.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



onsdag 7. oktober 2009

Meir nytt frå gamalt


For 15 år sidan, eller der omkring, fekk eg nokre gamle lengder med noko som likna gardinkapper av ei eldre dame. Ho hadde kjøpt dei på loppemarked, meiner eg. Og så tenkte ho at eg kunne bruke dei til noko? Dei har blitt med på flyttelass, og overlevd temmelig mange ryddeaksjonar. Men eg har aldri sett at eg skulle bruke dei til noko spesielt? Heilt til sist veke. Då vaska eg stakkarane for hand, og konkluderte med at ein del av flekkane på dei ikkje ville gå bort. Dei hekla blondane som er felt inn i stoffet, var slett ikkje tenkt å forhalde seg like breie bortover lengdene, same kor eg strauk på dei. Men no hadde eg fått eit syn... Som så ofte før. Dette måtte no vel bli fine kjøkkengardin? Eller rettare sagt kapper? Det vart eit styr, det kan eg love. Det var ikkje lett å få stoff og blondar til å ly. Dei ville helst sjå ut slik som dei alltid hadde gjort... Så enno er det skeivt her og der, men ein får kalle det sjarm... For no orker eg ikkje å sprette opp att fleire gongar... Eg skulle ynskje at gardina kunne fortelje meg kor gamle dei er, og kvar dei har vore før? Men, men... Mystikken får råde. No er dei i alle fall blitt himmel over blomstrande orkidear, med utsikt mot fjord og storslåtte fjell. Og det må no vere langt betre enn å ligge støvete og triste i ein mørk kjellar?

1 kommentar:

Idun // Breidablikk sa...

Stilig kjøkkengardin! :D Ikkje alltid enkelt å få slikt til å ly, men herifrå ser resultatet bra ut! :)