.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



mandag 14. desember 2009

Juleskåpa på stova

Regn i dag også. Og elendige lysforhald i huset. Håper at nissen kjem med den blitzen til meg!!! Eg er så bortskjemd med klarvèr og sol, at eg har nærmest abstinensar!!!  Men eg forstår at andre delar av landet som har hatt gråvèr, endeleg får sjå sola... Så då får det vere greit - for denne gongen! :) Eg har prøvd å ta bilder av ei skåp som eg måla kvit no i haust. Ho har fått plass mellom tv-stolane våre, og har fått lyslenkje frå Bloomingville i anledning jula. Kjøpt hos Emmas Verden :) I ei slik skåp synes eg det meste blir fint. Har prøvd å vise litt detaljar; men som sagt; elendig lys! Oppe på toppen tronar ei kjøtkvern. Kviler så godt der oppe, og har full kontroll på kva eg styrer med her nede i stolen min. Eg er sikker på ho tenkjer; "ja, det var meir action før i tida, då folk brukte meg til jul!" ;) Jula mi er ikkje så raud. Det såg eg godt no når eg sat og redigerte bilda. Men litt raudt er der no; på dei gode polkagrisane eg fekk av Hespe!










Eg ynskjer deg ein effektiv måndagskveld!
(men ta det litt med ro også...) ;)





post signature

søndag 13. desember 2009

Juleverkstad, Lussekattar og tredje søndag i advent :)

Trettande desember kom til oss med regn. Og det er så uvanleg no, at eg liksom punkterte... Men så kom eg inn på bloggen her etter frokost, og såg at eg hadde vunne hjerte frå Drømmen om en eplehage! :) Kva i alle dagar er det som skjer? :) Eg har IKKJE vinnarlukke, så eg smiler frå øyre til øyre! Denne veka har vore prega av den eine overraskelsen etter den andre! Jul på forskot... ;) No har vi vore på juleverkstad i grendahuset. Så mange flinke born, at eg er heilt imponert! Eg melde meg friviljug til lussekattbaking; for eg er som kjent ein ræser med deig! (dette var ironi, viss nokon lurer!) Men lillebror måtte vere heime. Feberen vil ikkje sleppe taket. Han fekk seg ein lussekatt no når eg kom heim, og så reiste pappa i huset opp for å vere saman med storesyster. Ho er forresten glad for at så mange kommenterte bilda av henne! Tusen takk for alle gode ord! :) Så for å la lillebror også ta del i dagens dato; vart vi einige om at han kunne vere Lucia her heime. Og det vart ei kjekk stund.



 LUCIA kan du lese om her, wikipedia har fleire versjonar om kvifor vi feirar trettende desember. Santa Lucia leid martyrdøden, og ein liten stallgut såg drapet, og måtte bøte med livet sjølv.

Svart senker natten seg i stall og stuer. Solen har gått sin vei, skyggene truer.
Inn i vårt mørke hus stiger med tente lys Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.

Natten er mørk og stum. Med ett det suser i alle tyste rum som vinger bruser.
Se, på vår terskel står hvitkledd med lys i hår Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.

"Mørket skal flykte snartfra jordens daler." Slik hun et underfulltord til oss taler.
Dagen skal atter nystige av røde sky Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.



Tenn lys!
Tre lys skal flamme for alle som må sloss.
For rettferd og for friheit. Dei treng hjelp av oss.
Må ingen miste motet før alle folk er ett.
Tenn lys for dei som kjempar for fridom og for rett.





Ha ein fredfull kveld!






lørdag 12. desember 2009

Draumetausa mi :)

I dag skulle vi på tur til svigers. Men med ein febervarm draumeprins, vart det heimedag i staden for. Draumetausa vart veldig skuffa, for vi hadde no planlagd julekort fotosession i dag! Som den gode mor eg er (!) vart det bilder likevel. Vi reiste ned til naustet til mormor, for der står det ein gamal kjelke vi har tatt vare på. Denne måtte no vel passe inn i dag? Rimfrosten låg vakker, og det vart litt kaldt nede ved sjøen. Men foto-mamma`n hadde ingenting imot roser i kinna på jenta si! ;) Draumeprinsen har også roser i kinna, av feber. -skal vi ta bilder ein annan dag, mamma? Han var visst klar i dag han også!
Her er ein liten smakebit, av nesten hundre bilder ;)










Så får vi gjere oss klare for tredje søndag i advent!
Ha ein fin laurdagskveld!




post signature

fredag 11. desember 2009

God fredagskveld :)

Sidan eg hadde det så travelt i dag tidleg, tenkte eg at eg skulle innom og seie god fredagskveld! Takk for hyggjelege helsingar! Vi har hatt ein effektiv dag, og eg stod på til kortet mitt ikkje ville meir... :) Hi-hi... Men eg trur at alt vart huska, og alle julegåver er i boks. Så no håper eg at vi kan kose oss fram mot den store kvelden. Eg har så mykje eg har lyst til å gjere, men veit at det er smart å ta det roleg i svingane, og heller gjere ein tredel av alt som surrar av planar oppe i hovudet. Eg fann ein draum av ein kjole i dag, eg trur det var skjebna... Men han var litt liten, og fekk kome tilbake på hengaren sin inne i kjolelandet. Men eg tenkjer litt på han... Ja, eg veit eg har kjøpt meg ein kjole til jul, men denne var noko for seg sjølv. I morgen var tanken å få tatt bilder av borna. Ikkje le av meg!!! :) Jauda. Berre glis i veg! Eg tek fleire hundre bilder i veka, men har ikkje laga til julekort enno. Så det er morgendagens prosjekt. Det er mogeleg at bilda blir tekne på ein annan stad, for vi skal på besøk til svigers. Berre å pakke sekken med andre ord :) Så spørs det om nokon ser kvar vi har vore etterpå? Eg har stadig mange bilder som eg aldri får vist dokke. Desse er frå veka som har gått.





Ha ein fin kveld! :)




post signature

Innlegg nummer hundre :) Julehandel og GIVEAWAY :) Og AWARD?!

Sidan eg dreiv å skrytte av at eg hadde 100 innlegg for ei veke sida; er det fint at dagen er komen! Men her skal vi på julehandel; Mc.Dreamy er fri i dag, og Draumetausa skal få fri frå skulen klokka 10.30. Draumeprinsen skal på julebord med barnehagen i dag; det er fyrste gongen han sjølv har bedt om at eg skal finne fram finkleda :) Flott tiltak, borna skal til eit vertshus og ete og kose seg. Stivpynta, sjølvsagt! Draumetausa skal handle julegåver til oss, og skal gå åleine med mamma, og deretter med pappa. Ho har litt knapt med pengar, og lurte på om ho kunne låne litt av oss. :))) Vi skal prøve å kose oss, vi må vere heime til fire og henting i barnehagen, så effektivitet står øverst på huskelista. Vi fekk svineinfl.vaksine på onsdag, og har hatt ei vond arm alle tre. Draumeprinsen mumla om at han også hadde det, når han fekk sprøyta for ein månad sidan. Han sa aldri noko om det då ;) Lillebror ynskjer seg ting : -inne i leikebutikken, mamma! Men han fann ut at ein nattdress også hadde vore fint å få... -skal pakkane liggje ute, mamma? Draumeprinsen er litt forvirra over juletrea i hagen. Han har heldigvis storesyster på ni heile år til å forklare.

Eg vil igjen minne om GIVEAWAY her hos meg! Viss du har lyst på ei slik knaggrekkje, så trykk på linken, og legg att ein kommentar under innlegget du kjem til! :)




Ha ein FLOTT fredag alle saman!



post signature

Og sjå kva som låg og venta på meg på bloggen min i dag!




"Elin sine draumesider en en utrolig flott blogg, fra A-Å. Elin er svært dyktig med ord og er en kjempeflink fotograf. Hun har en veldig vakker og gjennomført stil, både hjemme og i bloggen sin. Hun har et stort hjerte og viser at hun bryr seg om mennesker rundt seg. Deriblant meg! Hun er utrolig flink til å gi tilbakemeldinger og ros og begynner så smått å ta imot også;)Og fordi jeg har sett henne blomstre etter at hun begynte med bloggingen! Her er awarden jeg har laget, av et bilde jeg tok hjemme hos henne."

TUSEN TAKK MARIANNE! Dette varma VELDIG!!!

torsdag 10. desember 2009

OG DESSE FÅR AWARD AV MEG:





Eg var så heldig å få ein AWARD tidlegare i dag. Eg skal sjølvsagt gje denne vidare! Eg har blitt kjend med mange flotte bloggarar siste 10 vekene. Det har vore ei lærerik tid, for eg hadde lite greie på bloggverda og HTML kodar :) Når eg skulle velje tre av alle desse kjekke damene (for det er kun damer eg kjenner?), så måtte eg tenkje litt. Valget fall på mine fyrste, faste bloggar eg fylgde i haust. Her er mine utvalde:


Denne bloggen tilhøyrer mi veldig flinke og kreative veninne Marianne! Ho var nok ein av grunnane til at eg starta min eigen blogg. Ho ufarleggjorde prosessen, og eg las bloggen hennar fast før eg sjølv starta opp. Så TAKK til Marianne! Ho er også ein veldig dyktig fotograf. Eg har ei god stund att med kameraet, før eg når hennar nivå.


Hulda var avgjerande når eg starta opp bloggen min. Eg sende ein mail til henne med spørsmål om ein lampe, og eg huskar at hjelpsomheita hennar imponerte meg! Ingeborgstova hennar inspirerte meg veldig! Hulda tek så stemningsfulle bilder inne, men også ute. Tusen takk Hulda, for di evne til å formidle stemningar, håp, hjertevarme og tru!


Nesten med det same eg starta å blogge fast, fann eg Elin. Namnet på bloggen hennar gjorde at eg måtte ta kontakt! :) Ho held ut begge bloggearmane sine, og tok meg inn i varmen. Ho fekk meg til å kjenne meg god nok, og gav meg lyst til å fortsetje dette prosjektet. For det var slik eg såg på det i starten. Ein veg inn att i kreativiteten min, etter nesten to års opphald frå arbeidslivet. Elin er fortsatt ein av dei eg synes eg veit kven er, sjølv om eg aldri har møtt henne. Stor klem til deg Elin, og TAKK for at du har eit slikt stort hjerte! 

No har eg ikkje gitt prisen tilbake til Idun, som gav han til meg... Det er IKKJE for at ho ikkje fortener han! MEN ho får noko anna i posten i staden for... ;) Du er SUPER Idun!

Og så skulle eg sjølvsagt ha hatt mange fleire awardar å dele ut! Berre siste vekene har eg oppdaga MANGE flotte bloggar, som eg kosar meg med kvar dag! Stå på jenter! :) Eg er avhengig av bloggverda no...




5000 eller Fem Tusen om du vil! :) Og AWARD! Og Nobelspris...




Hurra! I går fekk eg ein kommentar frå ein anonym lesar, som gratulerte meg med 5000 besøkjande :) Eg hadde faktisk ikkje sett det sjølv, teljaren har levd sitt eige liv denne veka. Eg som håpa på dette runde, fine talet i julegåve på bloggen! Så i dag er her FEST! Krystallkaraffelen er full av gløgg; eg er ikkje så stri på det som er sterkare! Og så har eg yndlingskakene mine i verdas flottaste skål! Festivitasen konkurrerer nesten ut Nobelprisutdelinga, men mi foregår i loftstrappa, der det vesle juletreet frå i går har fått audiens. Ikkje nok med det; eg har fått min fyrste AWARD! Det vart eg veldig glad for! Snille og flinke Idun med bloggen Idun lager et hjem, har gitt denne til meg! Hurra! Så det er også noko å feire! :) Håper mange er innom, og tek eit lekkert glas med kald gløgg, og et kokosmakronar med meg! Sender ein til Obama også, og søte Michelle. Gratulerer med fredsprisen; du har mykje å leve opp til no Herr President! Lykke til!
Love U All! :)











Kos dokke på ein torsdag i desember!




post signature

onsdag 9. desember 2009

UTFORDRING FRÅ KRISTINE! :)


Kristine med sin fine blogg Troillongens tårn, har utfordra meg til å svare på desse spørsmåla:

Skriv 3 ting du huskar, som om det var i går:
1. Når eg fekk mine nyfødde opp på bringa, veslemor i august 2000, og lillebror i august 2005.
2. Bryllupsdagen vår i juni 1999, overraskande på alle, fordi vi akkurat
hadde flytta inn i nytt hus, og hadde ikkje fortalt om planane våre til vener og kjende
3. Når eg fekk draumejobben, og skulle få vere med å pusse opp verdas finaste,
gamle fabrikkbygningar (så lenge det varte…)
Skriv 3 ting du mislikar:
1. Når eg er i dårleg humør!
2. At eg slit med helsa!
3. Jantelova!
Skriv 3 ting du likar godt:
1. Godt humør, gjerne også hos dei rundt meg!
2. Gode dagar uten smerter!
3. Familietid!
Skriv 3 bloggar du besøkjer dagleg:
Skriv 3 songar du høyrer på for tida (eg har tatt cd`ar!) :
1. Mc. Music julesamling div. artister
2. Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga
3. Donkey Boy :)
Skriv 3 tv-program du følgjer med på:
1. Lipstick Jungle
2. Home Heist
3. Waselina hjulkalender :)
Skriv 3 bloggvener du vil sende denne til:
1. Hverdagslykke
2. Lycheli
3. Magnys vesle krinkelkrok









Henting av juletre, og ynskjer for framtida...

Det vart ein god dag! Og no har eg vore og henta eit lite juletre på formiddagen. Til dokke som lurer, så har eg det enkelt med tanke på avstandar. Dagens bilder er tekne tre minutts gange frå huset vårt. Sjøen er fem minutt unna. Fjellet er fem minutt unna med bil. Så eg har ikkje så veldig mykje arbeid med å finne tema og lokalisasjon :) Men ho Elin kan no ikkje berre klippe med seg eit juletre? Til det er skogen for vakker. Så inni boblejakka i silkepapir, har eg med meg nokre av skattane mine... I løpet av eit par minutt er eg klar. Det tar ikkje lang tid... Så kjem det 43 kjappe avtrykk på Canon`en. Og heimatt ber det. Her inne finn eg tjue bilder i dag som er skarpe, med godt lys og etter min smak. Redigeringa tok ca.femten minutt. Og no sit eg her, svært glad og spent på om eg når ut til nokon i dag? Og for å skape rette stemninga i skogen ved elva, kan det vere lurt å skrive litt om korleis ein kjenner det i hjertet sitt, når bilda blir tekne...



Tussmørket under granene sveiper mildt rundt niande desember... Fukta frå elva tryllar fram skogen sin eigen pynt. Ørsmåe doggdråpar funklar vakkert på moseputa... Vatnet i elva breiar kåpa si over lyng og gras. Stille, stille finn vatnet vegen nedover skura svaberg, skapte gjennom åra som har gått...
Eg kjenner roa senkje seg. Tankane sviv avgarde til farne tider, då desse trea høgt over meg stod små og spinkle, og venta på jul... Tidene kjem, og tidene går. Ynskjelista mi er enkel i dag. Eg håper at borna våre kan sitje slik ved elvar i framtida, og glede seg over funklande doggdråpar og førjulstid...











Med ynskje om ein fin onsdag til alle dokke gode bloggvener!






post signature

Tankar i desembernatta...

Eg er eit nattmenneske. Skulle gjerne vore det motsatte; men slik er det ikkje... Og i desse stille timane medan alle dei andre i huset søv, og eg ventar på at tørketrommelen skal stoppe, så har eg ei fredfull stund. Eg har sett over bilda frå turen min i fjørå i går, og der er mange fine som eg ikkje har vist. Så her kjem ei lita natthelsing, viss der er fleire som er oppe no når ein egentlig skal sove... Kanskje nokon er på jobb? Eg skal i alle fall liste meg stillt på tå, og krype opp i senga mi no. Og drøyme om bølgeskvulp, kromkaker og morgendagens eventyr. Eg veit at det sikkert blir nok av ting som er både inspirerande og givande ein onsdag i desember :) Takk for at du kikar innom!