Regn i dag også. Og elendige lysforhald i huset. Håper at nissen kjem med den blitzen til meg!!! Eg er så bortskjemd med klarvèr og sol, at eg har nærmest abstinensar!!! Men eg forstår at andre delar av landet som har hatt gråvèr, endeleg får sjå sola... Så då får det vere greit - for denne gongen! :) Eg har prøvd å ta bilder av ei skåp som eg måla kvit no i haust. Ho har fått plass mellom tv-stolane våre, og har fått lyslenkje frå Bloomingville i anledning jula. Kjøpt hos Emmas Verden :) I ei slik skåp synes eg det meste blir fint. Har prøvd å vise litt detaljar; men som sagt; elendig lys! Oppe på toppen tronar ei kjøtkvern. Kviler så godt der oppe, og har full kontroll på kva eg styrer med her nede i stolen min. Eg er sikker på ho tenkjer; "ja, det var meir action før i tida, då folk brukte meg til jul!" ;) Jula mi er ikkje så raud. Det såg eg godt no når eg sat og redigerte bilda. Men litt raudt er der no; på dei gode polkagrisane eg fekk av Hespe!
Eg ynskjer deg ein effektiv måndagskveld!
(men ta det litt med ro også...) ;)
♥
























