.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



mandag 2. november 2009

Mormor sin gamle spegelkommode

Som eg sa her om dagen, var eg ikkje heilt ferdig med den runden min ute på gangen. I eine hjørnet står ein blank, svart kommode. Denne har tilhøyrd mormora mi. Mormor var ei stor og myndig dame, med hjarterom større enn husrom... Ho og morfar budde i ei lita arbeiderleiligheit heile livet. Ho var tidleg ute med interiørting; ho måla bl.a. golva sine, og kunne nok hatt ein kjempeblogg med matoppskrifter. Mormor hadde fått denne kommoden til konfirmasjonen sin i 1920. Han stod ute på eit rom, som husa spisestove og forskjelleg andre ting. Blant anna sveivesymaskina, som ho brukte heile tida. Når eg overtok kommoden, hadde han raude, transparente plasthandtak på dei største skuffene. Mormor elska plast. Det var nok spennande med alt det nye som kom etter krigen, og gamle ting var ikkje så aktuelt denne perioden. Det er no berre å lese gamle interiørblad frå denne tida, så ser ein at dei ikkje var opptekne av antikvitetar frå 1800-talet. Eg har prøvd å setje på utdrag meir i stil med dei gamle, som heldigvis framleis er på dei små skuffene. Dei fleste store, gamle møblane i huset har eg kjøpt. Denne er eit unntak. Eg håper englemormor er nøgd med utsjånaden, og at ho er glad skuffene er fulle med sengeklede, gardiner og stoffrestar!

Kva med deg som les denne bloggen? Har du ein slik ting som du har arva, og som er viktig for deg i livet ditt? Eg har lyst å høyre? No skal eg ut å gå og hente meg fleire lerkegreiner!


Ha ein fin og kreativ måndag!


post signature

Ingen kommentarer: