.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



fredag 5. februar 2010

Til alle eg ikkje har vore innom, eller som ikkje har blogg! :) Spesiell helsing til alle nye følgjarar som har kome til denne veka! Sjølv om eg ikkje har vore så aktiv her inne! VELDIG kjekt!



Sweets for my Sweets! :)

Hei! Her kjem veka sitt første skikkelege blogginnlegg! Eg har brukt dagane godt, og fått gjort mykje. Først må eg berre få presisere; det kunne høyres ut som om eg er ein godt befesta bokskrivar. Det er eg altså IKKJE! ;) Eg lo godt av teksten eg hadde lagt ut, når eg verkeleg tenkte over kva eg hadde sagt offentleg. Det er det som er så farleg her inne; som dei i Big Brother huset gløymer kameraene, gløymer eg alle som les alt eg skriv. Og det er nok nokre som kjenner meg, som tenkte på måndag: Åja, skal ho gi ut bok no? Det skal eg nok ikkje. Men eg har drøymt om å skrive ei bok, sidan eg var lita. No er eg godt i gang, og eg veit at der er firma på nettet, som bind inn manus. Det er det som er planen. Så har eg mi eiga bok på stova. Eg er svært oppteken av å fullføre ting no. Har vore så mykje halvferdige ting rundt meg siste åra. Eg har gjeve opp så mange prosjekt. Difor er det ekstra viktig å bli ferdig med denne boka mi. Eg har også slutta å drikke lightbrus denne veka. Eg har vore hekta i 25 år... Veit ikkje om det er håp for denne aspartambefengte kroppen min, men eg prøver. Eg har hatt skikkelege abstinensar kvar dag. Så når det har vore som verst, har eg logga meg på her inne. For eg sakna verkeleg blogginga. Eller rettare sagt alle dokke som er så hyggjelege. Eg trengde anna fokus. Men noko skikkeleg innlegg, DET har eg klart å halde meg unna. Har ikkje brukt kameraet. Det ligg litt fornærma nede i bladkorga her, og ser på meg med trist linse... "Har ho gløymt meg?" Men i dag skal det få kome til nytte igjen. Eg har teke ei oppfordring frå Hilde H, på å vise fram ein del ting eg har laga av gamle franske aviser. Til no har eg avbilda kor flotte dei ertil bordpynt, på kremmerhus og som gardiner i gangen. I dag presenterar eg ein prinsesseboks. Det er lett å skifte tema, det er berre å variere fargar på tilbehøret! Eg har limt avispapir på ein pappboks. Deretter revet opp silkepapir, og brukt blonder. Rosene har eg laga av restane av silkepapiret. Slik som ein lagar marsipanroser. Dagens tema er helg og snop, som vi kallar det. Det er lov på fredags ettermiddag. Heldigvis er ikkje borna våre så opptekne av sånt. Men lekre fargar; DET er det på godteriet! Aviser og kort kan du finne på NETTBUTIKKEN til Hilde.
Kortet på veggen og glasklokka m/kort, har eg kjøpt hos Emmas Verden :)






Sweets, for my sweets...
Ha ei fortryllande helg!


torsdag 4. februar 2010

Draumereprise, kvennhuset ved isfossen





Picnik feirer ein million medlemmar, og har fri bruk av premiumutgåva i redigeringsprogrammet sitt ut dagen! Det resulterte i ein collage av kvennhuset eg tok bilder av i midten av desember! 

Ha ein flott dag! 


onsdag 3. februar 2010

Plutseleg innom, med ein Ny award!

Eg er så ny her inne, at eg ikkje er klar over korleis dette med awardar fungerer? Eg veit at det er Hulda med bloggen Husfruas memoarer, som har laga Kreativ blogger-awarden som går rundt her inne no. I dag har eg laga min eigen, så får eg bli tilgitt, viss det er reglar for sånt, som eg ikkje kjenner! Min award skal gå til medbloggarar du setter stor pris på, og eg håpar vi kan spreie gode tankar utover det ganske land, og vidare, før Valentinsdagen 14. februar. Det følgjer ingen oppgåver med denne awarden; men eg håper du fortel mottakaren at du setter pris på henne/han.

Mine fem roser går til ElinAnita, Anette Willemine, Idun, Marianne og Astrid. Og eg kunne delt ut MAAANGE fleire. Men desse damene får i oppdrag å gje fem roser vidare.
Dei får rosene av meg, fordi dei legg ut mange gode innlegg, og dei kommenterar med gode ord, det eg prøver å formidle! OG dei har vore med meg i lang tid. Versågod! Bildet er mitt, difor står det Draumesidene nederst.
Problemer med kopieringa? Sei frå til meg.



mandag 1. februar 2010

Bloggeferie...

Kjære alle som stikk innom! DENNE VEKA (ikkje forever!) skal eg prøve å fokusere på eit skriveprosjekt eg starta på i haust. Etter at blogginga sette fart i oktober, har dette andre blitt nedprioritert. Og med ein nakke og ei høgre skulder som ikkje er så glad i tastaturbruk, vil eg no prioritere boka eg skriv på. Det kan godt hende at eg er så avhengig, at eg ikkje klarer å la vere å leggje ut noko på bloggen? ;) Eg er uansett plutseleg tilbake! Ha ei flott februarveke der ute!




søndag 31. januar 2010

Kvit søndag


Søndagen går mot kveld. I morgen er det februar! Tenk, vi er allereie ein månad nærmare vår! Og det er lysare ute både morgen og kveld. Eg kjenner energien stige. Det er godt å vere ute å supe inn frisk luft. Og den vakre månen er utruleg! Vinter er også vakkert. Skikkeleg kvite månedar, med knaking under skoene når ein gjeng. Stjerner som funklar natt etter natt. Eg som hatar regn og slaps, har hatt nokre draumemånedar. Kulden riv i nasen, og kinna er raude når ein kjem inn att i varmen.
Og følgjar nummer hundre smilte så fint i ettermiddag; Hvit Perle...
Eg har hatt ein vakker kvit søndag.






Takk til Naturglede for Kreativ Blogger Award!
Og eg har funne ut at teljaren min tel unike besøk. Takk for hjelpa!


Nyt kvelden!
Og ha ei flott februarveke!








Eg ynskjer deg ein flott søndag!
(Bildet er IKKJE fargeredigert!)



lørdag 30. januar 2010

Grå og grøn laurdag :)

Hei alle mine herlege, kjekke lesarar! (OK, det var kanskje over the top...) Men at det er kjekt å blogge, er vel ingen tvil om, når så mange er innom på ei veke! Og med åtte tusen lesarar i januar til no, føler eg meg audmjuk og glad. Men til alle som trur det er mykje; så er det altså ikkje det. Eg veit om fleire bloggar som starta opp samstundes med meg, som nærmar seg førti tusen lesarar. Eg var ikkje så veldig flink i starten til å markedsføre meg sjølv. Så tiande desember nådde eg fem tusen lesarar. Grunnen til at eg skriv dette, er alle kommentarane eg har fått, og mailar, der dette er veldig fokus på. Eg vil minne alle om at å blogge handlar om å ha det kjekt. Sjølvsagt er der moro at teljaren fyk avgarde, og ein kjenner at andre vil lese det ein skaper, men det kan fort bli stress av det også. Det kjenner eg sjølv. Så oppfordringa i dag, må bli å kose seg med tekst og bilder, og vere mindre oppteken av populariteten til bloggen din. Ein annan ting er kva slags teljar ein har. Om det er unike treff eller alle treff som blir registrert. Eg ANAR ikkje kva slags teljar eg har? Eg var berre glad eg klarte å leggje inn desse HTML sakene på rett plass. Eg kunne ingenting om noko når eg starta. Eg har lest meg til det eg kan her inne. Difor er her ikkje så mange fancy knappar du kan trykkje på, og designet er svært enkelt. Men det funkar for meg? Men hadde eg hatt her ein proff,
var det mykje eg kunne tenkt meg å ordne på!

 I dag er eg trøtt, var oppe alt for lenge i natt etter ein hektisk dag. Men alltid koseleg å ha besøk! Så eg stod midt på kjøkkengolvet og gjespa i formiddag, og såg meg rundt. Og viss nokon lurer, kom motivet på plass på fem minutt, fotograferinga tok vel 15 minutt, redigering og ferdigstilling av innlegget ein god halvtime. Så her er det ferdige produktet, gråe detaljar, med eit snev av vår... Og eg er glad for å vise nokre ting frå ein yndlingsleverandør, Walter & co. Meiner at blomane tilhøyrer krysantemumfamilen.







Håper du vart inspirert?
Nyt laurdagen! Her snøvar det igjen!






fredag 29. januar 2010

Vinterdraum del II...

Eg vil gjerne dele fleire inntrykk frå formiddagen i dag. Ein time etter bilda under her vart tatt, stoppa vaskinga mi opp igjen. Himmel og fjord skifta ham frå blåtonar til eventyrrosa... Ubeskriveleg vakkert! Sola si openbaring i fjella bak bygda mi, skapte fargespel i skyene, og ein grå draume-måse sveva over fjorden... Ser du han? Med desse bilda, vil eg ynskje alle saman ei god helg! Bruk ho fornuftig!

Eg vil også takke for ny award!
Denne gongen frå Søstrene Andersen.
 Ein blogg eg likar veldig godt.
Lille- og storesyster Andersen
byd på inspirasjon eg set stor
pris på! Absolutt verdt eit besøk! :)
Tusen Takk for gode ord begge to!


Vinterdraum...

Ein stor rund måne skein inn gjennom soveromsvinduet når eg vakna i dag. Eg har alltid vore fasinert av månen. Lyset er så magisk. Og sjølv om eg var godt i gang med husrydding, måtte eg ut i den blå timen. Kuldegradene har kome att, ned mot ti stykkjer klokka åtte.
Snøvinga har gitt seg, og alt er reint og kvitt igjen... Ein vinterdraum...




Eg ynskjer deg ein strålande fredag!