.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



onsdag 4. november 2009

Ein tidleg novembermorgen

Vi har eit alldeles fantastisk vèr for tida her på Sunnmøre. Eg er slett ingen morgenfugl, men i dag måtte eg berre hive meg opp og gå ut for å fange morgenlyset. Det er så vakkert når sola ligg utover alle fjell, og ein har dei flotte haustfargane blenkjande i solstrålane. Det er i ferd med å bli vinter. Så i dag dekkjer eg på ute, og bed deg med på ei kosestund på terrassen.



Den vakre novemberdagen vart ei fullkomen ramme rundt den gamle døra mi, med sjølvdesigna understell. Benken med geiteskinn er varm og god å sitje på. Og havregrynsgrauten kan faktisk godt nytast i det fri, trass i at det er den fyrste vintermånaden. Skal eg vere heilt ærleg, vart eg meir oppteken av lyset og fotograferinga, enn å ete frukost...



Bordet er dekka med litt nytt, og litt gammalt. I beste Elin stil. Er stor tilhengjar av Riviera Maison, og vakre ting frå denne leverandøren går att over alt i huset. Eg er så glad i fargen på flettverket på tallerkenane og korga. Det er farga av leire, og det er vanskeleg å finne to som er heilt like. Uansett; favorittar!



Eit tidleg novembermorgenbord, treng absolutt ein engel også. Denne er veldig arbeidssom, men slapp å halde lys i dag. Synes han er skjønn og passeleg sleten i patinaen. Lerkegreinene er mine storfavorittar, og eg venter berre på at trea skal sleppe alle nålene sine, slik at eg kan plukke endå fleire av dei.



Den gamle døra er eg veldig glad i. Men etter kvart som eg skriv i denne bloggen, så har vel både eg sjølv og andre blitt klar over at eg er veldig glad i mykje rundt meg? Akkurat i dag sakna eg gode vener, og smilande fjes rundt bordet. Men så er det vel ikkje alle forunt å vere fri, sånn som eg, og springe rundt og dekkje bord ute på ein onsdags morgen? :) Men eg fekk veldig lyst til å dekkje opp snart igjen, denne gongen med gjestar!



Levande lys er alltid stemningsfullt, og skaper ei trollsk stemning. Hadde eg vore noko te kjelle, skulle eg ha frakta bordet ned i den flotte granskogen bortanfor huset. Tenk å få ha fotosession der inne i tussmørket! Såg ei flott reportasje i siste Vakre hjem & Interiør, der dei held til ute i skogen. Veldig flott!



Det gamle porselenet på bordet er arvestykker. Eg har ikkje så mange av kvar, men det synes eg ikkje gjer noko. Det er fint å blande ulike tallerkenar og glas. Og så bruker eg mitt nye, enkle stålbestikk til. Har lyst å samle saman gamalt bestikk også. Får vere flink å leite i brukthandlar framover!


Eg har ulike skinn i huset frå sau, ku og geit. Eg likar å bruke desse heile året, men helst ute i hagestova på sommarstid. No fram mot jul flyttar dei innomhus også. Eg er ein frostpist, og då er skinna gode å ha. Herlige i ryggen i sein haustsol, eller når våren kjem att.



Når det kjem til bordpynt; er eg nok einig i reklama som seier at det enkle er ofte det beste. Elskar desse zinkhjerta frå "Emmas Verden". Billege, men du verden kor mykje dei gjer av seg! Eg har festa eit lite snøre i dei. Fine både til å henge opp, eller å leggje i eit stilleben.


Vel, då må eg få takke for meg denne flotte onsdags føremiddagen! Det har vore kjempekjekt å dele disse inntrykka med deg! Skulle ynskje eg kunne hatt nokre av dokke her på frukost ein dag, eg reknar med at vi hadde hatt mykje å snakke om! Og forresten; hadde vore kjempefint om du la att ein kommentar? Merkar at eg er veldig usikker på om eg har meir å by på?  Likte du dagens innlegg?

Ha ein fantastisk onsdag, eg gleder meg til
"Colin og Justin pusser opp" på FEM  i kveld :)




post signature

10 kommentarer:

milla sa...

Hei Elin har no fulgt bloggen din ei stund synest du er veldig flink :) Ej har og ein mann frå GEiranger som synest ej dreg alt for mykje skrap i hus :)

Tiril sa...

Nydelig natur nydeligt bord ja her ser jeg en som kan lage det koselig rundt seg...
Fine ting i Riviera maison har du og ser eg;))

Lilla huset på prärien sa...

Hej Elin!

Tusen tack för din jättefina kommentar hos mig! Vad kul att hitta hit till dig. Vilka UNDERBARA bilder du visar, vilken lyx att få bo sådär med sådan utsikt!!

:)

Magdalena sa...

åååhhh så frisk og god stemning...
nyydelige detaljer på bordet,- vakkert... fantastisk å ha et vinterdekka bord!!
disse fargene liker eg også sååå godt nå på vinteren,- nydelige å bruke i interiør...
og så har dere en utrolig utsikt, ser det utsom...
og takk fro lykkeønsker på turen til lerkeskogen..
klem,klem'''*

Anonym sa...

Jeg kommer gjerne og spiser rundt ditt lekre bord. Og ikke misnt for å slå av en prat. Hva tror du vi vil snakke om da? Interiør??? Hihihi...
Jeg er innok og leser innleggene dine, for det må jeg bare. Men er selv i litt blogg og kommentartørke merker jeg. synes ikke at tiden strekker til om dagen. Prøver å være flink med å lage sunn og god mat og trene en time hver dag. Og poff så er det kveld og natta. Må skjerpe meg litt snart. Til helga kanskje? ;)
Håper du har det fint og ikke føler deg altfor ensom...
God Elinklem!!

Anonym sa...

du imponerer stadig,elin! jeg kan alle hovedstedene i hele verden,men jeg hadde aldri klart å dekke et så flott bord! you rock!
klem,eva

Marianne With Nor sa...

Nyyydelig, Elin! E kjem gjerne på frokost ein dag;)
Klem

Emmas Verden sa...

heisann Elin ;)
Så lekkert du har dekka på..kunne tenkt meg en tur innom deg og tatt meg en kopp te eller to ;)
kjempekoselig blogg..vakre bilder!!

ta deg en tur innom meg en dag...kjekt å slå av en prat ;)

klem til deg!!
Anne***

Åpent^hus sa...

Hei. Første gang innom deg. Så fint du har det! Ser forresten ut som du bor litt lengre inn i fjordene enn meg? :)

Kristine sa...

Nå har jeg lest og sett på bilder her hos deg og blir bare nødt til å legge meg til som følger :) Beskrivelsene og bildene dine er bare vakre! Tusen takk! :))