.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



fredag 23. oktober 2009

På tur i gangen

I morgen er det 1.mnd. sidan eg offentleggjorde bloggen. Eg ser no at her er besøk, og det har byrja å kome meir kommentarar også. Eg sa for litt sidan til snille og inspirerande Hulda Husfrue, at eg ikkje var oppteken av kommentarar. Det var eg ikkje heller. Men eg ser kor koseleg det er når nokon tek seg tid til å skrive nokre ord. Men eg les mange bloggar, og tenkjer stadig at eg ikkje har noko nytt å tilføre? Det er eigentleg meir enn nok å lese det andre skriv? Men då er eg tilbake ved startpunktet. Eg håper at du som les dette har hatt glede av denne månaden på tur i Elin si verd, både inne og ute. Målet mitt var å lage eit innlegg kvar dag i ein månad, for å trø i gang dette prosjektet. Prøvde i juni også, men det gjekk ikkje så bra. Eg er litt i utakt med meg sjølv, etter at mamsen min havna på sjukehus på onsdag. Men eg skal prøve å fortsetje med blogginga.

Så over til dagens tema. Var veldig usikker på fotomotiv i dag, men eg havna ute i gangen. Der er litt av kvart rart der også, når eg såg meg rundt? Er litt fint å leite etter motiv, for eg har gjenoppdaga ein del ting, og sett endå bedre på detaljar, og ting eg nesten hadde oversett før.

Dette er den gamle skåpa, som ei veldig snill dame gav meg for nokre år sidan. Det viste seg at hennar foreldre, hadde kjøpt den av min farmor og farfar. Pappa huska at han var med og rodde den heim frå nabobygda! Tenk å finne noko slikt! Og denne skåpa rommar alt vi eig... I alle fall nesten. Fann forresten draumetausa og draumeprinsen knisande inni der sist veke... :) Alle har kvar si korg med div.sesongutstyr, og ellers har dei vaksne x-antal jakker på hovedstanga, og barna krokar på sida med alt for mange jakker. Under dette har vi sko, i tillegg har vi sko i skuffene under. Dette må vere den perfekte organizer! Skåpa fekk ny farge, lady 80 eggekvit, og nye handtak og lampar på toppen. Lampane er eigentleg bildebelysning, og måtte få hjelp av to spesiallaga tredingsar for å kunne fungere slik mor sjølv hadde bestemt at dei skulle. Oppe på skåpa bor det ein telefon.

Ellers har hjerta eg kjøpte til jul i fjor fått henge i vindauga. Eg elskar hjerter og englar. Dei gjev gode tankar. I hjørnet er nok ei heimelaga knaggrekkje, og nokre gamle bilder eg er glad i.

Til slutt måtte eg berre ta med korgene med lyng i, som har husa ulike blomster sidan i vår. Flottast var nok lavendelen i sommar. Men kvit lyng er også vakkert. Eg har ei slik på kvar side av inngangsdøra.

Det var litt av gangen vår. Ikkje alt :) Får spare litt til ein annan gong?

Håper alle der ute har ein flott fredag, og at helga blir god og innhaldsrik!

post signature

5 kommentarer:

Idun // Breidablikk sa...

Hei igjen Elin!
Synes du har mye å tilføye jeg! Jeg skulle øøønske jeg hadde en av dine hjemmelagede knaggrekker f eks... *stjeler idèen*

Om du klarer 1 innlegg pr dag er du flink! Jeg poster når jeg har noe å dele.. Så noen dager blir det flere innlegg, mens andre ganger blir det noen dagers opphold.. ;)

Gleder meg til å følge bloggen din videre! :)

Helgeklem fra Idun :)

Emmas Verden sa...

hei Elin :)
du har en flott blogg som jeg koser meg med å lese :) masse inspirasjon og vakre bilder..
det blir nok litt mye å ha innlegg hver dag..men kanskje når du føler for det heller..??
åh..det skapet ditt var jo kjempepraktisk OG fint..heldig med det ;)
kos deg i helga med dine kjære og nyt det deilige høstværet!!!
jeg legger nok ut på bloggen når jeg får inn lyshusene ;)
klem til deg!!!
Anne***

charm design sa...

God helg til deg også.Deilig med fredags kveld og gull rekka tv.

Anonym sa...

hei...

Haust sa...

God fredagskveld! Eg sit og surrar litt rundt i arkivet ditt og ser på dei fine bileta i bloggen din. Inspirerande!

For eit herleg skap de har i gangen! Fantastisk å ha så godt med plass til oppbevaring - og så artig historie som høyrer til skapet...

Ha ei god helg! :)