.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



onsdag 17. februar 2010

Tusen takk! :)


Eg vil berre få takke for awardane eg har fått i det siste! Kjempekoseleg! :) Og sjølv om eg har fortalt om meg sjølv ein gong før, tek eg nokre punkt til :) Fekk denne av Anja-Elin med bloggen Vakre augeblikk
Tusen takk!

Eg har trena meir siste åra, enn nokon gong før i livet
Eg er AVHENGIG av å kunne gå mykje, gjerne i fjellet
Eg har eit mål om å bestige ein spesiell fjelltopp i 2010
Eg er på veg ut att i arbeid etter to år som sjukmeld

Og så fekk eg denne med Marianne med bloggen Hverdagslykke
Tusen takk!
 

10 ting som gjer meg glad:

♥ Borna mine
♥Å få vere frisk
♥Å få gå tur saman med min kjære
♥Å ha det kjekt saman med vener
♥Å vere kreativ
♥Å ha ei god skriveøkt
♥Å gjere andre glade
♥Å halde på med nye prosjekt i og utanfor huset vårt
♥Å grave i molda, plante og luke
♥Vakre solnedgangar

Og så har eg klart noko så grusomt som å gløyme kven eg fekk den tredje med? Uff. Beklager!!! Sånn er det når ein har rot i sysakene! Minn meg gjerne på det dersom du les dette! Har leita i kommentarane, men kan sjølvsagt ikkje finne deg!


Eg vil gje desse awardane til dei som strevar så veldig med å kome i gang med blogginga si! Det er ikkje enkelt!!! Frustrerande rett og slett. Eg vil prøve å hjelpe til litt i løpet av dei neste dagane. Kjem tilbake med eit innlegg om dette.

 



tirsdag 16. februar 2010

mandag 15. februar 2010

Avispapirdesign à la draumesidene...











To be continued...


Inspirasjon frå Hilde Heimdal :)


Eg har ikkje tid å skrive noko gjennomtenkt innlegg i dag; for sjå kva eg fann i postkassa i går kveld! :)
Hadde gløymt å hente posten på laurdag, og for nokre skattar som låg der og venta!
Pakken frå Hilde Heimdal avslørte det eine underet etter det andre... Og no skal eg bruke alt til å lage vakre ting. Gleder meg som ein unge! Men akkurat no ligg innhaldet ute på kassene i gangen, og er berre nydeleg... Dersom du ikkje er typen som likar å klippe og lime, vil eg likevel anbefale dette som enkel og vakker pynt! Berre sjå kor fint det er! :)




Ha ein alldeles herleg måndag!
Her er det sol, fuglesang  og blå himmel!



søndag 14. februar 2010

Innlegg nr.200 :)

Hei! Håper alle har hatt ein fin dag! Mange grunnar til å feire, og då har vel fleire teke del i festivitasen også? Her byrja morsdagen klokka halv eitt i natt, med att lillebror byrja å kaste opp. Eg som var heime åleine, vart liten grand stressa. All ære til mammaer og pappaer rundt om som ordner opp på eiga hand! Men heldigvis var lillemann veldig flink, og vi kom oss gjennom natta på godkjent vis. Eg fekk flotte morsdagskort frå dei to håpefulle på morgonkvisten, sjølv om lillebror stod der ein smule bleik om nebbet... I dag har det gått i vasking og desinfisering av bad, og klesvask. Mc.Dreamy kom att ut på ettermiddagen, til ei litt betutta Elin, smal i augene og med kledeleg blå ringar under augene. (Har blåe auger, og då matcha vel fargen?) Men: så fekk eg meg kvit hortensia og siste cd`en til Rihanna. Takk og pris for søndagsåpent på Plantasjen! Mi supersnille mamma gav oss god middag. Og etter å ha gått meg ein laaang tur, ja så er eg god som ny igjen :) Bolleeting og slikt, trur eg vi må ta igjen. Lillebror har fått leve på Mariekjeks og Polarbrød utover dagen. Så blir det spennande å sjå om vi andre slepp unna? Vi er optimistiske, til det motsatte er bevist... ;) Han kom akkurat og sa til meg at han trudde han var så sjuk at han måtte vere heime i morgon frå barnehagen ;) Hi-hi!



Eg oppdaga at dette er innlegg nr.200 :) Passande dag å feire det på!
Ha ein fin søndagskveld! No nærmer vi oss mars med stormskritt!



Woman...







lørdag 13. februar 2010

Ein ekte bloggar?

Det byrjar å nærme seg fem månedar sidan eg starta denne bloggen. Mykje har skjedd sidan slutten av september, og eg har lært veldig mykje om både blogging, og kommunikasjon. Og om å markedsføre seg sjølv. Mange bloggar kun for sin eigen del, altså utan å vere så opptekne av antal besøkjarar og kommentarar. Så har du oss andre, som har lyst å nå ut. Har lyst til å dele. Har lyst å inspirere andre. Veldig lyst. Men har eg blitt ein ekte bloggar no? Eller er det enno noko som manglar? Eg har ikkje Tilda stuff i heimen, ikkje Greengate heller. Men eg har fire zinkhus ;) så det skapar kanskje ein slags balanse? Eg har heller ikkje hatt eit "Keep calm and carry on skilt", før i går. Eg laga det sjølv altså! ;)
Men blir ein oppteken av å ha det andre har, eller blir ein inspirert av andre til å skape nye detaljar; og så blir det ofte til at ein velger ting ein har sett her inne? Eg er ikkje sikker sjølv? Såg at NIB tok opp problematikken med kopiering. Eg er veldig redd for å bli ein copycat. Ubevisst. Eg har sidan barndomen valgt annaleis enn alle rundt meg. Og det er noko eg håper å kunne fortsetje med? Ikkje på død og liv skulle ha akkurat det alle andre har... Men så ser eg ein ting eg berre synes er så fantastisk, og så har eg SÅÅÅ lyst på akkurat dette... Når eg starta opp, skulle eg forklare stilen i huset her. Og der kom eg til kort... Har lært no at eg nok er inspirert av det franske, med ein touch av factory, men likevel godt blanda med den norske landstilen... ??? Forstå det den som vil. Min interiørveg vidare er i alle fall litt klarare etter fem månedar med blogging. Og eg veit at eg kjem til å sjå tilbake på desse månedane med takksemd. Same kva familemedlemmar og samfunnet ellers meinar. Eg har gjort eit val, og eg er stolt av å ha kome med ein fot ut av bloggeskåpa. Der sat eg frå juni til slutten av september 09. Jantelova tilseier vel at ein ikkje skal tru at ein er noko. Og det er lett å få det stempelet, i alle fall her inne i grisgrendte fjordstrøk. Men det får eg ta sjansen på. Det er veldig misforstått, viss nokon trur ein bloggar for å vise at ein har det finare enn andre, eller kan meir enn andre.... Den som kjenner kreativiteten sprengje på, og samstundes er glad i å dele tankar og idèar, veit nok kva eg meiner? Eg trur nok ikkje eg er åleine om å ha desse tankane? Det har vore godt å vere så å seie anonym her inne. Å kunne vise og skrive, utan at kjende kritikarar frå mitt tidlegare liv sat og leste korrektur med argusauger... Men no er eg i ferd med å verkeleg dette ut av denne store skåpa, og ut i sollyset, der både skrivefeil, uttalelsar og intime interiørdetaljar blir avslørt... Men eg vonar verda vil ta godt imot meg? For eg er berre meg... Berre Elin med alle feil og manglar. Berre ei jente som er glad i livet, i medmenneskje, og som meiner det ho skriv til alle dokke andre. Elin med hjertet større enn vetet til tider... Eg veit... Eg har aldri kjend meg så heime nokon gong før i eit samfunn, som her inne. Så viss eg skulle slutte å blogge, er det i alle fall ikkje på grunn av mistrivsel i bloggverda. Eg er alle stor takk skuldig, for å få lov å dele med eit så flott publikum! Unik oppleving. Utan tvil. Berre gode ord. Og på grunn av dette siste, kjenner eg meg som ein ekte bloggar... ;)


 Keep calm and carry on!
 Ha ein fin dag i morgon!

I LOVE LEMON...

No er det andre helga mi utan lettbrusen. Er ganske stolt av å ha kutta ut noko så usunt. Noko som eg trudde eg måtte ha for å kunne kose meg, og belønne meg sjølv. Abstinensane er svakare. Kjem når eg snakkar i telefonen! Tydeleg at eg brukte å slå meg i eit glas då? Visste det ikkje... Og så sparer eg pengar. Mykje pengar. Det vil seie; eg har kjøpt meg nokre flasker Farris. Saknar kolsyra også. Men den store helten min no, er karaffelen med sitronvatn. Vi har to frå eva solo. Likar best den med tett lokk på. PRAKTISK! Og så synes eg at dei er vakre. Akkurat som sitronane eg har i skåler på kjøkkenet. Lyser så fint opp. Eg brukar den gamle pressa til å få ut safta, og har ein sitron i ein liter vatn. Eller så skjer eg opp skiver. Karaflane står i kjøleskapet, og eg drikk ca. 2 liter sitronvatn for dag. I tillegg drikk eg reint vatn. Eg må innrømme at det var eit innlegg inne hos Anetteshus som gjorde utslaget. Eg visste at der var mykje skadeleg i brusen, men ho skreiv om folk som hadde slutta, og følte lette etterpå. Eg bestemde meg der og då. Anette har mange gode råd, og eg følgjer med på hennar sunne tips måndagane! Anbefalast! Og så legg ho tullå her inn eit sunnheitstips på ein LAURDAG!? ;) Ikkje meininga å øydeleggje kosen! Ein bør drikke og ete alt med måte! Men for min del var det best å slutte med akkurat dette. 25 år er nok... Og så er eg redd forbruket skal auke raskt igjen viss eg prøvar meg på måtehald. MEN: grunnen til innlegget, er sjølvsagt dagens bilder! Ein må no berre nyte den flotte gulfargen!?






Have a lovely LAURDAG!


fredag 12. februar 2010

Rundtur i heimen :)

Hei! Her har det vore stille i dag... Pc`en kom med eit virusvarsel i går ettermiddag. Eg køyrde eit program for å ordne opp, men sjølv om alt såg ut til å vere i orden, kom det stadig opp nye feilmeldingar. Så i dag måtte min gode pc til spesialist. Heldigvis har min kjære ein kollega som kan mykje om slikt, og han har styra og stella for å ordne opp. Alt skal vere OK. Det var det nok i går også, men feilmeldinga har hengt seg opp, og vil vere her til neste oppdatering. MEN: eg ville ikkje risikere å gjere noko gale,og har difor ikkje fått vore innom alle dokke snille som legg att kommentarar! Så TUSEN TAKK! :) Helgavasken var ikkje den same uten musikken min, bloggepausane og alle smila som vanlegvis sprett opp i løpet av dagen. Men FOTOAPPARATET svikta ikkje! I dag har eg rett og slett gått ein tur rundt i hovedetasjen og tatt bilder. Har måla eit strøk til på utgangsdøra, og må nok ha endå eitt. Men FOR ein forskjell!
Og så lurer eg så veldig på; kvifor har eg ikkje gjort dette før???  






Fredagskvelden er her! Eg ynskjer dokke
alle ei velsigna god helg! :)