.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



mandag 5. oktober 2009

Draumetaus med feber


I dag byrja haustferien her i området. Draumetausa har klart det kunststykket å få feber, og ligg i senga si. Dette klarte ho også fyrste dagen i sommarferien? Humøret er dårleg, og forma skral. Ho blir nok glad når ho ser at det er hennar bordkort som er brukt på dagens bilete! Lerkepynten vart laga til jul i fjor, og ser like fin ut enno. Kruna på metallpinne og dei små tavlekorta er satt saman av underteikna, ved hjelp av litt streng. Ute regnar det, som vanleg. Eg trur eg treng cd-ane mine med Reiersrud og Kleive i dag, dei brukar alltid å gjere meg glad og kreativ! Ha ein flott femte oktober der ute!

1 kommentar:

Marianne With Nor sa...

Endelig fekk du deg også blogg. Den er kjempefin! Du er jo veldig flink til å ta bilder da, og så har du heilt klart draumehuset:-) Blir kjekt å følge med!
Klem