.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



tirsdag 15. desember 2009

Nattleg julepynt...

I går kveld livna det i lundar; eg fekk ånda. Etter klokka elleve løsna det skikkeleg; og eg laga julepynt. Var sikker på at eg enten hadde sett desse søte sakene hos Maliva eller Hespe? Men fann dei ikkje igjen. Derimot fann eg eit innlegg av Hildegunn som eg ikkje hadde sett før. Då var klokka tolv, og alle i nabolaget såg ut til å ha gått til ro. Korleis skulle eg få ei sandkakeform flat då? Såg at Hildegunn også hadde bråka med hammar seint på kveld ;) Eg brukte ei tang, og banka berre litt til slutt, på matta ute i hagestova. Har ikkje fått klager, så eg reknar med at ingen vakna! :) Eg veit ikkje korleis ein skal feste saman desse papirtinga, men det heng då ihop! Synes pynten vart vakker, og nostalgisk. Var heldig å få ei tysk gramatikkbok frå 1909 i går. Det var starten på heile prosjektet... No skal eg inn på aldersheimen og lese på julefesten for dei som bur der. Har funne fram ein artikkel eg laga i 1994, der mormora mi på 90 år fortel om si jul på byrjinga av 1900-talet. Julepynten har sett meg i den rette stemninga, og eg er klar for ei tidsreise!











Spør ein eldre slektning eller bekjent om jula før i tida, viss du skulle trenge litt inspirasjon og kjensle av høgtid...




post signature

6 kommentarer:

Marianne With Nor sa...

Kjempefin julepynt -du er jammen dyktig!!! Og vakre bilder, som vanlig.

Eg får besøk på torsdag, så då kan eg ikkje. Må bli fredag då i så fall... men vi ser litt an!

Klemmer

Idun // Breidablikk sa...

Så lurt!! og fiine!
Eg fekk tilbodd om å ta over ei heil boks med sandkakeformer etter pappa når eg tilsto at eg hadde tatt med to heim og satt telys i dei ;) Han bakar - men ikkje sandkaker.. Kanskje eg skal hente dei og kakke dei flate? ;) hihi

*god klem*

Refleksjon på livsvegen sa...

Så herleg sjå innom sida di...
Gir slik ro og inspirasjon...

Vakkert det du lagar ;-)
Og så bra at du brukar tid på dei eldre...

beate sa...

Vakker julepynt Elin!

så koselig at du besøker de gamle! er sikker på at de setter pris på det!

ønsker deg en fin kveld
klem Beate

Karin sa...

Ååååhhhh så fine de var da. Kjempearti med noe som er litt annerledes. Å det hjelper jo at bilda du tar er rene kunstverk å da :-) Syns dere fortjener snø til jul jeg,kommer det hit skal jeg blåse det ned til deg.Ha en fin uke du også. Klem

lisje astrid's husblogg sa...

Du er så utrulig flink!!
Kor lekkert det blei da:)
Å bilda dine...Blir berre setande å sjå..å sjå;);)
NYDELIG!
Er sååå glad for å "møtt" deg:)
Kos å lese til dei eldre da:)
Klem til deg:)