ha eit reint og ryddig hus når det er helg. Eg ser at eg skriv hus... Vel, lat oss seie 1.etg. i alle fall :) Sjølv om draumeprinsen har vore oppe sidan før sju (og det er ok, han bruker å vakne før seks) har vi andre sove sånn i rykk og napp utover morgenkvisten. Det er nydeleg vèr ute. Draumehausten min har endeleg kome! Så etter å ha unnagjort litt handel og anna, blir det moseprosjekt, og ein fjelltur.



Hadde så fine tomatar på kjøkkenbenken i dag, som ropte at dei ville bli tatt bilde av! Det gjorde at eg vart surrande rundt der, og kika på ulike ting. Oppe på kjøleskåpa står ein eignalut som rommer eit minianlegg. Men det er det ingen som ser. Heldigvis er sprekkene i kassa så store, at fjernkontrollen fungerer! :) Må opp på stol for å setje i cd, men det er mest radioen som står på. Ein bunt med sjølvplukka rekved kviler framfor der også. Knytt saman med ein gamal snøre-ende. Det store lyset med tre veikar, er frå Slettvoll.


Eg er stadig like forelska i utklippa mine, som eg har festa inne i glasskapa på kjøkkenet. Synes at alle tinga våre har blitt forandra til det bedre med desse som bakgrunn. Til venstre nede mot stålkoppane, er det ei svane som er i ferd med å lande. Alt her er  bryllupspresangar frå 10 år tilbake. Tinga eg har teke bilder av i dag representerar mykje av stilen i huset vårt; nye saker i stål, blanda med gamle bruksting og antikvitetar av alle slag. Så kan det nok diskuterast blant alle dokke der ute, om det er særleg smart? Vi synes det :)

Koppane på bildet til høgre, er ein del av  eit nytt servise som vi samlar på, Villeroy &. Boch, Vieux Luxembourg. Synes at mønsteret og fargen passar til mange gamle fat vi har, for eg likar å blande gamalt og nytt når eg skal dekkje eit fint bord også. I bakgrunnen i denne skåpa, sette eg opp diverse reklamer for bestikk. Synes at det vart fint sidan dette høyrer til på kjøkkenet. Har også brukt utklipp frå desse blada på zinkboksen med bestikk og tomatar vist øverst her.

Borte i tallerkenhylla, som eg har vist før, har vi gamalt porselen, også frå Villeroy &. Boch, og mange andre raritetar. Blant anna ei kjøkkenvekt, som har fått nye vener i det siste. Dei nydelege, små lysa er kjøpt hjå "Emmas Verden", ein butikk eg blir glad av å tenkje på! Gleder meg sånn til neste gong eg skal på besøk dit!




No har eg brukt veldig lang tid på dette her? Har tatt i bruk den nye versjonen med større bilder, og eg er rimeleg ute på bærtur? Men øving gjer meister? Lat oss krysse fingrane for det! Eg er nok tilbake i morgon, med litt søndagsnytt! ;)


Håper at de alle får ein flott laurdag; det har i alle fall eg tenkt å ha! :)




 ♥

2 kommentarer:

Refleksjon på livsvegen sa...

Så flott kjøkkenet ditt er;-)
Vonar du hadde ein flott laurdag!

ElinSire sa...

Hei, hei :)
Tusen takk for hyggelig hilsen på bloggen min :) Så fint at du la igjen spor, så jeg kunne stikke innom hos deg også. Koselig blogg du har!

Ha en flott søndag! Her i øst er det grått og trist i dag, håper dere har det bedre :)