.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



onsdag 24. februar 2010

Bloggen fyller fem månedar! :)

Gratulerer kjære blogg! Du fyller fem månedar i dag! Tusen takk for at eg laga deg, og at du har gitt meg så mykje glede! Tusen takk for alle flotte menneske eg har blitt kjend med, og alle gode ord eg har fått gjennom deg! Føler at det er eit slags teikn at eg måtte tilbake til det gamle programmet for å få laga dette innlegget, for eg HATAR det! Og det minner meg om alt kavet eg hadde for akkurat fem månedar sidan... :) Gir herved opp å få lagt ut dei andre bilda eg har ordna i dag! Kjem tilbake når ting har roa seg her inne!
Og til alle mine lesarar: TUSEN TAKK for at dokke deler med meg her inne i draumeverda mi!
GOD KLEM FRÅ ELIN :)

tirsdag 23. februar 2010

Draumetaus og påske egg i vintersol

                                                      
Eg kjenner sola varme, høyrer bølgjene slå... Kjenner stikk av vår mot panna, merkar minna om denne årstida er sterke sjølv om dei vart til for lenge sidan...

Glitrande snøv gjer synet slørete, men eg skimtar framtida gjennom smale auger. Der er lyst, og fint. Visjonar om lukke og kjærleik får meg til å danse framover februardagane, i lengsel mot varmare tider.

Vil du danse saman med meg?



















mandag 22. februar 2010

Sykkelen ved fjorden






Av og til lurer eg på om idèane mine skal ta slutt? At det kreative ikkje vil vere med på leiken meir? Om dagane blir tunge, og eg ikkje orkar å blogge... Heldigvis er det ikkje slik. Men kanskje lurer du på akkurat det, når eg ikkje legg ut innlegg kvar dag? Eg skal bli flinkare å ta pausar, å ikkje måtte leggje ut noko nytt, sjølv om det aldri er eit problem. Ein kan nok bli hekta på dette, som så mykje anna? Denne veka skal eg og draumetausa kose oss og ha vinterferie. Så kjem eg innom av og til. Legg ved eit nytt bilete av sykkelen ved fjorden. Trur eg skal lage til eit lerret med dette motivet?

Ynskjer dokke alle ei flott veke!



søndag 21. februar 2010

Vinter for seksti år sidan...


I dag reiser vi tilbake i tid... Til den tida mamma og pappa var unge, og var på fjellet og kosa seg. Eg elskar desse bilda av dei, det strålar lukke og forelskelse lang veg :) Årstalet er ca. 1953.
Men tenk, bilda merkte med Draumesidene nederst, er frå i ettermiddag :) Heldige meg har fått kose meg i solveggen, og ete appelsine og KvikkLunsj... Og drøymt om gamle dagar...











Ha ein fin søndagskveld, og takk for uendeleg mange gode ord angåande innlegget under!
Alle er lagra i hjertet mitt!


lørdag 20. februar 2010

Vinterferie ved sjøen...

Av og til må eg overraske meg sjølv. Gjere noko uventa, for å få fart på blodomløp og kreativitet. I dag er ein slik dag. Det å gjere ting, du har tenkt på, men ikkje gjort... Det vart ein kald halvtime. Med ein handfull minusgrader og kostande austavind langs fjorden, vart fingrane heilt vekkfrosne. Men du verden; for ei oppleving! :) Håper du også kjenner vinden, høyrer bølgeskvulp og merkar den salte sjølufta! Herleg! Dette er ein av grunnane til å bu på ein plass ingen skulle tru...








Ha ein flott laurdag!




fredag 19. februar 2010

I`m alive :)

Det er jammen hardt å vere utan pc ;) I går ettermiddag takka han for seg igjen. Fullstendig. Og kom ikkje på att før klokka halv ti i kveld. No ser det ut til at alt er OK? Eg har verkeleg sakna alle gode bloggedamer i dag :) Men husvasken gjekk unna ekstra fort, og lang gåtur og tusen småærend har fyllt dagen min. Vi har fantastisk vintervèr, men det er kaldt! Eg har blitt van med det, og kroppen kranglar ikkje. Eg har fått eit gamaldags "strykehjern" i hende. Denne fjøla med handtak vart brukt til å glatte dukar og klede. Ho er nok eit par hundre år gamal. Og etter lang og tru teneste, og ein ferie på 60-70 år, er ho så heldig å få kome opp på veggen her i huset. Og sjølvsagt har ho vore fotomodell i dag i det vakre solskinet :) 





Ha ei flott helg!


torsdag 18. februar 2010

Reir av lerk og franske aviser


I dag vakna eg med inspirasjon. Noko av det beste eg veit. Må innrømme at eg har vore litt tørr i toppen siste veka. Men etter tolv i natt, kom det ein idè rekande på ei fjøl. Sånn som det heldigvis gjer av og til. I dag har eg kosa meg. Eg har bygd reir. Og slik som mine fuglevener, brukte eg ulike materialer. Lerkegreiner er eg veldig glad i, og brukar dei året rundt. Heldigvis har eg eit stort lager på vår vinterstengde hagestove. Fuglane fletter strå og gras rundt kvistane sine. Men ho Elin brukar gamle sider frå ei bok... Hilde Heimdal har det meste ei opprådd interiørdame treng for å bli glad :) Egga er kledde med franske avissider, og har fått magebelte av eit vakkert band med skrifta "amor vincit omnia" frå Panduro. Nokre små perler fekk lov å bli sydd på også. Der er ekte egg inni, viss nokon lurer :) I denne stunda av skapelse, vart eine kommoden på stova ominreidd med pynteting. No er temaet vår... Synes du det er for tidleg å lage påskepynt kanskje? Du får ta det ved anledning! Her i huset blir ting til, når inspirasjonen er der! ;)







Ynskjer alle ein fortreffeleg torsdag!



onsdag 17. februar 2010

Tillegg...


Hei alle gode! Tusen takk for alle helsingar til storebror! Han er glad for all omtanken frå kjekke blogginer (som han har døypt oss...) Han lurte imidlertid på kva som står på telefonen? Og eg min luring har gløymt å leggje ut bilde av sjølve "medaljongen" på framsida! Så her er den! Vakker og fargerik! :)



See you soon :)


I just call to say I love you...

I dag har storebroren min bursdag, og eg trur han er ganske oppdatert på kva som skjer her inne? ;) Eg vil ynskje alt det beste for dagen og framtida! Og bilda i dag er av ein telefon han lånte meg for nokre år sidan. Eg passar godt på skatten! Vakre detaljar, og imponerande design!
 Ein god klem sendast herved i retning Oslo! :)





Ha ein fin dag alle dokke andre også!


Hjelp til nye bloggarar! :)


Hei!
I dag vil eg prøve å hjelpe litt til! Får innimellom spørsmål om lay out på sida mi. Og eg er IKKJE den rette til å spørje om slikt. Eg har brukt blod sveitte og tårer metoden sjølv. Hadde null peiling i september... Men her er i alle fall nokre tips som ikkje er så vanskelege.

Viss du brukar Blogger, er der mange widgets inne på sida der du bestemmer utsjånaden til bloggen din, UTFORMING.  Trykk på : legg til widget. Her kan du bla deg nedover og finne ulike valg. Det som er fint, er at widgeten legg seg direkte på plass. Du slepp å lime inn HTML kodar. Du kan bla deg nedover, og finn beskrevet dei ulike funksjonane. Det kan vere etikettar som viser kva innlegga dine handlar om. Viss dette skal fungere, må du alltid huske å skrive dette under nye innlegg der ei rute viser :Etiketter:. Kjempeenkelt! Du vel sjølv kva du vil kalle dei ulike temaene dine for.

Du kan også lage deg bloggrollar, som viser kva bloggar du følgjer, eller lister over yndlingsnettstadar osv. Dei fleste har allereie lagt inn bilder, og då kan dei å bruke denne reiskapen. 

Viss du dristar deg ut i den store vide verda for å hente HTML kodar, skal desse limast inn under widgeten med same navn. Eg fekk enormt med hjelp frå skjønne Jorid med bloggen Noe på hjertet. Ho berga meg frå desperat sletting av alt eg kava med. Viss du trykkjer på
linken i setninga over, kjem du rett til hennar designhjelp.

Det neste eg har fått spørsmål om, er header. Eg har laga mine i Picnik og Photoscape. Førstnevnte eit enkelt og greit redigeringsprogram, der du kan velgje mellom ei rekkje funksjonar. Du registrerar deg, men det er gratis. Ein kan abbonere på heile programmet, men du har meir enn nok funksjonar gratis. Du går inn på COLLAGE på startsida. Her kan du laste opp inntil 5 bilder i gongen. Desse hentar du frå tidlegare lagra filer. Eg brukar alltid mine eigne bilder, men dette bestemmer du sjølv. Så velger du eit utseende på bildepresentasjonen til venstre. F.eks. 3 bilder på rad. Så fører du dine eigne bilder over til dei tomme rutene. Når du er fornøgd, trykkjer du på DONE. Her kan du redigere bilda dine med EDIT og CREATE knappen. Her vil eg anbefale at du berre leikar deg fram til ynskja resultat. Trykk og lær! Du har ganske mange funksjonar som ligg og ventar på deg! Alt frå skarpheit og fargeglød, til tekstval og rammer.  Under størrelse, ligg mine headarar på 1070 i breidde. Dette kan du forandre under knappen EDIT og REZIZE.

Når du er ferdig, trykkjer du på SAVE & SHARE, og finn eit navn på collagen. Dette legg du i ei fil du brukar til bilder. Min header ligg øverst på sida eg fortalde om før,UTFORMING. Her kan du fjerne ei eventuell overskrift, og ha collagen med bilder og tekst i staden for. Trykk på  "I stedet for tittel og beskrivelse"

Viss du vil ha signatur under innlegga dine, finn du dette og mykje meir inne hos Jorid.

Kanskje dette var meir forvirrande enn oppklarande? ;)
Eg synes nesten det er skummelt å gje råd, sidan eg kan så lite sjølv.
Men eg håper at nokon kan ha nytte av dette?