.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



søndag 1. november 2009

Lyst å bli med på søndagstur?

Ja, då er det berre å hengje seg på! :) Midt i mellom sjukebesøk hjå mamsen, pizzalaging og andre gjeremål, fekk eg tid til ein strålande gåtur! Eg elskar desse minutta med berre meg og vegen. Eg veit aldri heilt kvar eg endar opp når eg startar. Men på grunn av hjortejakta, har eg kutta ut å gå oppe på fjellet. Temmeleg ofte havnar eg oppe på ein gamal gard som er under restaurering. Drøymer om å kunne gjere noko slikt sjølv ein dag? Let meg fasinere av prosessen. Spennande er det å kome innom, og berre konstatere at det har skjedd massevis på berre nokre dagar. Avslappande prosjekt for min del! ;)



Men jammen er det ein kunst også; å setje saman dei gamle fantastiske detaljane, med nymotens materialar og byggjeskikk? Ein skal ha stor respekt for ei bygning, før ein setter i gang med noko slikt. Men det ser ut til at gamle detaljar blir tatt vare på, og at huset er på veg inn i ei ny stordomstid. Eg gleder meg sånn til å sjå det ferdige resultatet!








På veg heim att, går eg også forbi ein uttrykksfull traktor. Han står sånn halvfornøgd inne i ei garasje, og myser på meg med utståande, runde auge. Han ser ut som om han gjerne kunne tenkt seg å bli med ut i frisk luft? Får hinte til han som eig han, at han må køyre ein tur før vinteren kjem? ;) "Snakkar med traktorar". Eg treng vel ikkje ei slik diagnose opp i alt anna eg kavar med! Men no er eg full i magen av pizza, og ganske sigen av all frisklufta som eg var så heldig å supe i meg. Eg håper dokke har ein fin første november; høyrde akkurat ei julereklame på Radio Norge! Vi er i gang, og jammen går det fort mot desember!

Med ynskje om ei fin veke for alle!



                                                                 

Ingen kommentarer: