.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



torsdag 29. oktober 2009

Draumedallj for ved


Kven har sagt at veden må liggje framme? Det er sjølvsagt veldig sjarmerande, og eg har hatt ulike oppbevaringsmåtar gjennom dei 9 åra ovnen har vore på kjøkkenet. Det skulle vere ein peis her, men han som teikna ein til oss, takka for seg undervegs i prosessen. Så vår lille midlertidige ovn skulle få stå nokre år... Akkurat no har eg gjeve opp heile peisplanen, då draumemannen skal ha seg varmepumpe... Gode tips om SMÅ og LITE SYNLEGE varmepumpeinstallasjonar mottas med takk og velsigning... Men tilbake til veden. Ved er fint å sjå på, men du verden for eit rot som følgjer med? Difor vart skiene skjult nede i ein dallj for nokre år sidan. Kva er ein dallj? Har googla dette ordet, men vart ikkje så mykje klokare. Han som eg kjøpte denne med, sa at den kom frå Romsdalen, og at den var brukt til å frakte mat i når folk var på tur. Altså: ein tidleg kjølebag... :) Men for ein kjølebag!




Veldig flotte detaljar i treverket! Det er eit slags brent mønster, men det er ikkje så mørkt? Oppi dalljen er det ein udelikat vedpose; ein slik du får kjøpt til slikt bruk. Om eg er galen som bruker ein slik skatt til å delje ved nedi? Kanskje det? Men eg prøver å bruke det eg har i huset på ein fornuftig måte. Og til no har det gått veldig bra. Og vedrusket held seg oppi der, så det er berre å støvsuge litt innimellom. Det grøvste ligg att i posen.



Det var dagens tema. No er det tid for nokre mosehjerter, og måling av nokre saker som eg hadde gløymt eg hadde... Alltid like kjekt å vere forvirra og gløymsk; ein får seg av og til så kjekke overraskelsar! Håper du får ein fin, kreativ dag!

Klem frå meg!

Ingen kommentarer: