Og så treng vi nokre innlegg, utan så mykje prat!
Har kosa meg i ettermiddag! Buketten er ei visuell gåve til Gùa...
Bilde og avis kjøpt hos Hilde Heimdal
Eg var så heldig å få ein award tidlegare denne veka. Eg fekk han frå Dronning Bergfrue. Eg kjende ikkje til denne bloggen, og vart veldig glad for å få ein award frå ein for meg ukjend bloggar. Eg har ikkje lagt ut awardane mine på sida her, men eg er svært glad for å få dei! Eg er også svært glad for alle følgjarane som har lagt seg til lista mi siste vekene! Velkomne inn til meg! :) Eg er meir glad også eg i dag! For at fleire anonyme lesarar har lagt att hyggjelege meldingar til meg! Eg veit at det kan vere litt vanskeleg, og skummelt første gongane. Men; når den fyrste er skriven, brukar den neste å vere lettare! Eg sat sjølv og knota då eg oppretta ein googlekonto i fjor i juni. Eg byrja på ein blogg, utan å forstå noko som helst. Bl.a. kunne eg ikkje få til bilder inne i teksten? Eg skreiv mellom fem og ti innlegg, og var ikkje offentleg. Alt stoppa av seg sjølv. Så ut på hausten, prøvde eg igjen. 24.september sletta eg alt eg hadde skrevet i juni, og publiserte mitt fyrste innlegg. Eg ser no, utan at eg visste det, at bloggen min var fire månedar sist søndag! Når eg hadde "opptelling" til 15.000 besøkjarar. Eg veit mange andre som har langt fleire besøkjande enn meg på fire mnd. Men for meg, er dette utruleg. Og eg har bestemt meg for å glede meg over alt som er å rope hurra for! Teljaren kom på plass fjerde oktober. Og eg var deppa rett lenge. Eg la att kommentarar med gode medbloggarar, og venta på svar. Men der var allereie så mange svar på kommentarlistene hos dei eg beundra, at eg ikkje kunne forvente at nokon såg vesle meg? Men det gjorde dei. Desse rause, flinke damene. Ganske utruleg, for dei hadde meir enn nok å ta seg av frå før! Og slik har månedane gått. Eg skriv dette innlegget, for eg ser hjertesukka blant alle nye navn på kommentarlista mi. Og det er ei fryd å sjå alle som startar sin eigen blogg. Tøft gjort! Ha tolmod! Det må vere mitt beste råd. Og du må gje, for å få...
Lyst til å lese og sjå meir bilder her inne i draumeverda?
Trykk på linken "eldre innlegg" til høgre!