.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 17. oktober 2009

Yndlingshylle

Eg hadde verdas snillaste pappa. Ein gong vi held på å rydde i ein gammal kjellar, fann vi ei hylle eg likte så godt. Men den tilhøyrde nokon andre. Pappa tok den med til ein eldre mann i nabobygda, og han ville lage ein kopi av ho, men tre gongar lengda av den opprinnelege. Etter nokre veker var hylla ferdig, og pappa reiste for å hente ho. Den gamle ville ha 50 (!)kroner for arbeidet. Eg meiner pappa fekk han til å ta imot 200 kroner. "ein fekk ei god mjelkekyr for det under krigen", sa den gamle... Dette er 15 år sidan no, og pappa døydde i juni 2007. Eg saknar han kvar dag, men som eg har sagt før, slike gode minner rundt tinga mine, hjelper på! Forrige veke måla eg hylla kvit, og ho har fått heidersplassen på dusjrommet i hovedetasjen.



Legg merke til dei flotte detaljane! Hylla var prikk lik den originale, bortsett frå at denne er mykje lengre. Ein skatt for meg!

post signature

Ingen kommentarer: