.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



fredag 30. oktober 2009

Eit ærleg innlegg, ein herleg fredag...



Så var det fredag, igjen. For ei som ikkje er i arbeid, blir ikkje vekefølelsen slik som når ein kavar på og er tidleg oppe heile veka. Eg tar dagane i mitt eige tempo, og tenkjer at det er ein fantastisk ting å kunne gjere. Eg har vore sjukmeld i snart to år, men håper å kome ut i arbeid igjen denne vinteren. Det er mange ting som er trasig når ein ikkje er frisk. Dårleg samvet for alt ein ikkje får gjort på jobb, lite energi til å ha eit kjekt familieliv, med null overskot, der krangelen ofte førekjem med store og små. Det å ikkje orke å ordne opp i huslege ting, sånne mammaoppgåver som ingen andre enn eg ser. Og då blir det heller aldri gjort noko med.


Når eg starta opp med blogginga, var det for at eg ville ha ei fast oppgåve kvar dag. Noko som var berre mitt, og som gav meg ein forpliktande status. Eg tenkte slett ikkje at eg skulle klare å lage eit innlegg kvar dag, men sidan dette er så lystbetont, har det vorte slik. Eg har ingen tvangstankar rundt det, eg gleder meg stort kvar morgen til å finne på eitt eller anna. I tillegg har kreativiteten eksplodert i løpet av denne perioden. Det er ingen tvil om at bloggane eg har lært å kjenne er ei gullgruve for meg mentalt. Det å kommunisere med andre med same interesser, og å få gode idèar. Sjølvtilliten har vore på minus 100 lenge, og eg har ikkje hatt overskot til hobbyane mine. Dette har forandra seg totalt. Og eg er overraska over kor glad eg blir for koselege kommentarar og "smil" frå medbloggarar? Var ikkje så oppteken av dette når eg starta. Men merker at det er det første eg sjekkar når eg kjem inn på sida. Og eg har blitt litt kjent med nye, flotte menneske, og fått "nye vener".



Eg hadde eigentleg bestemt at eg ikkje skulle vere så personleg her inne, men no har eg visst vore det likevel? :) I følge teljarane mine, stoppa alle besøk hit i forgårs. Men har fått kommentarar etter dette, så då er det vel helst krøll med HTML kodane igjen? Som eg har lært meg å bli så glad i? :) Veit at her er folk som les bloggen, uten å ha ein slik sjølv. Det er visst mogeleg å leggje att kommentar, ein berre trykkjer på anonym? No kan det hende eg skrønar... Sidan eg var så ærleg i dag, vil eg gje dokke visuelle hjerter i gåve. Dette er ein rask gange gjennom huset, ein nydeleg fredags formiddag, seint i oktober... Eit lite utval frå meg til alle der ute :)




Ha ei flott helg, alle saman! <3

2 kommentarer:

Idun // Breidablikk sa...

Hei igjen Elin!
Sjølv takk for koselege kommentarar på min blogg!
Hørtes veeldig kjekt ut med Luciatog! Og lurt å heller gå tilbake til julebukk.. Det er det nesten ingen som gjer lengre! Her vi bur no er dei fleste husa bebudd av par i 60årsalderen, og dermed er det lite ungar.. Men vi er to eldsjeler som jobbar for å få ungdomen hit, og skape samhald mellom oss som allereie bur her. Vi skal faktisk halde julebord om nokre veker.. Det blir kjekt :)

Ja det er rart med det, kor mykje blogginga "gir oss" som menneskje :) Håpar du kjem deg ut at i arbeid som du ønskjer, og at du blir frisk att! :)
Stor fredags"kram" frå Idun :)

Hulda sa...

Mye koselig å se hos deg, Elin. Jeg likte så godt det skapet du sa man ikke burde åpne, det var veldig fint å se på. :) Flotte bilder i dette innlegget også, så jordnære, på en måte. Fin knagg! God helg til deg. :)