Etter en heidundrandes cupfinale, er eg litt matt i kroppen i dag. Eg sa heile tida, at eg ikkje ville ha ekstraomgangar, og så blei det i tillegg straffespark konkurranse. Eg synes alltid så synd på den eller dei som bommer... Også på dei eg ikkje heier på... Var hos mamsen min på aldersheimen, der ho må vere til hoftebein og handledd gror saman igjen. Eg trur ikkje der har vore så mykje støy ein søndags ettermiddag før... Pleiarane kom inn kvar gong eg hylte, og fekk slik eit godt innblikk i kampen si utvikling. Go guten klarte seg bra, og vart heldigvis ikkje sparka ned denne kampen. Det er rett fole å sjå på når han blir liggjande nede i smerter. Det var så kjekt å sjå når vesle Ingrid Alexandra gav han pokalen :) Søtt!
OK. Fotballsesongen er over. Over til noko langt meir spennande: Interiør :) Kanskje vi skal inn på badet i 1.etg. i dag? Med fare for å ta vatn over hovudet, for der er ikkje nysheina... For 10 år sidan var det mykje fargar i omløp blant husbyggjarar. Vi valgte å bruke kvitt, og litt blått i første utgåve av huset. Gangen vår hadde fargen Blålin, og pyntelista i flisene har omtrent denne fargen. I vår måla vi gangen i ein Sand farge. Så no skulle eg ynskje at badet var heilt kvitt. Men bevares; eg likar no badet uansett! Badet er ikkje så stort, men rommar eit toalett, eit dusjkabinett og ein vask.
Og sjølvsagt ein av mine gamle kommodar, full av badeutstyr og handdukar.
Lillebror sin IKEA krakk er uunværleg! Vi har hatt eit strengt regime her med handvasking i alle år. No er det til og med blitt moderne etter svineinfluensaen gjorde sitt inntog. Ingen går inn, før dei har vaska hendene. Sånn er det med den saken. I vinduskarmen står avleggjarane mine av orkidè, som har fått kose seg i nokre gamle raudvinsglas med bark og jord i. Den eine er i ferd med å blomstre? :) Så søt! Mini-mini :) Skal ta bilde og leggje ut, dersom han sprett ut! Skulle ta over eit år, stod det på nettet. Men dei vart planta i sommar. Oppe på kommoden er eit arva skrin, IKEA handdukar, svarte, blanke lysestakar, og flott zinkfat frå Emmas verden. NB! Kommoden har nydeleg lykjelhol utskore av skinn!
Ynskjer meg ei høg skåp her inne, for å ha plass til endå meir. Det kunne vore kjekt med eit større bad også, men når ein skal vaske; kan det no vere greit å ikkje ha så digre areal å fare over :) Oppe på veggen tronar den vakre hylla eg fekk av pappa, som eg har vist her inne før.
Spegelen vart limt på veggen, og lagt fliser rundt. Veldig praktisk, og lett å halde rein. Men det er klart; det hadde vore kjekt med ein ny spegel snart? Men viss eg absolutt vil skifte; finn eg nok ei råd ;)
Det var eit lite besøk, på eit lite bad. Det er måndag igjen, og eg har ein følelse av at det blir fredag igjen, før eg rekk å snu meg rundt! Skal kose meg stort i novembersola no! Fotoapparatet blir med.
Ynskjer alle her inne ei retteleg god novemberveke!
♥
4 kommentarer:
Stilig bad dere har! Likte toalettet med sort ring og lokk. Vi skal pusse opp badet når vi får tid og råd til det. I første omgang blir det enkle ting der, slik at vi kan få det litt mer som vi selv ønsker det, og ikke slik det var da vi kjøpte huset.
SÅ fin do;) hihi. Fint bad!
Lurte på om vi kunne ta ein tur i morga? Skal i Ørskogbanken, og det er jo halvveis til deg. Hvis du er ledig??
Klem
Så fint det var på badet ditt og hyllen med grein er jo så fin:) Usj, badet vårt er tragisk og prøver så godt en kan å få en skikk men må nok frem med litt nødmaling tror jeg;)
Men, ikke før etter jul, ser for meg at det blir mye ekstra jobbing, pga sykdom over alt, fra feber til svineinfulensa og når en jobber med syke i utgangspunktet er det ikke lett....
Håper du får en fin fin uke, så blogges vi:)
Klem fra Eli
hei
flotte bilder nok en gang))
og fint bad! men hvor har du gjort av leker? ser ikke de noen steder... jeg føler jeg lever i en leketøybutikk,leker overalt:))
forøvring så synes jeg synd på din mor som venter på at hoftebeinet og håndleddet skal gro sammen.. blir vel litt ubehagelig å gå med hådleddet fast på hofta... he he.. vi har svineinfluensa,,hurra hurra! nattaklem fra vikersund<3
Legg inn en kommentar