Anonym sa...
"Hei, Elin.
Eg er ein av dei anonyme følgjarane dine. Eg har vore innom sida di kvar dag sidan eg oppdaga deg i oktober. Og for ei glede du har gjeve meg! Estetisk fryd over vakre bilete og velforma tekst, såvel som kloke ord til ettertanke. Eg har også fått følgje ei jente som var litt famlande; "er det nokon som ser meg?" gjennom ei utvikling mot stadig aukande sjølvtru og glede. Og eg har gleda meg med deg!
Prosessen du har vore i viser kor viktig det er at vi menneske verdset kvarandre, og gjev uttrykk for det.
Hald fram med å skrive nynorsk. Det er identiteten vår. Dialektuttrykka er smakfulle krydder! Ingen grunn til prestasjonsangst. Du gleder så mange! Eg vil fortsetje å følgje deg, og så får vi sjå om eg får hjelp til å bli mindre anonym etter kvart. Eg er ikkje så flink med data!
Gode helsingar frå ei med røter i Fjorden,
Regina"
Denne kommentaren låg under innlegget mitt før i dag, saman med uendeleg mange andre gode ord. Eg ser i etterkant at teksten over bilda sikkert virka litt mismodig, med det er eg altså IKKJE :) Men av og til kan det jammen vere godt å bli så alldeles vekkskjemd med skryt! Eg synes det er enklare å gi gode ord, enn å motta dei... Slik også no. Eg har vore velsigna med svært kjekke medbloggarar og kommentarar heile vegen, sjølv om Hulda Husfrue var ganske åleine om å leggje att kommentarar ei lang tid. Så takk til deg Hulda, viss du les dette! Eg kjende kun Marianne når eg starta, og ho hjalp meg i gang. Men så litt etter kvart åpna verda her inne seg opp, og det stod vakre menneske og nikka på kvart gatehjørne. Nokre med åpne armer, andre litt meir tilbaketrekt. Men alle hyggjelege og smilande. Slik var i alle fall mi oppleving av det heile.
Det som forundra meg med kommentaren til Regina, er at ho traff spikaren så rett på hovudet, at eg grøssa aldri så lite... Etter det felte eg ei tåre eller to, og så vart eg varm i bringa, og glad heilt frå tærne og opp i det nedbleika håret mitt. Ei dame eg aldri har høyrt om, ikkje veit kven er? Det gjorde sånn inntrykk, at ein heilt ukjend person hadde fulgt reisa mi her inne, og observert følelsane mine, og dernest sett styrken min kome. Skremmande også, fordi ein blottlegg seg sjølv, utan å tenkje på kor mange som kanskje les deg som ei åpa bok... Men no er eg Elin igjen. Mindre redd for kva andre synes, og meiner. Eg kjem aldri til å bli god på kritikk, for slike ord går rett i sårbarheitstanken min inne i hjertet ein stad. Men eg jobbar med å drenere slikt til tøffheitstanken min. Veit berre ikkje heilt korleis røropplegget skal gå? Kjenner at kanalane blir bedre med åra... For nokre dagar sidan prøvde eg å forklare Kristine om alle desse "silent readers" som får fart på teljarane, men ikkje "yter" noko tilbake. For ein blogg er noko vi velger å ha sjølv, vi utleverar teksten vår, bilda våre, musikken vår... Vi kan ikkje forvente å få noko tilbake. Men ein håper på det? For det er så inderleg godt å få tilbakemeldingar. Gode sjølvsagt.
Så kjære Regina! Du røyvde ved noko djupt inni meg, og eg er veldig takksam for dei gode orda dine! Og at du gleder deg over at eg har funne att gleda mi; det er noko av det beste vi kan gjere som medmenneske! Eg håpar at du blir mindre anonym etter kvart!
Det som forundra meg med kommentaren til Regina, er at ho traff spikaren så rett på hovudet, at eg grøssa aldri så lite... Etter det felte eg ei tåre eller to, og så vart eg varm i bringa, og glad heilt frå tærne og opp i det nedbleika håret mitt. Ei dame eg aldri har høyrt om, ikkje veit kven er? Det gjorde sånn inntrykk, at ein heilt ukjend person hadde fulgt reisa mi her inne, og observert følelsane mine, og dernest sett styrken min kome. Skremmande også, fordi ein blottlegg seg sjølv, utan å tenkje på kor mange som kanskje les deg som ei åpa bok... Men no er eg Elin igjen. Mindre redd for kva andre synes, og meiner. Eg kjem aldri til å bli god på kritikk, for slike ord går rett i sårbarheitstanken min inne i hjertet ein stad. Men eg jobbar med å drenere slikt til tøffheitstanken min. Veit berre ikkje heilt korleis røropplegget skal gå? Kjenner at kanalane blir bedre med åra... For nokre dagar sidan prøvde eg å forklare Kristine om alle desse "silent readers" som får fart på teljarane, men ikkje "yter" noko tilbake. For ein blogg er noko vi velger å ha sjølv, vi utleverar teksten vår, bilda våre, musikken vår... Vi kan ikkje forvente å få noko tilbake. Men ein håper på det? For det er så inderleg godt å få tilbakemeldingar. Gode sjølvsagt.
Så kjære Regina! Du røyvde ved noko djupt inni meg, og eg er veldig takksam for dei gode orda dine! Og at du gleder deg over at eg har funne att gleda mi; det er noko av det beste vi kan gjere som medmenneske! Eg håpar at du blir mindre anonym etter kvart!
Eg vil oppfordre alle blogglesarar om å leggje att ein kommentar hos ein bloggar som betyr mykje for dei i kveld, eller i morgon. Og så vil eg også oppfordre til å ta vare på nye bloggarar, slik som Hulda la sine gode vingar rundt meg... Det kan ha mykje å seie for fortsettelsen! Tusen takk for at dokke vil vere med på reisa i draumeverda mi! Det hadde vore litt stusseleg her, viss eg var heilt åleine...
29 kommentarer:
Det var då ei vidunderleg herleg melding å få:)
EG likar meg òg her inne hjå deg, berre slik du veit det:) Er innom kvar gong du skriv noko nytt.
Så fantastisk hyggelig melding å få!
Selv om man bare blogger for seg selv, så _er_ det jo veldig hyggelig om andre legger igjen et spor.
Slikt er med på å inspirere til å dele mer.
Mvh
Heidi
Det var ei flott utfordring! Eg har òg mange anonyme lesarar av bloggen min. Nokre gongar legg dei att melding, andre gongar ikkje. Eg er likevel så utruleg glad for alle som legg att spor! Mang ein gong har eg vorte rørt til tårer av kommentarar eg har fått!
Er ikkje så lenge sidan eg oppdaga bloggen din, og har lagt att nokre kommentarar til deg allereie! Blir berre så utruleg nysgjerrig på kvar du bur... Ta det heilt med ro, eg skal ikkje kome og byde meg sjølv og heile bøtteballetten min på kaffi - det er ikkje difor eg lurer! Forstår at vi deler fylke, og at vi er i same "fogderi", men kva for ein fjord er det snakk om?
Uansett kva du har føre deg i kveld, så håper eg at stundene er gullkanta og at du kosar deg. Eg klamrar meg fast på fjellhylla mi og håpar at me ikkje bles vekk i løpet av natta....
Gode klemmar frå meg
Skjønne Elin! Ei kjempefin oppfordring du kommer med i kveld. Jeg starter meg å legge igjen et spor her hos deg før jeg går videre til et par stykker til som betyr spesielt mye for meg.
I utgangspunktet skriver vel de fleste av oss for vår egen del, men det er likevel noe helt eget med å få kommentarer og tilbakemeldinger. Andres ord som blir en slags bekreftelse på at en ikke er på helt på villspor, at flere kjenner seg igjen. For min del ble det spesielt i forbindelse med alle disse "silent readers". Når telleren løper avgårde uten at det følger med en eneste kommentar, krever det en viss styrke å fortsette å skrive dette "tullet som ikke rører ved en eneste streng hos noen", hvis du skjønner hva jeg mener?
Og tusen takk for kommentaren din den dagen! (rettelse: kommentarene dine :) Bare det å erfare at en ikke er alene om å bli vemodig er en lettelse!
Nå ble denne kommentaren nesten like lang som innlegget ditt, beklager! Du får bære over med meg ;)
Til sist vil jeg bare si at ordene du har fått fra Regina er nydelige.
Du gleder mange! Jeg setter veldig stor pris på deg.
Varm klem
kjære Elin :)
jeg er så glad for at du finnes..og bloggen din er balsam for ei kreativ sjel som meg ;)
så bra at du har funnet igjen degselv..lysten til å lage ting og snart er det kanskje ut i jobb igjen..??
tenk hadde du sletta bloggen...det er det mange som er glad for at du IKKE gjorde ;)
ha en fin kveld i blåsten!!!
skitt at Danmark vant :(
klem til deg fra meg...
Anne♥♥♥
Kjære Elin!
FOR en herlig tilbakemelding å få - kjenner jeg blir så utrolig glad på dine vegne. Jeg er også en av dine store beundrere, noe som jeg har skrevet til deg tidligere også. Jeg koser meg alltid masse her hos deg - du er en fantastisk flink fotograf, og kombinerer ord og bilder på en herlig måte. At du er "hjertegod" forsto jeg alt første gangen du la igjen en hilsen til meg på bloggen min. Jeg er kjempeglad for å ha truffet deg her inne, og gleder meg alltid til å titte innom deg, og ikke minst å høre fra deg inne hos meg :o) I det hele en lykke at du begynte å blogge!!!
Da har jeg fått tenkt litt på tekst til skiltet jeg var så heldig å vinne hos deg, og jeg velger meg ordet "Fleurs". Gleder meg masse til å få det og tusen, tusen takk til deg!!!
Ønsker deg en fortsatt fin kveld gode Elin!
Stor klem fra Hildegunn
Hei hei :)
For ett hærlig innlegg og fine ord fra en anonym :) ( sitter her med tårer i øynene.. ) Jeg fant bloggen din i dag og la meg til som følger !! Så utrlig varm og fin blogg! Jeg startet og blogge i september og er ganske ny i gamet, men denne bloggingen virker på meg "nesten" som drømmeland .. Det er vanskelig og forlare men jeg har samme inntrykk som deg, det står smilende mennesker og venter på deg rundt hvert gate hjørnet!! Og man blir så glad av alle kommentarer og av og lese og få lov til og ta del i andres liv. Som man aldri ville truffet ellers..
Så hurra for blogge verden! :)
Gleder meg til og følge deg videre.
Mvh Johanne
Så artig å lese om "opphavet" ditt!!! Eg er altså i den heldige situasjon at eg vaknar kvar einaste dag og ser rett ut på Stennes, rett over fjorden! Det er så kjekt at det er lys i husa der ute og at nye generasjonar har teke over og held busetnaden ved like! Dersom du bladar deg bakover i bloggen min, så vil du finne MANGE bileter tekne frå der eg bur, med Stennes midt i siktet!
Så utruleg fine ord frå Regine. Og du fortjener kvar einaste eitt!
Er dette eg har prøvd å sagt til deg; at eg har sett deg blomstre i takt med bloggen. Det å sette fokus på noko positivt i kvardagen, kan gjere mykje med ein. Og det å få positive tilbakemeldingar frå andre, like så.
Glad i deg!
Go'klem fra Marianne, som er heilt avhengig av sida di -er inne fleire gongar om dagen!
Og takk for alle fine kommentarar, det set eg STOR pris på.
Hei. Fyste gong eg besøke deg!! Og for eit herleg innlegg å treffe på i dag:)) Her var det mykje flott inspirasjon:) Og eg er så einig, vi må halde på nynorsken!!
Vart jammen litt nyskjerrig på kva fjord du bur i eg og;) Eg og bur i ein av våre mange fjordar!!
Klem frå Ann:)
Kjære, søte Elinmora!
Du er så raus at det er til å miste pusten av. Du gir så mye av deg selv gjennom bilder og ord at det er, som jeg sa, umulig å ikke bli glad i deg.
Fortsettelse på mailen kommer i morgen. Nå er migrenen på full fart med hele troppen i angrepsstilling. Det gir seg til i morgen får jeg håpe ellers blir det en tung dag på jobb.
♥ ♥ ♥
God melding og få og et bra innlegg du skrev...
Jeg er ikke gammel i gamet, så jeg vet akkurat hva du mener med x antall besøkende og null kommentarer.... Så derfor forsøker jeg å skrive en liten kommentar hos de jeg følger. Et lite ord kan bety så mye. Da vet man iallefall at vedkommende som har vært innom har lest/sett det man har publisert. Ellers tenker jeg fort at "de har kommet" feil og bare trykket meg bort igjen.
Det høres ego ut at man skriver osv for å få kommentarer, men det er faktisk kommentarer og tilbakemeldinger som motiverer. Skjønner jo at ikke alle kan kommentere tilbake til alle, men jeg forsøker iallefall å kommentere tilbake til de som har vært inne hos meg. Det føler jeg at jeg skylder dem.
Dette ble langt, men det engasjerer...
Ta godt vare på den herlige tilbakemeldingen og ta den fram da du har en dårlig dag
Klem klem
Så deillig å høre! Kjempekoselig innlegg! Sånt blir man rørt av!
Hilsen Christel
Nydelige ord fra regine og videre flott det du skriver...
Klart vi alle skal ta vare på,hjelpe,smile til hverandre her inne..
jeg har vært i denne blogverden i kun 3 mnd og har funnet mange fantastiske mennesker her inne!!
tar utfordringen din med meg og legger igjen et spor her til deg for at DU tenker slik du gjør....
Livet er ikke alltid en opptur men med gode venner kan man tåle en nedtur for da er man ikke alene!!
Ønsker deg ei fantastisk uke!!
klæm Linda
Så koselig det må være for deg å få slike ord. Jeg har selv fult bloggen din noen måneder, sammen med et knippe andre blogger..til jeg bestemte meg i forrige uke å starte min egen blogg.
Jeg synes bildene dine er til å drømme seg bort i, og jeg er innom deg hver eneste dag:)
Nå skal jeg entre drømmenatta.
Klem, Line
Hei! Eg er også ei av dei anonyme som dagleg er innom bloggen din, men som ikkje har lagt att spor... Eg er imponert over all kreativiteten du syner, og eg må innrømme at eg har herma litt no og då....Du tek flotte bilder, og sjølv om eg lenge lurte på kva fjord me fekk sjå så mykje av, så har eg funne ut....Heimen din er så skjønn,det oser harmoni lang veg. Håper du vil fortsette slik lenge....eg heng på! Helsing frå ei Ørsta-dame :)
God morgen kjære Elin!
Den første jeg da legger inn et spor hos er deg! Skjønner veldig godt at du ble rørt av kommentaren til Regina. Fikk helt klump i halsen selv jeg. Og så var dessuten alt sant. Jeg har fulgt deg lenge som du vet, og er så inderlig glad for å ha funnet deg. Noen mennesker får man bare bedre kontakt med. I hvert fall så synes jeg at du fortjener hver eneste gode ord. du gir så mye av deg selv og har alltid et godt og trøstende ord. Har nok felt et par tårer av kommentarene dine inne hos meg ja. Jeg får en egen ro når jeg stikker innom siden din og ser de nydelige bildene du legger ut og ikke minst teksten som følger. Jeg er litt til og fra som du sikkert har skjønt på bloggen min. Og det kommer rett og slett av humøret mitt om dagen. Men jeg skal finne meg selv nå! Og da hjelper det faktisk for meg å lese alle dine kloke ord. Tusen takk for at du er du!!
Stor Elinklem!
Kjære elin..
dette var vakkert og rørende skrevet av anonym--
du har en fantatsik flott blogg...både når det gjelder bilder og ord...
jeg følger din oppfording om å favne nye bloggere... problemet er å oppdage de...
Og jeg har som mål å legge igjen en hilsen til alle jeg besøker og alle som beøsker meg.. Klarer nok ikke alltid å nå målet desverre..
En hyggelig tilbake melding betyr mye for mottageren ...enten man er ny eller har holdt på en stund..
tusen takk for et nydelig og varmt og klokt innlegge Elin..
varm Klem Kerstin
*klem elin*
må bare signere Regina og alle de andre her..
du har ein slik varme som alle som er innom bloggen din nok merkar seg.. eg er og ein av dei som har fylgt deg frå den spede oppstarten, til den drevne bloggaren du er i dag!
Og alle kommentarane dine varmar eit bloggehjarte! Og det er med di støtte til inspirasjon eg har som mål å kommentere hos alle som er innom hjå meg - så godt som mogleg i alle fall.. Og eg har alltid noko på hjartet når eg legg att spor.. For det har du...
Hadde eg vore truande hadde eg bedt Gud velsigne deg Elin mor ;) ha ein god dag! *stooor klem*
Hei kjære Elin:)
Dette var veldig kjekt å lese:)Eg har og merka gleda di som har blitt sterkare etterkvart gjennom måten du skapar innlegga dine på:)Å det herleg å sjå..Og eg Eg kjenner meg igjen i mykje av det du viser av deg sjølv.Bortsett frå at eg er livredd for edderkoppar da..Har blitt rett glad i deg:)Tenk kor spesielt dette er...Mennesker vi ikkje har møtt...Du er ei flott dame,som er lett å like:)Så det er ikkje rart at teljaren din stig!Eg trur du har hjelpt mange med måten du bloggar på..Ikkje minst gjennom dette innlegget..At du deler måten du har "kvikna" til på gjennom bloggen desse månadane:)
Eg har vore litt sliten i det siste,mindre tid til denne fantastiske hobbyen har det også blitt...Men,eg har teke meg tid til å stikke innom draumeverda..For det har gjordt meg godt..(eg har følgt med sjølv om eg ikkje har gitt så mykje spor etter meg..)
I dag skal eg,mi mamma og søskenbarnet mitt Karoline på bruktbutikk runde:)Så får vi håpe at Olav sovnar i bilen!Hehe:)
Ønsker deg ein strålande god dag:)
Klem frå lisjå<3 <3
Så herlig tilbakemelding du har fått! - og den er virkelig fortjent! Siden jeg tok skrittet ut i Bloglandia er din blogg en av de jeg besøker mest og gleder meg mest over å besøke. Du viser herlige bilder og skriver fantastisk flott - og du gir utrolig mye av deg selv. Mer enn jeg har gjort og antagelig komer til å gjøre, fordi jeg føler på en grense for hva jeg har lyst til å legge ut av mitt aller mest private.
Jeg setter også utrolig stor pris på at du tar deg tid til å titte innom hos meg, nybegynner som jeg er, og at du legger igjen hyggelige spor! :)
Ønsker deg en flott dag!
Klem
For et flott innlegg Elin :) Sitter jammen her med tårer i øynene selv! Det er utrolig hva en blogg kan komme til å bety - hvem hadde vel trodd det ? Jeg er veldig glad for at noen la vingene om deg og at du har vokst deg frem til Elin her på bloggen, for det er en Elin som jeg tror gleder mange :)
Fantastisk oppfordring!!
Klem Lycheli
Det er så fint når noen bryr seg og legger inn sånne kommentarer. Det varmer det.Mange synes blogg er tull, men de har kanskje ikke prøvd?Eller de har valgt feil bloggportal. Her er det trivelig i hvertfall.
Meg har bloggen gitt masse oppmuntring, glede, latter, tårer, fantasi, skriveglede, fotoglede,ny jobb, masse opplevelser, reiser, nye venner og stolthet. Stå på du, for bloggen din er super. Jeg gleder meg hver gang til å se innom deg. Lykke til videre. Takk for at du minner oss om å legge igjen spor hos hverandre.
Heia på du Elin!
Håper du har ein fin dag!
Men sukk sukk,for eit innlegg,ja ikkje minst...du er no berre så flinkt til å skrive!! Ja dette var sterke,men gode ord,men så vel meint,ta det til deg for du fortjener det Elin!!!Det er godt å lese at bloggen har hjelpt deg på mange måter,ingen ting er bedre en det!
Å veit du,eg er så super glad for at du skriver på nynorsk!!
Ja denne bloggverden kan vere god å ha,til tide!
Eg er ikkje stor blogger,å eg er av og til litt i stuss om det er vits i å halde på med dette og....
Mykje kunne vere skrevet her,men!
Så må eg få seie at den stolen din på det forrige innlegget er berre så knall tøff/fin!!
Du har ein kjempe fin blogg og eit like fint hus Elin!!
Vil ynskje deg ein fin dag,ja å resten av veka!
Oss sjåast;))
Varm klem frå,Randi ute ved havet:-)
Kjære Elin,
tusen takk, kjære du, for den positive responsen på kommentaren min. Det er overveldande, og eg set stor pris på det. Du er eit modig menneske, Elin, eit menneske som er med på å opne hjarta våre slik at vi kan vise oss for kvarandre slik vi er. Det er ein flott eigenskap å ha!
For meg var det ein liten siger å greie å få publisert ein kommentar!
I dag sit eg her og klappar katten, og stirer litt mismodig ut på grisevêret. Trur eg set på litt musikk og dansar mot vår!
Klem, Regina
Hei Regina! Håper du kikar innom igjen, og les dette. Du var modig som la att kommentar i går, og eg vil så gjerne oppfordre andre til å gjere det same. Blogging, eller lesing av bloggar, blir mykje kjekkare viss ein kommuniserer. Og av alle nye menneske eg har blitt litt kjend med sidan i går, trur eg at vi er fleire som er einige om det! Eg trur mange vil huske deg og navnet ditt, som ein som braut barrierer 26.januar 2010 :)
Håper at innlegget kan hjelpe fleire her inne til å snakke med kvarandre gjennom tastaturet!
God klem frå Elin :)
Regina, så utrolig bra at du tok steget og la igjen en melding! Det står det respekt i!
Og Elin, du er bare en helt fantastisk dame! Så ydmyk, snill og god. Og du viser virkelig at du setter pris på leserne dine! Det er ikke rart du har så mange besøkende på så kort tid! Jeg digger deg!
I tillegg er du utrolig flink til å kommentere andres blogger. Som for eksempel min. Jeg har på langt nær like mange lesere og besøkende som deg. Du er i mine øyne å regne som en av "de store"! Og likevel tar du deg bryet med å titte innom sånne småbloggere som meg. Tusen takk! Du aner ikke hvor stor pris jeg setter på det!
Takk for at du er du! Takk for at du blogger! Takk for at du bryr deg om oss som leser (og skriver)! Takk for at du deler livet ditt med oss! Det skal da bare mangle at vi gir deg tilbakemeldinger på det du utleverer!
Ha en fortryllende onsdag!
klemmer,
camilla jin
Joho Elin:O)det er ikkje lett å leggje att ein kommentar til deg, fordi du er så flink til å skrive og ordleggja deg.Då får eg prestasjonsangst:O(og let ver å skrive. Så eg prøvar heller å kommentere og prate blogg dei gongane eg treff deg. Men ein tanke slo meg her ein dag då eg sat i kjellaren og såg du kom gåande opp bakken. Det var at ein ser på heile deg at du har det bra med dag sjølv no, du gjekk så lett og rakrygga opp bakken og det var kjekt og sjå, du var DRAUMEDAMA si det ja. Må vite eg sit der i kjellaren og studerar gangen til forskjelllige foreldre, artig:O)ein får veldig lyst til å blogge sjølv når ein ser din blogg og ta bilete. Har kjøpt meg speilkamera no, kanskje du kan vise meg nokre triks om korleis du tenkjer og gjer når du fotograferar.Nei no må eg gjere lekser, det var det eg skulle no og vips så var eg her, taadaa;O)
Vil berre sei at du er til inspirasjon for alle, og trur mange tar til seg i hjertet det du skriv! Du skriv så godt, og eg trur mange kjenner seg igjen i det du sei. Du virkar som ei fantastisk dame. Håper du fortsetter slik du gjer. Eg følger med kvar dag :)
EG skal iallfall bli flinkare å legge igjen spor etter meg, så kanskje det kjem tilbake til meg? Men det er som du seier, eg føler at "lisje meg" har no ingenting å stille opp med i forhold til andre som har så utrulig fine bloggar.
Legg inn en kommentar