I dag hadde eg tenkt å ta bilder av kjøkkenet mitt. Men dei vart ikkje noko gode. Har lite peiling på å ta bilder innendørs. Det er utendørsfotografering som har vore min store lidenskap gjennom åra. Men; det er no bilder i alle fall. Kjøkkenet er stort, noko som gjekk utover stova under bygginga av huset. Det stod ferdig i juni 1999. Ferdig og ferdig... Vi blir visst aldri ferdig? Har ein hus, har ein arbeid, heiter det, og det er jammen sikkert! Vi brukte lady 80 på takpanel og lister, noko som vart dømt nord og ned av såkalla ekspertar for 10 år sidan. Vi har alltid vore fornøgde med dette, og så er det lett å vaske sot av... Og sot er her alltid, p.g.a. min lidenskap for levande lys... I gamle hus i bygda ser ein også denne blanke finishen, og dette var vår inspirasjon til valet.
I starten hadde vi kjøkkenbordet i frambygget, og ope golv framfor innreiinga. Supert for små håpefulle som rasa rundt på trehjulssykkel. Men siste åra har vi hatt leseplass ved vindauga i staden for, og flytta bordet nærare komfyren. Dette er fole greit for pådekking og andre aktivitetar ved bordet. Vi hadde i utgangspunktet eit 1800-talsbord med kulebein, men det var litt for lavt, og vanskeleg å halde reint. Så det står til lagring. Vi fann også ut at det er praktisk med eit slett og enkelt bord, med tanke på avtørking av mat, juice, tusj og andre ting barn har det med å rote rundt seg med.
Det er sjølvsagt mange ting eg ville gjort annaleis i dag, viss eg skulle byggje på nytt. Men det er ting som er knytt opp til kostnader, og som stoppa naturleg i planleggingsprosessen vår for 10-15 år sidan også. Mitt råd til husbyggjarar i dag, må vere å få så stor plass som mogeleg. Eg trur det er viktigare enn alle mogelege dippeduttar og gadgets? I alle fall er det eit tema blant mange av mine bekjente ein del år etter bygging.
Så håper eg at vèrvarsla stemmer, og at vi her på nordvestlandet får ei flott helg med sol! (og alle dokke andre med sjølvsagt...) ;)No regner her i alle fall sidelengs!
fredag 16. oktober 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
For et herlig kjøkken, Elin!
Likte godt benken og så kunne jeg ikke unngå å legge merke til utsikten... Dååån!
Drømmen er en sjøtomt!
Kommer vi over den en gang går nok eplehuset rett ut for salg. Epleskrotten saumfarer annonser stadig vekk, men jeg vil ikke flytte. Bygge flere ganger ja, men ikke flytte. hihi.
Ha ei skjønn helg. Vi er hjemme med snørr og falsk krupp i dag, så det blir vel ei knall helg. Håper vi kan være litt ute også!
Kos og klem
Draumekjøkken:o)
Legg inn en kommentar