.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



torsdag 8. april 2010

Karius og baktus, discomusikk, ein Tolix stol og eit øydelagd rom...



FERDIG! Eller det vil seie, eg må tilbake og ta hol nummer to i starten av mai... Men eg bønnfall tannlegen om masse bedøvelse, tok på MP3`en med treningsmusikken min, og skrudde opp på full guffe. Så der låg eg då, slevande med att auger, og kjempelukkeleg fordi eg ikkje kjende noko vondt... Min snille tannlege lovde meg like mykje bedøvelse neste gong, så då er eg igrunnen klar? Skal prøve å ikkje grue meg neste gong. Akkurat no har nok Karius og Baktus eit innredningsproblem, sidan eine rommet deira vart fyllt att... Blir nesten lei meg av å tenkje på dei to stakkarane. Snakke meg om ivrige husbyggjarar! No står dei kanskje sorgtunge med ein vakker Tolix-stol i eine handa, ei revet liftgardin i den andre, og ser restane av Billy bokhyllene henge på utsida av hjørnetanna mi... Det verste er at det var ei av desse fine tennene med utsikt tannlegen reparerte... Dei spurtar nok sporenstrex avgarde etter hammar og meisel??? ;)



Tusen takk for alle gode helsingar! :)



Dørmatter frå Bloomingville :)


No håpar eg at eg imponerer fleire enn meg sjølv... Eg sitt her rimeleg nervøs for tannlegebesøk klokka ti. Mitt første på fire år... Eg var ikkje klar over at det var så lenge sidan. Eg skulle bli automatisk innkalla etter to-tre år var avtalen. Men så svikta datalistene hos tannlegen. Og ho Elin berre venta... Håper og trur at ting er som det skal. Men nervane er ikkje heilt under kontroll... Så då BLOGGAR eg om mine nye dørmatter, for å døyve angsten. Det hjelper litt? Og så tenkjer eg, at neste gong eg åpnar bloggen, er eg ferdig med dette besøket. Så eg gleder meg VELDIG til i ettermiddag!






Fullførte ikkje det ordtaket eg starta på i midterste bilde... Det tek vi heller att i morgen... ;)


Ha ein fin dag!



onsdag 7. april 2010

Kveldssol i skoddehavet...






Vi må visst vente til i morgen, for å få solnedgangen vår! Men ein kan
sjå at sola har kome utom fjellet! Bildet er tatt i kveld litt før halv ni.
Og dei vakre fargane... Ubeskriveleg! :)

No er det vår folkens!!!



Premie og 2 pokalar på ein dag!!! :)




I alle dagar... Først fann eg pakke i postkassa frå Idun. Eg har visst vunne hennar påske-giveaway?
4 nydelege eggeglas og ein flott gryteklut i kvitt og gult! Tusen Takk Idun! :) Og så finn eg to awardar her inne når eg kjem inn i draumeverda mi :) Tusen takk Anita og Kirsti!!! I dag visste dokke nok at eg trengde noko å smile for! Kjempekoseleg alt saman! Med awardane følgjer det ei oppmoding om å fortelje sju ting om seg sjølv. OK. Har gjort det før. Huskar ikkje heilt kva eg skreiv då? Her er fem om meg :)




1. Eg er nok litt hyper?
2. Eg er ei merkeleg blanding av surrehovud og perfeksjonist?
3. Eg skulle ynskje at eg kunne livnært meg som forfattar...
4. Men ved nærmare ettertanke hadde eg nok blitt sprø av det også...
5. Eg går mellom fem kilometer og ei mil fleire gongar i veka,
og kjenner at energien finns inni meg, dersom eg tenkjer positivt...

Siste månaden har eg ikkje klart å skape som eg vil her inne på bloggen. Der er mange årsaker til det. Tankane mine har vore andre stadar. Sånn er det av og til i livet. Men eg har ikkje bloggtørke, dersom nokon lurer. Eg har sett på blogginga som ein skjønn måte å leve ut draumar og fantasiar på. Eg har elska å ta alle bilda eg har delt med dokke. Likevel har eg vurdert å slette bloggen. Musikken er borte. Men kanskje er eg tilbake snart. Eg veit ikkje. Tusen takk til alle dokke som trufast les og kommenterar, trass i at ho som skulle glede dokke, ikkje har energi til det... Og ikkje rekk rundt til alle gode vener her inne. Setter UTRULEG stor pris på dokke alle! Og så forstår eg at stadig fleire som kjenner meg her i nærområdet, har funne fram til meg. Veldig kjekt at du smiler til meg på butikken, eller i barnehagen, og fortel at du set pris på bilda mine :) Eg er ikkje så god på å ta i mot skryt. Men eg blir glad... Bloggen har også opna opp dører mot verda, og jobbtilbod. Dette er eg også veldig takksam for. Eg oppfordrar andre til å leve ut draumane sine her inne, ein veit aldri kven som les om dei, eller kva tilbod som kan dukke opp. Neste skrittet for meg er å seie ja til intervju, å bli offisiell. Men eg har takka nei til no. Eg vil berre vere vesle meg.
Elin med alle draumane, og med alle gode, nye vener her inne.
 LOVE U ALL! :) 

Eg gjev awarden til den som vil ha han, og det er SÅ mange som fortener han her inne!
Reglar finn dokke inne hos Anita og Kirsti!


Ha ein fortsatt fin onsdag!


mandag 5. april 2010

Snart klart for åpning av hagestova! :)


Så var påska over, og eg har nesten ikkje vore innom vår alles kjære bloggverd. Litt merkeleg, men på mange måtar godt også. Vi har hatt flotte dagar her på Nordvestlandet,  påskefargen er på plass, og jammen har eg fått nokre fregner også :) Snøven smeltar i full fart, vi spar og spar kvar dag, for å hjelpe til i prosessen. Eg har til og med måka i hagen, for eg er så lei av å ikkje kunne gå rundt huset. Men meldingane er endeleg gode, med langt høgare temperaturar enn vi har vore vane med. HELDIGVIS! I dag fann eg årets første kvitveis, og det er alltid eit kjempegodt vårteikn. Mamma fekk buketten; ho får alltid dei første blomane eg finn. Sånn har det vore i over tretti år ;) Skal forevige dei i morgen, ingenting er som kvitveis! Gleder meg stort til å rulle meg i kvitveisenga, og snuuuse inn den herlege lukta! Du får nok vere med på denne første turen i år her inne på bloggen. Eg nærmer meg tretti tusen lesarar. Har som vanleg eit lite HURRA-rop klart, og kjem til å gje vekk noko heimelaga når talet er der. Berre å kike innom av og til, og bli med på moroa. Bilda i dag er frå hagestova vår. No er det snart på tide å skru ned vinterflakane, og spenne opp seilduken i staden for. Og rydde. Det er liksom det mest morosame. Og så har eg eit håp om at dette rommet skal bli ferdig i løpet av våren. Ting Tek Tid av og til, og hagestova har vore eit langtidsprosjekt.






Ynskjer alle ein flott kveld, og ei fin fin aprilveke!



søndag 4. april 2010

Påskebord











torsdag 1. april 2010

Ein bukett roser på 1.april! :)










Ein bukett roser til dokke på første april! :)


onsdag 31. mars 2010

Rosa påske :)


Her er det blitt rosa påske :) Og overskapet er på plass. Det har kvilt seg i kjellaren nokre år. Det beste av alt er at skåpa eg ikkje burde åpne dørene på, er nyrydda :) Herleg! Og god plass. Sitronar på kjøkkenbordet er nok det gulaste i huset akkurat no. Men rosa tulipanar og roser er ikkje så verst det heller :) Mine nye middagstallerkenar står stolte og ventar på å bli brukte. Åtte stykkjer på bruktbutikk for hundre kroner. Har plass til meir flott porselen no, så eg skal nok på ny skattejakt over påske :)







Ha ei flott påske vidare!



tirsdag 30. mars 2010

Nesten kveldssol...


Om humøret er dårleg, og forma hanglar, om du har hatt ein deppedag, og om livet synes som ein evig oppoverbakke... Her er kuren min, NYT! :



Takk for alle vakre ord og helsingar! Dokke er meir som ein vakker solnedgang heile gjengen :)

Ha ein flott kveld, og ein fin fin onsdag!


mandag 29. mars 2010

Påskeklem frå storesyster og lillebror! :)


Kjære alle som kikar innom! Tusen takk for alle fine påskehelsingar! Skal prøve å få tatt nokre rundar rundt om her inne i løpet av veka. Vi har akkurat kome att frå hotellopphald, fattige på søvn, men med fulle magar... Har nokre prosjekt på gang, men veit ikkje om eg har energi til å få ferdig noko som helst før etter påske? Fekk flott pakke i posten i dag. Linstoff med trykk frå Franciska med bloggen Franciskas vakre verden. Ein blogg eg har blitt veldig glad i på kort tid. Franciska arbeider for diverse interiørblad, og er fantastisk flink å ta stemningsfulle og flotte bilder! Ein stor inspirasjon! Anbefaler deg eit besøk dit! :) Det blir nok difor litt sying og div. aktivitetar dei neste dagane? Så lenge vil eg ynskje alle lesarar ei flott påske; eg har sjekka yr.no, pent.no og storm.no før i dag, og kryssar fingrane for at storm.no har rett denne gongen! DÅ er det håp om sol og påskefregner! Akkurat no lavar snøven ned her, er vel fem cm med nysnøv... SUKK!!!




Fortsatt God Påske!